Tale 2026: Tale ved opning av Landsfestivalen i gammaldansmusikk - og utdeling av LFs heiderspris

I tradisjon tru hadde styreleiar i FolkOrg ei velkomsttale under opninga av Landsfestivalen i gammaldansmusikk den 29.juli 2026. Velkomsttala gjekk rett over i utdeling av Landsfestivalens heiderspris.
Tekst: Kristian Hanto
Foto: Her er det styreleiar i FolkOrg, Kristian Ihle Hanto som tildeler Landsfestivalens heiderspris til Ivar Schjølberg. Foto: FolkOrg/Thor Hauknes
Tale ved opninga av Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Vågå 2026
Kjære ordførar, festivalgeneral og hovudnemnd, kjære dugnadsfolk, utøvarar, dommarar, vagværar, gudbrandsdølar og frammøtte frå heile landet!
Kjære alle saman.
Det er ei stor glede for meg som leiar i FolkOrg å ønskje dykk alle hjarteleg velkomne til Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2026.
Landsfestivalen i gammaldansmusikk er ein nasjonal møteplass for utøvarar og publikum med interesse for den rike gammaldanstradisjonen i Noreg, og samlar kvart år musikarar i alle aldrar til tevling, samspel, konsertar og dans. Ved det blir runddansmusikken som det er tradisjon for rundt om i landet styrkt slik han berre kan bli ved at folk møtest så intenst som i desse dagane kvart år.
Og me møtest i glede og fryd, på tvers av generasjonar. Eit særleg hurra for ei stor durspeljuniorklasse i år! Lagspel trekkspel og durspel har også auka monaleg, og det lovar godt for at desse gruppene i større grad aktiviserer seg her i vårt miljø.
Det er eit stort krafttak å få til ein slik festival, og ei stor takk går til Våga Trekkspelklubb som har tatt på seg denne store tilskipinga i år. Takk for all den fritida og alle dei seine kveldane som de har ofra for at me alle no kan nyte musikken og dansen i godt planlagde former.
Gratulerer til Vågå Trekkspelklubb med med 50-årsjubileum i år! Og gratulerer også med at de i Vågå trekkspelklubb melde dykk inn i FolkOrg for nokre år sidan! De går slik føre som eit godt eksempel for andre trekkspel- og toraderlag som med sitt gammaldansrepertoar naturleg høyrer heime hos oss.
Trekkspelklubben og Landsfestivalen kler kvarandre særleg godt i eit felles jubileumsår, for det er også 40 år sidan den fyrste Landsfestivalen gjekk av stabelen. Det er som det høver seg at festivalen dermed er lagt til Gudbrandsdalen, eitt av dei fremste kjerneområda for tradisjonell gammaldansmusikk.
Det er typisk då heller ikkje fyrste gongen at Landsfestivalen er lagt til Vågå ‒ eller andre bygder i Gudbrandsdalen. Det er femte gongen Vågå er vertskapsbygd for Landsfestivalen, og det er andre gongen det er Vågå trekkspelklubb som har ansvaret, førre gongen var i 2022.
Me er veldig takknemlege for den store arrangørviljen her i Vågå.
Med den store påmeldinga i år ‒ faktisk rekordpåmelding med 1021 deltakarar ‒ er det gode utsikter til at laget kan sitta att med eit godt overskot. Det er midlar som i tråd med vår felles forståing lovar godt for opplæring og nyrekruttering i åra som kjem ‒ eit hovudmål med i det heile å stelle til denne årlege landsfestivalen.
At me er samla i ein felles landsorganisasjon for folkemusikken og folkedansen, og har vore det sidan 1923, er ikkje berre for fest og moro. Fest og moro får me greitt til i bygd og by der me bur. Men for at songen, dansen og spelet skal få sitt rettmessige rom i samtida, og for at desse kunstartane skal få sin høgst rimelege del av fellesmidlar til rekruttering og utøving jamsides andre sjangrar, har spleiselaget FolkOrg ei viktig rolle i å krevje dette på vegner av alle sine medlemer og lag ‒ og i nasjonens interesse også, for den del.
Me kan notere oss for viktige kulturpolitiske gjennomslag til beste for folkemusikken og folkedansen heilt ned til enkeltmedlemen. Berre i fjor formidla FolkOrg over 5 mill. kr. ut i organisasjonen til støtte for ulike rekrutteringstiltak i laga.
Og me fekk tidlegare i år ‒ saman med gode samarbeidspartnarar ‒ gjennomslag for eit sårt tiltrengt nytt arkiv- og formidlingssystem for heile arkivsektoren. Det skal no tilpassast den såkalla immaterielle kulturarven og krav til registrering av både musikk, dans og tekstlege tilleggsopplysningar om stoffet. Og mellom anna grunna vår mangeårige biting i leggen på departementet ‒ eller det stadige maset frå FolkOrg, som statsråden kalla det ‒ så er grønt lys no gjeve, og det er folkemusikken, dansen og joiken som skal fylle pilotprosjektet i oppbyggingsåret.
Snakk med nærmaste folkemusikkarkivar, så skal du få høyre kor mykje dette har å seia for bruk og vidareføring av den musikken og dansen me er så glade i ‒ til beste for våre ungar og deira ungar att.
Hugs på dette neste gong eit lagsmedlem kraunar over lagspengane til FolkOrg.
Så er me samla om valsen, reinlenderen, polkaen og masurkaen, med polsen som eit slags «valfag». Eg har kjæta meg med dei alle. Men mest med valsen. Eg har hatt mine kroppslege godbeiter med den kvikke reinlenderen i alle sine variasjonar, den leikande men lettare stressa polkaen og den sugande masurkaen, og så min forenkla pols, då.
Men ingenting er som ein ekta rundvals. Ingenting er som ein rundvals. Du kan nok ta for deg av dei andre au. Men ein god vals kan du FORSYNE deg av. Med begge armar. Og då skal du halde kjeft. Ein god vals med to gode kroppar skal ikkje konverserast vekk. Mange av mine lystigaste tankar har eg fått i valsen, og eg minnest alle dei sanselege kroppane som har gjeve meg dei tankane. Eg kan godt skjønne at valsen av mange blei rekna som den syndigaste mellom dansar, då han kom hit på 1800-talet.
Så ‒ frå Tjønneblomen til Bergrosa ‒ med dette partiske innlegget for valsen ‒ la oss halde fram med å forsyne oss, for all del over heile fjøla vår.
Og eg vil dermed ønskje oss alle ein
God landsfestival!
Utdeling av Landsfestivalens heiderspris
I høve 40-årsjubileet for Landsfestivalen er det også høveleg å sjå seg attende, og fundere litt over dette som kom i stand den gongen, i strid, splitting og etter kvart forsoning og vilje til å dra saman i same leia.
Styret i FolkOrg har som eit resultat av slik fundering oppretta ein helt ny pris: Landsfestivalens heiderspris. Som det heiter i styrevedtaket:
«Prisen kan tildelast ein person, ei gruppe eller eit lag som har arbeidd særleg godt og lenge for fremjing av gammaldansmusikk og gammaldans.»
Når den aller fyrste heidersprisen skal delast ut i høve dette jubileet, er det knytt til ein mann som ‒ om nokon ‒ har gjort seg fortent til det.
FolkOrg har den store gleda å gjera kjent at den aller fyrste mottakaren av Landsfestivalens heiderspris er Ivar Schjølberg.
Ivar har gjennom eit langt liv lagt ned eit enormt og verdifullt arbeid for norsk folkemusikk og gammaldans – som utøvar, tillitsvald, organisasjonsmenneske og kulturberar. Særleg har han hatt ei heilt avgjerande rolle for Landsfestivalen. Gjennom sitt virke i Landslaget for Spelemenn (LfS) var han ein av dei absolutte hovudkreftene bak etableringa av sjølve festivalen på midten av 1980-talet. Han var slett ikkje aleine. Men det var ikkje minst han som måtte ta støyten i den såkalla gammaldansstriden i LfS
Det var ikkje berre berre å få festivalen på plass. Ivar var leiar i LfS då det koka som mest kring saka om gammaldansen. Det var sterke meningar, skepsis og frykt for å gje seg ut i ukjent terreng, frykt for at det skulle gå ut over solospelet og dei eldste folkemusikkformene. Og Ivar måtte stå støtt i stormen. Han fekk sin del av krasse og ufine tilbakemeldingar, og fungerte som den tydelegaste skyteskiva for motstandarane.
Men Ivar såg lenger enn motstanden. Slik han sjølv skreiv det den gongen, var tida inne for å samle kreftene og søkje allierte i ei verd i endring:
«Satelitten susar over hovuda på oss og ungdommen yppar rundt oss med Walkman og utanlandsk musikk i øyro. Tida er da ikkje inne for å splitte kreftene, men for å samle dei og søke allierte. Når vi i tillegg til kjernefamilien får med alle søskenbarna, ja da står heile familien sterkare.»
Med stø hand og klokskap leia han organisasjonen gjennom vegskiljet på det segnomsusa Lysebu-årsmøtet i 1986. Der blei det vedteke at festivalen skulle vere ei fast ordning. Den aller fyrste festivalen blei lagt same året til Førde – med suksess frå fyrste stund.
Ivar tente ni år i styret i Landslaget for Spelemenn, mellom anna som nestleiar og leiar, og han blei i 2000 utnemnt til heidersmedlem i LfS for sin store innsats.
I dag haustar me fruktene av det motet, den seige trua og krafta og det framsynet Ivar Schjølberg og fleire med han viste den gongen. Utan hans og deira innsats hadde me ikkje hatt denne fantastiske nasjonale møteplassen som gjer den tradisjonelle gammaldansmusikken til eit levande felleseige for heile landet.
Kjære Ivar Schjølberg ‒ takk for innsatsen du har lagt ned for gammaldansmusikken og organisasjonen vår. Gratulerer så mykje!
Og no er det ei stor glede for meg ‒ også som tidlegare leiar i NFD ‒ å be deg om å komma fram for å ta imot den aller fyrste Landsfestivalens heiderspris!
Publisert:
