Folkorg logo
Folkorg logo

Kompensasjon for deltakaravgift for juniorar 2026

Sør-Fron juniorspelmannslag LF Vågå 2026

Lokallag kan no søkje kompensasjon for deltakaravgift og evt. reise- og overnattingsutgifter for juniorar som har delteke på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk i 2026. Søknadsfristen er 23. september.

Vidareføring av kompensasjonsordninga

Styret i FolkOrg har vedteke å vidareføre stønadsordninga til 2026. Stønadsordninga har som mål å senke terskelen for deltaking og bidra til auka rekruttering blant juniorar og C-klassingar på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk.

Vilkår Landskappleiken

  • Junioren må vere medlem i FolkOrg via eit lokallag.
  • Direktemedlemmar kan ikkje søkje om kompensasjon.
  • Lokallaga i FolkOrg kan få støtte til å dekke éi deltakaravgift per deltakande junior. Lokallaget kan i tillegg få støtte til vere med å dekke deler av reise- og overnattingsutgifter.
  • Lokallaga kan totalt få inntil 1000 kr per junior.
  • Har junior bustadsadresse i Møre og Romsdal eller i Trøndelag og nordover, kan ein få dekt opp til 2000 kr per junior.
  • Gjeld deltaking i alle klasser (også senior-klasser som lagspel senior til dømes).
  • Dersom junioren er medlem i fleire lag, kan berre eitt lag søkje støtte.

Vilkår Landsfestivalen i gammaldansmusikk

  • Junioren må vere medlem i FolkOrg via eit lokallag.
  • Direktemedlemmar kan ikkje søkje om kompensasjon.
  • Lokallaga i FolkOrg kan få støtte til å dekke éi deltakaravgift per deltakande junior. Lokallaget kan i tillegg få støtte til vere med å dekke deler av reise- og overnattingsutgifter.
  • Lokallaga kan totalt få inntil 1000 kr per junior.
  • Har junior bustadsadresse i Rogaland, Agder eller i Nordland og oppover, kan ein få dekt opp til 2000 kr per junior.
  • Gjeld deltaking i alle klasser (også senior-klasser som lagspel senior til dømes).
  • Dersom junioren er medlem i fleire lag, kan berre eitt lag søkje støtte.

Lokallaget si rolle

Stønadsordninga skal komme lokallaga til gode i form av å senke terskelen for deltaking på kulturelle aktivitetar. Difor er det lokallaga som må søke om midlane. Det er difor lokallaga som søkjer støtte på vegne av deltakaren. Det er likevel ikkje eit krav om at påmeldinga må gå gjennom lokallaget, men midlane som FolkOrg betalar ut må vidareformidlast til enkeltpersonen via lokallaget.

Viktig informasjon

Lokallag kan søkje støtte for så mange juniorar dei ønskjer. Det vert berre gitt støtte til éi deltakaravgift per junior per arrangement. Same junior kan gi grunnlag for støtte både på Landskappleiken og Landsfestivalen.

Dette er ei lågterskel støtteordning. Så lenge junioren faktisk deltok i tevlinga, er det ikkje behov for ytterlegare rapportering

Søknad

Søknaden gjeld både deltaking på Landskappleiken på Hovden og Landsfestivalen i Vågå.

Her kan du sende inn søknad til kompensasjonsordninga:

Søknadsfristen er 23. september.

Har du spørsmål om ordninga eller søknaden?
Ta kontakt med:
Ingeborg Ulberg Sommer
ingeborg@folkorg.no
452 58 237

Foto:
Sør-Fron juniorspelemannslag, Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2026 i Vågå

Kjersti Stensgård Bratås

Publisert: