Folkorg logo
Folkorg logo

FolkOrg er uroa for framtida til musikk og dans i vidaregåande opplæring

Suigard - Sunniva Langås-Røiland Vegard Hosarøygard. Foto: Osafestivalen/Knut Utler

FolkOrg meiner at alle elevar i vidaregåande opplæring bør få møte praktisk-estetiske fag. Samtidig er vi svært uroa for forslaget om å slå saman dagens musikk, dans og drama med kunst, design og arkitektur til ei ny, brei retning kalla «Estetiske fag». I vårt innspel til Utdanningsdirektoratet understrekar vi at framtidas vidaregåande opplæring både må sikre praktisk og skapande læring for alle og god fagleg fordjuping for dei som ønskjer å satse på musikk og dans.

Tekst: Aslak Brimi

Utdanningsdirektoratet arbeider med eit nytt rammeverk for innhald og struktur i vidaregåande opplæring. Målet er mellom anna å gjere opplæringa meir relevant, gi elevane betre førebuing til høgare utdanning og skape ein enklare struktur.

FolkOrg støttar intensjonen om å utvikle ei god og framtidsretta vidaregåande opplæring. Samtidig meiner vi det er avgjerande at endringane ikkje går ut over den faglege fordjupinga i musikk, dans og andre praktisk-estetiske fag.

FolkOrg er skeptiske til samanslåing

Eit av dei mest omfattande forslaga er å samle dagens musikk, dans og drama og kunst, design og arkitektur i éi felles studieførebuande retning.

FolkOrg er svært skeptiske til ei slik samanslåing. Sjølv om tverrfagleg samarbeid kan vere positivt, har dei ulike kunstfaga forskjellige kompetansekrav, arbeidsmåtar og behov for undervisning.

Musikk og dans er fag der ferdigheiter blir utvikla gjennom kontinuerleg øving, praktisk arbeid og individuell rettleiing over tid. Ei breiare estetisk retning kan føre til mindre undervisningstid i dei enkelte kunstfaga og dermed svekkje både kvaliteten på opplæringa og rekrutteringa til høgare kunstutdanning.

For folkemusikken og folkedansen handlar dette også om framtida til dei lokale tradisjonsmiljøa. Musikk- og danselinjene er viktige rekrutteringsarenaer, ikkje berre for framtidige profesjonelle utøvarar, men også for instruktørar, pedagogar og tradisjonsberarar i frivillige lag og kulturskular over heile landet. Folkemusikk og folkedans byggjer på læringsformer som gehør, herming, samspel og munnleg tradisjonsoverføring, der praktisk utøving og læring frå andre står sentralt. Ei svekking av desse utdanningstilboda kan derfor få konsekvensar langt utover den enkelte eleven og svekkje arbeidet med å vidareføre levande kulturarv til nye generasjonar.

FolkOrg meiner derfor at ein ny struktur må sikre eigne fordjupingsløp i musikk og dans, med tilstrekkeleg undervisningstid gjennom alle tre åra.

Samt at det må også i framtida vere mogleg å velje folkemusikk som hovudinstrument og få fagleg fordjuping i folkedans innanfor vidaregåande opplæring.

Praktisk og kunstnarisk kompetanse er også studieførebuing

I innspela peikar FolkOrg på at forslaget frå Utdanningsdirektoratet i stor grad legg vekt på tradisjonelle akademiske ferdigheiter som lesing, skriving, kritisk tenking og arbeid med faglege tekstar.

Dette er viktige ferdigheiter, men høgare utdanning omfattar også praktiske og kunstnariske fagområde. For elevar som ønskjer å studere musikk eller dans, er utøvande ferdigheiter, kunstnarisk utvikling og praktisk kunnskap ein avgjerande del av førebuinga.

FolkOrg meiner at framtidas vidaregåande opplæring må anerkjenne ulike kunnskapstradisjonar og gi rom for både teoretisk, praktisk og kunstnarisk fordjuping.

Vi er også uroa for at eit forslag om likt totaltimetal for alle studieførebuande retningar kan føre til redusert undervisningstid i musikk og dans. I dag har desse utdanningsprogramma fleire undervisningstimar enn ordinær studiespesialisering. Dette har ein fagleg grunn, og må ikkje gå tapt i arbeidet med ein enklare struktur.

Praktisk-estetiske fag er viktig for alle

FolkOrg meiner at alle elevar i vidaregåande opplæring bør få møte praktisk-estetiske fag, uavhengig av kva utdanningsprogram dei vel. Alle bør få erfaring med å synge, danse, spele eit instrument eller arbeide skapande med hendene. Dette handlar ikkje berre om å utdanne framtidige musikarar og dansarar, men om danning, meistring, kreativitet og fellesskap.

I diskusjonen om framtidas fellesskule er det stor merksemd rundt behovet for meir praktisk og variert undervisning. Vi meiner denne ambisjonen må gjelde heile utdanningsløpet. Læring gjennom å gjere er like viktig for ein 16-åring som for ein 10-åring.

I dag kan elevar gjennomføre vidaregåande opplæring utan å møte musikk, dans eller andre praktisk-estetiske fag. FolkOrg meiner dette er uheldig. Vi ønskjer derfor at praktisk-estetisk opplæring blir ein del av det felles innhaldet for alle elevar i framtidas vidaregåande skule. Det er ikkje tilstrekkeleg å lære om kunst og kultur – elevane må også få oppleve å utøve og skape sjølve.

Folkemusikk, folkedans og kulturarv må få ein tydeleg plass

FolkOrg er positive til at kulturarv og tradisjonar blir løfta fram som ein del av det felles innhaldet for alle elevar i vidaregåande opplæring.

Vi meiner samtidig at kulturarv ikkje berre handlar om historisk kunnskap, men også om levande tradisjonar, praktiske ferdigheiter og kulturell deltaking.

Folkemusikk og folkedans er viktige delar av den immaterielle kulturarven vår. Gjennom desse tradisjonane får barn og unge erfaring med fellesskap, skapande aktivitet, kulturelt mangfald og lokal identitet.

FolkOrg meiner derfor at norsk og samisk immateriell kulturarv, inkludert folkemusikk og folkedans, bør ha ein naturleg plass i framtidas vidaregåande opplæring. Det bør også leggjast til rette for samarbeid mellom skulane, lokale fagmiljø, frivillige organisasjonar og tradisjonsberarar.

Må sikre eit tilbod i heile landet

Ei anna viktig bekymring er kva konsekvensar ein ny struktur kan få for mindre fagmiljø og skular utanfor dei største byane.

Dersom fleire kunstfag blir samla i breie retningar, samtidig som skulane sjølve skal avgjere kva fordjupingstilbod dei kan tilby, kan det føre til store geografiske forskjellar.

For folkemusikk og folkedans er dette særleg viktig. Mange av tradisjonane har ei sterk regional forankring, og lokale utdanningstilbod kan vere avgjerande for rekruttering og vidareføring av kunnskap.

FolkOrg meiner derfor at endringane ikkje må føre til ei sentralisering av musikk- og danseopplæringa eller svekkje eksisterande fagmiljø rundt om i landet.

FolkOrg meiner at framtidas vidaregåande opplæring må byggje på eit breitt kunnskapssyn, der praktiske, skapande og utøvande ferdigheiter blir verdsette på lik linje med tradisjonell akademisk kompetanse.

Ei omlegging må ikkje føre til at vi svekkjer dei fagmiljøa og utdanningsløpa som i dag gir unge menneske moglegheit til å utvikle seg som musikarar, dansarar og kunstnarar.

Innspela er sende til Utdanningsdirektoratet i samband med innspelsrunden om framtidas vidaregåande opplæring, med frist 1. november 2026.

Les meir om innspelsrunden hos Utdanningsdirektoratet Lenke til et annet nettsted.

Publisert: