Statsbudsjett for 2027 - ein fyrste kommentar frå dagleg leiar

Dagleg leiar i FolkOrg, Aslak Brimi _ Foto Thor Hauknes
Finansminister Jens Stoltenberg og regjeringa la i formiddag fram sitt forslag til statsbudsjett for 2027. Vi ser at regjeringa aukar bevillinga til forsvaret med 6,5 milliardar. Kulturen er med å byggje opp under det som skal forsvarast. Kjem dette fram i årets statsbudsjett? Vi har tatt ein kikk på kulturbudsjettet og kva det har å si for folkemusikk- og folkedansfeltet.
Tekst: Aslak Brimi
Som alltid er det både positive satsingar og ting vi gjerne skulle sett meir av. For folkemusikken og folkedansen er biletet blanda.
Når det gjeld FolkOrg så fekk vi ikkje tilslag på noko av det vi ønska å ha som ekstra tiltak i 2027, til dømes utvikling og opparbeiding av eit Fond for tradisjonsutøvarar. Dette skal vi jobbe vidare med inn mot behandlinga i familie- og kulturkomiteen.
Regionale kulturfond er her for å bli – men må bli større
Det er positivt at regjeringa foreslår 70 millionar kroner til regionale kulturfond. Løyvinga var 75 millionar i 2025, men vart kutta til 40 millionar for 2026. Stortingsforhandlinga gjorde at løyvinga tilslutt vart 70 millionar. Det vil si at forslaget til løyving for 2027 er ein liten realnedgong, men er kanskje først og fremst eit viktig signal om at regjeringa har bestemt seg for at regionale kulturfond skal vere ei fast ordning.
Det er vi glade for. Men 70 millionar er framleis for lite når det skal fordelast på 15 fylke. For Regionale kulturfond tettar eit hol i støtteordningslandskapet. Det bidreg til mange gode prosjekt som byggjer på samarbeid mellom det friviljuge feltet og yrkesaktive utøvarar. Slik prosjekt er noko folkemusikken og folkedansen har mykje av, så denne ordninga er særs viktig for oss.
FolkOrg har saman med resten av Arrangørforum vore tydelege på at dei regionale kulturfonda bør byggjast opp til 150 millionar kroner. Det er ute i kommunane og regionane mykje av kulturlivet skjer, og regionale kulturfond er eit særs viktig verkemiddel for å styrke kulturlivet over heile landet. Då må det følgje tilstrekkeleg med pengar med ordninga.
Kulturfondet må styrkast meir
Norsk kulturfond blir styrkt frå 1,032 milliardar til 1,068 milliardar kroner. Det er positivt, men i realiteten ikkje meir enn ei rein justering.
Norsk kulturfond er heilt essensielt for det frie feltet, og alle som driv som yrkesaktive tradisjonsutøvarar. Fondet er viktig både i form av ordningar for aktørane direkte, men også ved å styrke arrangørfeltet. Folkemusikk- og folkedansfeltet er i god stim, men vi treng fleire faste og stabile heilårsarrangørar rundt om i landet. Difor er det for FolkOrg særs viktig at meir midlar når fram til arrangørleddet. Små og mellomstore arrangørar over heile landet er heilt avgjerande dersom musikarar og dansarar skal kunne ha eit arbeidsliv, og dersom publikum skal få møte eit mangfald av levande musikk og dans.
Dette vert også sterkt poengtert i NOU 2025:7 Musikklandet. Vi treng eit sterkare og bærekraftige arrangørledd over heile landet. Difor meiner vi at arrangørtilskotsordninga må få ein reell auke når Kulturfondet no blir styrkt.
Gledeleg satsing på folkedansen
Regjeringa held fram satsinga på dans, og foreslår å styrkje dansefeltet med ytterlegare 10 millionar kroner i 2027. Mellom anna blir fire dansesenter styrkte med til saman 2,2 millionar kroner. FolkOrg meiner at det er særs gledeleg at folkedansen er ein tydeleg del av denne satsinga med at Fjelldansen er eitt av desse fire. Fjelldansen som eit regionalt kompetansesenter for folkedans får dobla løyvinga frå 705 000 kroner til 1,41 millionar kroner.
FolkOrg har vore tydelege på at folkedansen må vere ein naturleg del av den nasjonale dansepolitikken. Folkedansen er levande kulturarv og ein viktig sosial møteplass, men han er også profesjonell scenekunst og ein del av samtidsdansefeltet. Derfor er det både viktig og eit riktig signal at folkedansen får ta del i regjeringa si styrking av dansefeltet.
Ole Bull-Akademiet
Ole Bull Akademiet (OBA) får berre ei mindre justering i årets budsjett, trass i at dei søkte om ei styrking på 600 000 kroner. Akademiet har ei heilt særskild rolle i formidlinga av norsk folkemusikk og folkedans, ikkje minst gjennom innføringskurs for studentar på mellom anna lærar- og barnehagelærarutdanningane.
Når Fellesskoleutvalet no foreslår å styrkje dei praktiske og estetiske faga og kompetansen hos lærarane, blir rolla til OBA endå viktigare. Skal fleire barn møte norske musikk- og dansetradisjonar i skulen, må lærarane ha kunnskap om dei. Ei styrking på 600 000 kroner er eit lite beløp på statsbudsjettet, men vil gi Ole Bull Akademiet langt betre høve til å fylle denne viktige rolla.
Vi vil også peike på den viktige rolla Ole Bull Akademiet har i å ta vare på og vidareføre den handlingsborne kunnskapen knytt til hardingfelemaking, eit fagfelt der behovet for rekruttering og kompetanseoverføring er stort.
Fleire får kutt
Det er underleg at eitt av dei regionale folkemusikksentra våre, Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans, ser ut til å få redusert løyvinga frå 1,235 millionar kroner i 2026 til 655 000 kroner i 2027. Den styrkinga stortinget la inn i forhandlingane i 2026 vert altså ikkje vidareført. Dette heng ikkje heilt saman med det regjeringa sjølv skriv om betydninga av kulturarbeidsplassar og kompetansemiljø i heile landet.
Her håpar vi det finst ei forklaring vi enno ikkje har fått med oss. Om ikkje, er dette eit kutt vi meiner Stortinget bør rette opp. Og igjen, som vi har arbeidd for i mange år, meiner vi at det burde vore plass til Sør-Norsk folkemusikksenter på same post.
Vi ser også at Noregs Ungdomslag får kutt i friviljugmidlane. Dei fekk ei kraftig auke etter forhandlingane i fjor, noko som er kutta igjen for 2027. Dette er veldig synd da dette er særs viktige midlar for frivilligheita rundt om i landet. Og vi ser også at driftstilskotet til Musikk i Innlandet, som kom inn med 1 million på post 74 etter forhandlingane i fjor, ikkje er foreslått vidareført. Musikk Innlandet er ein aktør som gjev publikum i Innlandet forestillingar og konsertar på høgt nivå, også mykje folkemusikk og folkedans. Så dette meiner vi er eit særs uheldig kutt.
Internasjonal satsing må følgjast opp med midlar
Det er fleire og fleire norske folkemusikkartistar som får oppdrag i Europa og elles i verda. Veldig ofte er desse avhengig av reisestøtte frå Music Norway for faktisk å få gjennomført oppdraga. Kostnadene ved å reise, turnere og etablere seg i nye marknader har auka kraftig. Skal fleire norske folkemusikkartistar få moglegheit til å byggje ein internasjonal karriere, må verkemidla halde tritt med ambisjonane.
Music Norway får driftstilskot på kulturbudsjettet, men like viktig er det å sjå på midlane til «interessefremme» på budsjettet til utanriksdepartementet. Desse midlane finansierer mellom anna reisestøtte, arrangørstøtte og støtte til delegatprogram som Norwegian Arts Abroad-organisasjonane forvaltar, der Music Norway er musikkorganisasjonen.
Her er det uroande at den samla posten blir redusert med nesten 5 millionar kroner, sjølv om reduksjonen ifølgje regjeringa heng saman med at tilskot til kultur i nordområda blir avvikla. For FolkOrg er det avgjerande at dette ikkje fører til svekka rammer for reisestøtta og dei andre internasjonale verkemidla.
Kutt i studieforbund er dårleg nytt for frivilligheita
Vi er også uroa over kutta i løyvingane til studieforbund. Studieforbunda er ein viktig del av infrastrukturen i norsk frivilligheit. Gjennom Musikkens studieforbund får våre lokale lag over heile landet støtte til kurs og opplæring i musikk og dans.
Dette er små midlar som utløyser svært mykje aktivitet, læring og frivillig innsats. I ei tid der vi er opptatt av rekruttering, deltaking og sterke lokale fellesskap, meiner vi dette er veldig underleg. Vi meiner det er ein dårleg ide å svekkje desse ordningane.
Eit budsjett utan det store kulturløftet
Det er altså fleire ting å glede seg over. Regionale kulturfond ser ut til å ha kome for å bli. Fjelldansen får eit viktig løft. Og det er positivt at regjeringa vidarefører full momskompensasjon for frivilligheita.
Vi saknar framleis eit tydeleg løft for Norsk kulturfond, og særleg arrangørtilskotsordninga. Vi skulle gjerne sett eit tydelegare løft for heile infrastrukturen som gjer at kunsten og kulturen kan leve og utvikle seg over heile landet: Arrangørane, dei regionale kompetansemiljøa og verkemidla som gjer det mogleg for kunstnarane våre å nå ut nasjonalt og internasjonalt.
For folkemusikken og folkedansen er det positiv utvikling akkurat no. Rekrutteringa er god, aktiviteten er stor og interessa for feltet aukar. Det er eit momentum FolkOrg meiner kulturpolitikarane bør gripe.
Publisert:
