Frifond organisasjon for 2027 - utlysing
.png)
Her finn du informasjon om tilskotsordninga og om korleis du søker. Søknadsfrist for å søke om Frifond organisasjon er 20. oktober.
Frifond organisasjon – søkjast gjennom FolkOrg
Frifond organisasjon er ei stønadsordning som delast ut til frivillige organisasjonar, og deira aktivitetar for born og unge under 26 år. Frifond organisasjon har som formål å stimulere og nå ut til lokallag som er knytt til ein nasjonal, frivillig organisasjon som har musikk som sin hovudaktivitet.
FolkOrg søkjer kvart år Norsk musikkråd (NMR) om midlar frå Frifond organisasjon, som dei etter søknad frå lokallaga fordeler vidare til lokale aktivitetar.
Driftstilskot og prosjektmidlar
Lokallag søkjer på ordninga gjennom sitt sentralledd og kan kan søkje om både driftstilskot og prosjektmidlar.
FolkOrg sine retningsliner
Her kan du lesa FolkOrg sine retningsliner for Frifond-fordeling: FolkOrg sine retningsliner for Frifond pdf, 123.4 kB.
Søknadsfristen er 20. oktober 2026.
Søknadsskjema:
Søknad sendast gjennom eige skjema som du finn lenke til nedst på denne sida.
Fristar og rapportering:
- Midlar tildelt i 2026 skal brukast innan 31.12.2027
- Rapporteringsfrist for midlar tildelt i 2026 er 31.01.2028. Årsrekneskap skal inn seinast 01.03.2028.
Kven kan søkje:
- Lag som er medlem hjå FolkOrg.
- Lag med drift eller prosjekt for born og ungdom under 26 år.
- Lag med minst 3 personar under 26 år.
- Lag som er demokratisk oppbygd.
- Lag som har eit allmennyttig siktemål.
- Lag som arbeider i lokalmiljø (områdelag kan ikkje søkje Frifond Organisasjon, med unntak av områdelag som fungerer som lokallag.)
- Lag som har folkemusikk/folkedans som si hovudverksemd.
Kven kan ikkje søke?
- Områdelag/fylkeslag (med unntak av områdelag som fungerer som lokallag)
- Lag organisert av det offentlege
- Lag som er fortenestebaserte
- Lag som er basert på samverkeprinsippet
- Lag som er organisert og registrert som ei stifting
- Lag som er knytt til Norges Idrettsforbund eller med sitt formål knytt til idrett
- Lag som allereie mottar Frifond-tilskot av ein annan nasjonal organisasjon
Kva kan de få stønad til?
Denne ordninga gjeld for midlar som skal nyttast til drift og prosjekt i perioden 01.01.27 – 31.12.27.
Ordninga er todelt, og lokallag kan søkje om stønad til:
1) Driftstilskot til oppstart, drift og aktivitet
Drift (f.eks. faste øvingskveldar og møteverksemd) kan søkast på grunnlag av tal på medlemmar under 26 år (som har betalt kontingent 31.12.25).
2) Tilskot til prosjekt eller bestemte aktivitetar
Prosjekt og bestemte aktivitetar som kurs, reiser, samlingar, seminar osv. som rettar seg mot born og ungdom under 26 år, med målsetting om rekruttering. Ingen krav om tellande medlemmar.
NB! Lag kan søkje både om driftstilskot og prosjekttilskot.
Send inn søknad
For fyrste gong vil FolkOrg nytte StyreWeb sin søknadsportal. Vi oppmodar difor alle lag om å starte på søknaden i god tid før fristen.
Alle styremedlemmar har tilgang til lokallaget sin portal i StyreWeb, og kan logge inn med Vipps eller e-postadresse og passord. Søknaden blir automatisk lagra undervegs.
Du kan også dele søknaden med andre styremedlemmar. Dei finn søknaden i StyreWeb under Deling → Sentral → Søknader.
Her finn du rettleiar for korleis ein sender inn søknad i søknadsportalen til StyreWeb:
Rettleiar søknadsportal (lenkje). Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Her kan du sende inn søknad om Frifond organisasjon for 2027:
Søknadsfrist: 20. oktober.
Har du spørsmål om ordninga?
Ta kontakt med Live Visdal:
live@folkorg.no
974 15 515
Publisert:
