Folkorg logo
Folkorg logo

Stønadsordninga "Rekruttering og deltaking" med frist 3.november

Svartskog spelemannslag

Tilskotsordninga "Rekruttering og deltaking - korps og orkester" er no open for søknader. Søknadsfristen er 3. november 2026.

Foto: Svartskog spelemannslag var av laga som fekk tilskot på denne ordninga i 2026. Foto: FolkOrg/Kjersti Bratås

Dette er ei ordning som Norsk Musikkråd forvaltar. FolkOrg er medlem av Norsk Musikkråd, og lokallaga i FolkOrg kan dermed søke på denne ordninga.

Det var mange spelemannslag som fekk tilskot på denne ordninga i 2026, så vi anbefaler å søke!

Ordninga skal gje moglegheit for å auka deltaking blant barn og unge

Instrumentalensemble kan søkje om tilskot for å gi fleire barn og unge (6–19 år) høve til å delta i korps, orkester, spelemannslag, storband og trekkspelorkester.

Formålet med tilskotet er å gi fleire barn og unge høve til å delta i musikkaktivitetar i heile landet, uavhengig av kven dei er, kvar dei bur og kva foreldra tener.

Tilskotet skal bidra til å:

  • gi fleire barn og unge høve til å delta i musikkaktivitetar i instrumentalbaserte lag
  • auke deltakinga i eksisterande aktivitet
  • utvikle nye tiltak baserte på lokale behov
  • utvikle kunnskap om kva tiltak som verkar for å rekruttere breiare

Midlane kan mellom anna brukast til:

  • aktivitetar
  • eigenandelar
  • kontingentar
  • nødvendig utstyr som ikkje blir dekt av instrumentfonda (1)
  • samarbeidsprosjekt i lokalsamfunnet (2)

Midlane kan ikkje brukast til:

  • driftskostnader som lokaleleige, ordinær dirigent, servering og uniformer
  • jubileumsturar og utanlandsreiser

Målet er å få fleire med, auke deltakinga og utvikle musikkaktivitetar, og samtidig få meir kunnskap om kva som fungerer for å rekruttere breiare.

Det er ikkje krav om ein lang søknad, men det er nødvendig med noko informasjon om korleis midlane skal brukast. Dette gjer de ved å fylle ut eit enkelt søknadsskjema. For å forenkle sakshandsaminga og sikre ei god fordeling av tilskotsmidlane er det lagt inn eit enkelt budsjett i søknadsskjemaet. Budsjettet gjeld berre prosjektet eller aktiviteten de søkjer tilskot til.

Tilskotsmottakarar vil bli bedne om å fylle ut eit enkelt tilbakemeldingsskjema om bruken av midlane dei har fått.

Ordninga er reservert for instrumentalensemble der barn og unge (6–19 år) deltek, som korps, orkester, spelemannslag, storband og trekkspelorkester. Det er sett av totalt 10 millionar kroner til ordninga.

Minste søknadssum er 10 000 kroner og største søknadssum er 75 000 kroner. Gjennomføringsperioden for tiltaka er 1. januar–15. desember 2027.

Vi gjer merksam på at tilskotsmottakaren må vere registrert i Frivilligregisteret og vere medlem i ein av dei instrumentalbaserte musikkorganisasjonane. Alle medlemslag i FolkOrg kan dermed søke.

Tilskot frå ordninga skal ikkje kunne danne grunnlag for profittbaserte eigarformer eller bli omdanna til forteneste for private eigarar. Det betyr at stiftingar med kommersielt formål fell utanfor tilskotsordninga.

Søknadsfristen er 3. november 2026 kl. 23.59

Det blir ikkje gitt utsetjing av fristen. Vi tilrår å starte arbeidet med søknaden i god tid før søknadsfristen.

Tilskotet blir fordelt i samarbeid med fylkesmusikkråda og musikkorganisasjonane. Vedtaka blir gjorde kjende innan utgangen av veke 51. Innvilga tilskot blir utbetalte i byrjinga av januar 2027. Midlane kjem frå overskotet til Norsk Tipping og er tildelte av Kultur- og likestillingsdepartementet.

Om tilskotsordninga

Ordninga vart oppretta av regjeringa i 2023 som ei prøveordning med mål om å få fleire med, auke deltakinga og utvikle musikkaktivitetar, og samtidig skaffe kunnskap om kva som fungerer for å rekruttere breiare. I 2026 vart ordninga vidareført, med ei ramme på 10 millionar kroner.

Midlane kjem frå overskotet til Norsk Tipping, er tildelte av Kultur- og likestillingsdepartementet og blir fordelte av Norsk musikkråd i samarbeid med fylkesmusikkråda og musikkorganisasjonane. Formålet med tilskotet er å gi fleire barn og unge høve til å delta i musikkaktivitetar i heile landet, uavhengig av kven dei er, kvar dei bur og kva foreldra tener.

Idébank

  • Skulekonsert som viser fram ensemblet til ei aktuell målgruppe for rekruttering
  • Rekrutteringskampanje i sosiale medium, laga av ungdom for ungdom
  • Rekrutteringsprosjekt retta mot flyktningar, med informasjon på fleire språk og instrument til disposisjon
  • Open dag eller open øving for å rekruttere nye deltakarar
  • Reduksjon av kontingent eller eigenandel for å få fleire med
  • Støtte til fleire instruktørar for å tilby differensiert undervisning
  • Starte ei ungdomsgruppe der dei eldste deltakarane bidreg som støttespelarar for dei yngste i ensemblet
  • Musikk i skulen/musikkverkstad – samarbeid med barneskule eller SFO/AKS
  • Individuelle instrumenttimar for å auke progresjonen og meistringskjensla og halde på deltakarar som har spelt lenge
  • Marknadsføringskampanje med informasjonsmateriell på plattformene til oppvekstsektoren
  • Dekkje instrumentleige for deltakarar
  • Kjøpe inn arrangement med nyare musikk som treff målgruppa
  • Opprette juniorlag
  • Miljøhelger for å byggje samhald og auke inspirasjonen
  • Prosjektsamarbeid med ungdomsklubb, frivilligsentral og bibliotek for å rekruttere barn og unge frå andre arenaer
  • Marknadsføringsstunt retta mot aktuelle nye målgrupper
  • Generasjonsmøte
  • Samarbeidsprosjekt med NAV og flyktningtenesta
  • Workshophelg som er open for alle, med avsluttande konsert i samband med ein lokal festival
  • Skulebesøk der instruktørar besøker skulen, spelar og forklarer korleis det er å spele i ensemble
  • Bli-kjend-kveld med instrumentprøving, sosiale aktivitetar, konsert og møte med instruktørar
  • «Ein god start» – ekstra oppfølging av nyrekrutterte
  • Samarbeidsprosjekt med kulturskule og AKKS


Fotnotar

1. Nødvendig utstyr: Innkjøp av nye korps- og orkesterinstrument som kan dekkjast av Instrumentfonda, blir ikkje prioritert i denne ordninga.

2. Samarbeidsprosjekt: Med samarbeidsprosjekt meiner ein tiltak for å nå breitt ut i lokalsamfunnet, som samarbeid med kulturskulen, musikk- og kulturråd, skular i nærområdet og andre foreiningar som arbeider for å gi fleire barn eit fritidstilbod. Ver merksam på at den som sender inn søknaden, må vere registrert i Frivilligregisteret og vere medlem i ein av musikkorganisasjonane.

Publisert: