Folkorg logo
Folkorg logo

Innspel 2026: Innspel frå FolkOrg til styret i Tono august 2026

I møte med styret i TONO den 14.august 2026 kom dagleg leiar med følgande innspel og ønskje til styret.

Tekst: Aslak Brimi

Innspel til styret i TONO

FolkOrg ønskjer å be TONO-styret om å sjå nærare på fordelinga ved arrangement og bearbeiding av frie verk. Vi har tidlegare vore i dialog med TONO om denne problemstillinga, mellom anna med Jan Espen Storo og fagleg utval. FolkOrg var derfor svært positive til forslaget om å overføre kompetansen for medlemsvilkåra §§ 10–15 frå årsmøtet til TONOs styre. Vi håpar dette kan gi rom for at styret vurderer problemstillinga på nytt.

Vi ber ikkje om ei særordning for folkemusikken. Vi ber om ei meir rimeleg verdsetting av skapande arbeid med frie verk, uavhengig av sjanger.

Etter dagens tabell III A får ein arrangør av eit fritt instrumentalt verk 33,33 prosent ved framføring, medan ein bearbeidar får 50 prosent. Den resterande delen blir ikkje utbetalt til nokon opphavleg komponist, men går tilbake til avrekningspotten.

For folkemusikarar får denne fordelinga særleg store konsekvensar. Arbeid med eksisterande tradisjonsmateriale er ein heilt sentral del av den skapande praksisen i folkemusikken. Ein musikar kan bruke betydeleg tid på å utvikle eit personleg arrangement av ein tradisjonell slått, men får likevel berre ein tredel av TONO-verdien. Dersom den same musikaren komponerer ein ny slått, kan vedkomande få 100 prosent.

Dette skaper etter vårt syn ei urimeleg verdsetting av det skapande arbeidet, men også eit økonomisk insentiv til å prioritere nykomponert materiale framfor å arbeide vidare med tradisjonsmaterialet. FolkOrg er sjølvsagt ikkje motstandar av nykomponering – tvert imot er nyskaping ein viktig del av eit levande folkemusikkfelt. Samstundes er det ei sentral oppgåve for FolkOrg å arbeide for at også den tradisjonelle musikken blir brukt, utvikla og formidla på dagens konsertscener. Vi meiner ikkje at TONOs fordelingssystem bør gjere dette arbeidet økonomisk mindre attraktivt.

Eit viktig argument for ei endring er at TONO allereie har eit anna prinsipp ved lydfesting. I tabell III B får arrangør og bearbeidar 100 prosent ved lydfesting av eit ikkje-forlagt fritt verk. Dette er også presisert i § 12 bokstav c: «Ved arrangement av musikkverk som ikke har vern i Norge, forhøyes ved lydfesting arrangørandelen automatisk til full komponistandel.»

FolkOrg meiner det er vanskeleg å sjå ei god grunngjeving for at det same skapande arbeidet skal gi 100 prosent når arrangementet blir lydfesta, men berre 33,33 eller 50 prosent når det blir framført på konsert.

Ei endring av tabell III A slik at arrangør eller bearbeidar får full komponistandel ved bruk av arrangement av frie verk, vil derfor etter vårt syn ikkje innebere innføring av eit nytt eller framandt prinsipp. Det vil snarare harmonisere fordelinga ved framføring med eit prinsipp TONO allereie nyttar ved lydfesting.

For utøvande folkemusikarar kan ei slik, tilsynelatande lita endring få stor økonomisk betydning. Men betydninga er også kulturpolitisk. Ei slik endring vil anerkjenne det skapande arbeidet som ligg i å vidareføre og utvikle tradisjonelt materiale, og gjere det meir attraktivt for profesjonelle musikarar å ta dette materialet i bruk. På lang sikt vil det bidra til at den tradisjonelle musikken ikkje berre blir bevart, men faktisk blir brukt, utvikla og halden levande.

FolkOrg ber derfor TONO-styret om å endre fordelinga i tabell III A slik at arrangement og bearbeiding av frie verk kan gi full komponistandel, på same måte som ved lydfesting. For TONO vil dette vere ei avgrensa endring i fordelingssystemet. For folkemusikken og dei utøvande folkemusikarane kan det vere ei svært viktig endring.

Publisert: