Folkorg logo
Folkorg logo

Hallgrim Berg og Olav Sæta utnemnde til heidersmedlemmar i FolkOrg i 2026

Under Landskappleiken 2026 vart Hallgrim Berg og Olav Sæta utnemnde til heidersmedlemmar i FolkOrg.

Heidersmedlemskap er den høgaste utmerkinga FolkOrg kan gje. Utmerkinga vert tildelt personar som gjennom eit langt liv har gjort ein særleg innsats for norsk folkemusikk og folkedans.

Årets heidersmedlemmar representerer to ulike, men like viktige sider av arbeidet med å ta vare på og føre vidare tradisjonane våre. Den eine har gjennom fleire tiår vore ein synleg formidlar, organisasjonsbyggjar og inspirator. Den andre har gjort eit uvurderleg arbeid med innsamling, dokumentasjon og kunnskapsformidling.

Begge har sett djupe spor etter seg i folkemusikkmiljøet.

Olav Sæta

Olav Sæta har gjennom meir enn femti år lagt ned eit omfattande arbeid med innsamling, dokumentasjon og formidling av norsk folkemusikk. Særleg har han arbeidd med tradisjonane knytte til vanleg fele i store delar av Sør-Noreg, med eit tyngdepunkt i det tidlegare Hedmark fylke.

Han er utdanna musikkvitar og vart tidleg oppteken av å dokumentere og systematisere slåttetradisjonane. Det mest omfattande arbeidet hans er innsatsen som fagleg hovudansvarleg for verket «Norsk folkemusikk. Serie II. Slåtter for vanlig fele», eit arbeid som strekte seg over tre tiår. Dei fem banda er i dag eit standardverk for alle som arbeider med slåttemusikk for vanleg fele.

Arbeidet omfatta omfattande innsamling, transkripsjon av lydopptak, gransking av arkivmateriale og dokumentasjon av tradisjonsliner og utøvarmiljø. Gjennom dette har Olav Sæta sikra at eit enormt kjeldemateriale er bevart og gjort tilgjengeleg for komande generasjonar.

Ved sidan av det faglege arbeidet har han vore ein aktiv spelemann, instruktør og kunnskapsformidlar. Han har undervist ved mellom anna Universitetet i Oslo, Noregs musikkhøgskole og Ole Bull Akademiet, halde kurs og seminar og vore ein viktig ressurs for både spelmannslag og enkeltutøvarar.

Olav Sæta har òg stått bak ei rekkje publikasjonar og notesamlingar, seinast den omfattande utgjevinga «Min felemusikk frå Glåmdalen», som samlar fleire hundre slåttar frå området.

Gjennom eit livslangt arbeid med å samle, dokumentere, systematisere og formidle folkemusikken har Olav Sæta ytt ein innsats av uvurderleg verdi for norsk folkemusikk. For denne innsatsen er han utnemnd til heidersmedlem i FolkOrg.

Hallgrim Berg

Hallgrim Berg frå Ål i Hallingdal har gjennom meir enn seks tiår vore ein markant og engasjert kraft i norsk folkemusikk og folkedans. Han har vore utøvar, arrangør, organisasjonsmenneske, formidlar og kulturbyggjar, og har gjennom eit langt liv arbeidd for å styrkje folkemusikken sin plass i samfunnet.

Alt i ung alder markerte Hallgrim seg som dansar og musikar. Han har vunne Landskappleiken både i halling, pardans og spel på eldre folkemusikkinstrument, og han har vore ein viktig tradisjonsberar innan hallingdans, munnharpespel og seljefløyte.

Like viktig har innsatsen hans vore som formidlar. Gjennom kursverksemd, radio- og fjernsynsprogram, artiklar, bøker, kåseri og konsertproduksjon har Hallgrim gjort folkemusikken tilgjengeleg for eit breitt publikum. Han stod mellom anna bak ei rekkje program i NRK og var sentral i serien «Spela spelemann – lat fela låte», som framleis står som eit viktig dokument over folkemusikk- og dansemiljøet i Noreg.

Hallgrim har òg hatt stor betydning som organisasjonsbyggjar. Han var ein sentral initiativtakar då Ål spel- og dansarlag vart stifta i 1968, og har gjennom mange år hatt sentrale verv både lokalt og nasjonalt. Han var dessutan med på å etablere Folkemusikkveka på Ål, som i dag er eit av dei viktigaste folkemusikkarrangementa i landet.

Gjennom heile livet har Hallgrim Berg vore ein raus kunnskapsberar og inspirator for nye generasjonar utøvarar. Han har løfta fram både unge musikarar og dansarar og vore ein viktig miljøskapar langt utover heimfylket sitt.

For sitt mangeårige og omfattande arbeid for norsk folkemusikk og folkedans er Hallgrim Berg utnemnd til heidersmedlem i FolkOrg.

 

Alle foto: Hans Jørgen Hjemdal / FolkOrg

Publisert: