FolkOrg får 7,6 millionar frå Dextra Musica til rekruttering

Foto: FolkOrg 2026/Thor Hauknes
FolkOrg har fått 7 590 000 kroner frå Sparebankstiftelsen DNB og Dextra Musica for perioden 2027–2029. Tildelinga sikrar vidare satsing på rekruttering innan folkemusikk og folkedans over heile landet og vidareføring av arbeidet med FolkleiarUng. Nytt for perioden er eit ekstra fokus på folkesong.
Styrkar rekrutteringsarbeid i heile landet
Sidan 2017 har FolkOrg motteke støtte til rekrutteringsarbeid frå Dextra Musica. Gjennom ordninga har organisasjonen fordelt midlar til lokale og regionale rekrutteringsprosjekt som skaper møteplassar, opplæringstilbod og aktivitetar for born og unge innan folkemusikk og folkedans. I perioden 2017–2026 har totalt 43 ulike prosjekt fått støtte gjennom ordninga.
I den nye tildelingsperioden blir satsinga styrka ytterlegare. FolkOrg skal no fordele 1 500 000 kroner årleg til rekrutteringsprosjekt, ein auke på 50% samanlikna med tidlegare tildelingar. Dei siste åra har FolkOrg motteke fleire gode søknader enn det har vore mogleg å innvilge innanfor dagens rammer. Med den styrka tildelinga kan fleire prosjekt få støtte, samstundes som eksisterande tiltak får betre føresetnader for å halde høg kvalitet og skape varige tilbod i sine lokalmiljø.
Som del av satsinga vil FolkOrg halde fram med årlege samlingar og seminar med fokus på rekruttering. Desse fungerer som møteplassar for erfaringsdeling, inspirasjon og kompetanseutvikling for alle som arbeider med rekruttering i feltet.
Utlysinga for neste runde med rekrutteringsmidlar blir offentleggjord vinteren 2026/2027, med søknadsfrist i januar 2027.

FolkleiarUng blir vidareført og utvikla
Ein del av midlane skal nyttast til vidareføring av FolkleiarUng, FolkOrg sitt rekrutterings- og kompetansehevingsprosjekt for unge folkemusikarar og folkedansarar i alderen 15–25 år. Prosjektet har vore gjennomført årleg sidan 2021, og kan syne til gode resultat. Fleire tidlegare deltakarar har sidan gått vidare til leiar- og instruktørroller i eigne miljø.
I den kommande perioden ynskjer FolkOrg å styrkje satsinga på folkesong. Med ein eigen vokalinstruktør i prosjektet skal fleire unge songarar få tilgang til kompetanse, nettverk og metodar som dei kan ta med seg tilbake til sine lokale miljø. Målet er både å utvikle nye leiarar og pedagogar og å løfte folkesongen som ein naturleg del av opplæringsarbeidet i organisasjonen.
Den komande utlysinga av FolkleiarUng gjeld likevel prosjektåret 2026–2027, som er ein del av den førre tildelingsperioden. Det vil difor ikkje vere eigen vokalinstruktør i denne runden. Songarar er likevel varmt velkomne til å søkje.
Utlysing for neste runde av FolkleiarUng er ute no. Les meir og send inn søknad her.
Eit viktig løft for framtida
Rekruttering er avgjerande for å sikre vidareføring av norsk folkemusikk, folkedans og folkesong. FolkOrg er særs takksam for den tilliten Dextra Musica og Sparebankstiftelsen DNB viser gjennom den nye tildelinga. Støtta gir organisasjonen høve til å vidareutvikle eksisterande tiltak, stimulere til nye initiativ og sørgje for at endå fleire born og unge får oppleve gleda ved å ta del i den levande kulturarven vår.
Har du spørsmål om ordninga for rekrutteringsmidlar eller FolkleiarUng?
Ta kontakt med Live Visdal i FolkOrg:
live@folkorg.no
974 15 515

Publisert:
