Folkorg logo
Folkorg logo

Innspel til KUD om ståa på dansefeltet

Statsråd Lubna Jaffery i samtale med Silje Liahagen under Folkelarm 2025. Temaet for samtala var ståa for folkedansfeltet. Foto: Sanne Løkke

I mai inviterte Kultur- og likestillingsdepartementet til dialogmøte om ståa på dansefeltet. Departementet opna også for skriftlege innspel i etterkant. Her kan du lese FolkOrgs innspel.

juni 2026

 

Innspel frå FolkOrg til Kultur- og likestillingsdepartementet om ståa på dansefeltet

Innleiing

FolkOrg takkar for moglegheita til å kome med innspel til departementet sitt arbeid med å styrke og vidareutvikle dansefeltet i Noreg.

FolkOrg er ein nasjonal medlemsorganisasjon for folkemusikk og folkedans, og representerer både frivillige lag, tradisjonsberarar, arrangørar, pedagogar, studentar, profesjonelle utøvarar og sceniske kompani. Gjennom dette arbeidet ser vi dansefeltet frå fleire perspektiv samtidig: Som kunstfelt, som kulturarvfelt, som frivillig sektor og som del av eit levande sivilsamfunn.

Folkedansen står i ei særstilling i norsk kulturliv. Han er scenekunst, immateriell kulturarv, sosial møteplass og levande deltakarkultur. For mange menneske er dans ikkje først og fremst noko ein ser på, men noko ein deltek i, lærer vidare og deler med andre. Nettopp denne kombinasjonen av kunstnarleg uttrykk, tradisjonsbæring og deltaking er folkedansen sitt fremste kjenneteikn.

Gjennom ratifiseringa av UNESCO-konvensjonen om vern av immateriell kulturarv har Noreg teke på seg eit ansvar for å sikre vidareføring og utvikling av folkedansen. Dette ansvaret handlar ikkje berre om dokumentasjon og bevaring, men om å halde tradisjonane levande gjennom å legge til rette for aktiv bruk, utøving og nyskaping.

Vi ser i dag ei sterk kunstnarleg utvikling innan scenisk folkedans. Ei rekkje kompani og kunstnarar har dei siste tjue åra utvikla nye uttrykk med utgangspunkt i norske dansetradisjonar. Desse kunstnarskapa har bidrege til å utvide forståinga av kva folkedans kan vere, og dei har gjort seg gjeldande både nasjonalt og internasjonalt.

FolkOrg meiner at folkedansen ikkje bør forståast som eit randfenomen i dansefeltet. Han er ein integrert del av norsk dansekunst og representerer samstundes eit kulturpolitisk ansvar som ingen andre enn Noreg sjølv kan ta vare på.

Eit dansefelt med reelt sjangermangfald

Eit gjennomgåande trekk ved innspela FolkOrg har fått frå folkedansfeltet er opplevinga av at dansefeltet framleis i stor grad er strukturert rundt samtidsdansen som norm. Dette gjeld både institusjonar, visningsarenaer, kompetansestrukturar og delar av støtteapparatet.

FolkOrg ønskjer ikkje å setje ulike dansesjangrar opp mot kvarandre. Samtidsdansen har vore og er ein viktig drivkraft i utviklinga av norsk dansekunst. Utfordringa oppstår når éin estetikk eller arbeidsmåte blir ståande som den underforståtte målestokken for heile feltet.

På musikkfeltet er det i dag brei semje om at eit rikt musikkliv krev plass til mange uttrykk. Klassisk musikk, jazz, folkemusikk, verdsmusikk og populærmusikk har ulike tradisjonar, ulike produksjonsformer og ulike behov, men blir likevel forstått som likeverdige delar av eit samla musikkfelt.

FolkOrg meiner dansefeltet i større grad bør utviklast etter same prinsipp. Eit mangfaldig dansefelt må romme ulike estetikkar, ulike arbeidsformer og ulike tradisjonar.

Dagens sceniske folkedans er ikkje berre tradisjonsformidling. Han er samtidsdans i ordets eigentlege forstand – skapt av kunstnarar som arbeider i vår tid, for vår tid, med utgangspunkt i eigne tradisjonar. Folkedansen representerer slik eit viktig supplement til andre kunstnarlege perspektiv i dansefeltet.

At scenisk folkedans er samtidsdans handlar ikkje berre om når kunsten blir skapt, men om korleis han blir skapt. Dagens folkedanskunstnarar arbeider med dei same kunstnarlege spørsmåla som resten av dansefeltet: identitet, tilhøyrsle, kropp, kjønn, makt, historie, stad og menneskelege relasjonar. Dei utforskar desse temaa gjennom koreografi, improvisasjon, tverrkunstnarlege samarbeid og nye sceniske format. Forskjellen ligg først og fremst i det kunstnarlege utgangspunktet. Der andre kunstnarar kan hente materiale frå moderne danseteknikkar eller internasjonale dansepraksisar, tek folkedanskunstnarane utgangspunkt i eigne tradisjonar, lokale rørslespråk og levande kulturarv. Tradisjonen fungerer på denne måten ikkje som ei avgrensing, men som eit kunstnarleg materiale for undersøking, tolking og nyskaping.

På same måte som samtidsmusikken ikkje sluttar å vere samtidsmusikk fordi han nyttar eldre musikalske referansar, sluttar ikkje scenisk folkedans å vere samtidsdans fordi han er forankra i tradisjon.

Tvert om representerer han eit viktig mangfald av perspektiv, metodar og kunstnarlege uttrykk i det samla dansefeltet.

Målet må vere eit dansefelt der ulike uttrykk får utvikle seg på eigne premissar og blir vurderte ut frå kunstnarisk kvalitet og relevans, ikkje ut frå kor nær dei ligg etablerte normer.

Folkedansen som levande kulturarv

Folkedansen skil seg frå store delar av dansefeltet ved at han ikkje berre eksisterer som scenekunst. Han lever også som sosial praksis, deltakarkultur og tradisjonsoverføring.

Rundt om i landet finst det framleis lokale dansetradisjonar, dansefestar, øvingar, kurs og møteplassar der kunnskap blir overført mellom generasjonar. Dette er ikkje berre viktige arenaer for kulturarven. Dei er viktige møteplassar for folk og lokalsamfunn. Dei er også føresetnaden for framtidig kunstnarleg utvikling.

Det profesjonelle folkedansfeltet kan ikkje eksistere utan eit levande tradisjonsmiljø. Samtidig er dei utøvande kunstnarane viktige førebilete, inspiratorar og kunnskapsberarar for nye generasjonar dansarar. Dette samspelet mellom breidde og topp, mellom amatør og profesjonell, er ein grunnleggjande styrke ved folkedansen.

Desse møteplassane representerer også ei form for kulturell beredskap. I ei tid prega av raske samfunnsendringar, aukande polarisering og svekte fysiske fellesskap spelar frivillige kulturmiljø ei viktig rolle som arenaer for deltaking, tilhøyrigheit og kunnskapsoverføring. Folkedansen byggjer relasjonar på tvers av generasjonar, geografi og sosiale skiljelinjer, og bidreg til å halde levande lokale tradisjonar og kulturelle uttrykk som gir menneske forankring og identitet. Slik er folkedansen ikkje berre ein del av kulturarven vår, men også ein del av samfunnets kulturelle motstandskraft og beredskap for framtida.

I kulturpolitikken blir det ofte snakka om verdikjeder. Folkedansen er kanskje betre forstått som eit økosystem. Tradisjonsberarar, frivillige lag, utdanningsinstitusjonar, forskingsmiljø, arrangørar, profesjonelle kunstnarar og institusjonar er alle avhengige av kvarandre. Dersom eitt ledd blir svekt, blir heile systemet svekt.

Dette perspektivet bør liggje til grunn for framtidig politikk på feltet.

Frå grasrot til profesjonelt kunstliv

Noko av det mest særmerkte ved folkedansen er at frivillig sektor og profesjonelt kunstliv framleis er tett samanvevde.

Mange av dagens profesjonelle folkedansarar har byrja karrieren sin i lokale lag og miljø. Dei har lært av tradisjonsberarar, delteke på kurs og kappleikar og utvikla seg vidare gjennom utdanning og profesjonell verksemd.

Samtidig vender dei ofte tilbake som instruktørar, koreografar, musikarar eller kunstnarlege samarbeidspartnarar i dei same miljøa.

Denne sirkulasjonen av kunnskap og erfaring er ein av dei viktigaste grunnane til at folkedansen framleis er ein levande kulturform.

FolkOrg meiner kulturpolitikken må ta utgangspunkt i desse samanhengane. Målet må ikkje berre vere å styrkje einskilde institusjonar eller ordningar, men å byggje robuste strukturar som styrkjer heile feltet frå grasrot til profesjonelt nivå.

Rekruttering, utdanning og fagmiljø

På lengre sikt er rekruttering den største utfordringa for folkedansen. Utan nye dansarar, nye instruktørar og nye tradisjonsberarar vil verken den frivillige aktiviteten eller det profesjonelle kunstlivet kunne utvikle seg vidare.

FolkOrg opplever at mange lokale miljø slit med å halde oppe aktiviteten. Fleire tradisjonsområde har få aktive dansarar, og mange stader er folkedansen avhengig av einskildpersonar som ber store delar av aktiviteten på eigne skuldrer. Slike eldsjeler er uvurderlege, men dei kan ikkje åleine utgjere infrastrukturen for eit nasjonalt kulturfelt.

FolkOrg er veldig uroa over at store delar av landet manglar faste opplæringstilbod i folkedans for barn og unge. Tilgangen til folkedans er i dag svært ulik frå region til region. Kulturskulane kan spele ei viktig rolle i å sikre eit meir likeverdig tilbod. FolkOrg meiner det bør leggjast betre til rette for at folkedans kan inngå som del av kulturskuletilbodet, og fleire folkedanspedagogar kan få arbeid i kulturskulane.

Vi ser at målretta satsingar gir resultat. Når det finst kompetente instruktørar, gode møteplassar og tilgjengelege læringsarenaer, kjem både aktivitet og rekruttering. Dette har tidlegare blitt dokumentert gjennom større satsingar på folkedansfeltet, og det ser vi framleis i dei miljøa som har tilgang til kompetanse og ressursar.

FolkOrg vil også peike på at mykje av finansieringa på kulturfeltet er prosjektbasert. Prosjektordningane er viktige og har bidrege til mange vellukka satsingar innan folkedans. Samstundes er det ofte den langsiktige, kontinuerlege aktiviteten som legg grunnlaget for rekruttering, kompetansebygging og kunstnarleg utvikling. Lokale lag, instruktørar og arrangørar arbeider år etter år med opplæring og aktivitet utan at dette nødvendigvis kan definerast som prosjekt.

FolkOrg meiner framtidig kulturpolitikk må ha rom både for nyskaping og for den langsiktige grunnaktiviteten. Utan den daglege aktiviteten finst det heller ikkje noko fundament for framtidige prosjekt, talent eller profesjonelle kunstnarskap.

Opprettinga av folkedansutdanning ved Universitetet i Søraust-Noreg på Rauland representerer eit historisk gjennombrot for feltet. For første gong får Noreg eit samla utdanningsløp som kan bidra til å utdanne profesjonelle folkedansarar og pedagogar. Dette er ikkje berre viktig for folkedansen som kunstfelt, men også for vidareføringa av den immaterielle kulturarven.

Skal denne satsinga lukkast, må studentane møte eit arbeidsliv med utviklingsmoglegheiter. Utdanning aleine er ikkje nok. Det må finnast fagmiljø, arbeidsplassar, produksjonsmiljø og visningsarenaer som gjer det mogleg å byggje ein profesjonell karriere.

FolkOrg meiner difor at utdanning og arbeidsliv må sjåast i samanheng. Det er avgjerande å styrkje fagmiljøa rundt folkedansen, både innan utdanning, forsking, dokumentasjon og kunstnarleg utviklingsarbeid.

Regional struktur

Fleire aktørar har peika på behovet for sterkare regional dansefagleg kompetanse. Eit mogleg verkemiddel kan vere etablering av roller eller stillingar som fylkesdansarar, inspirert av tidlegare ordningar med fylkesmusikarar.

FolkOrg meiner generelt at det er eit stort behov for sterkare regionale strukturar. Slike ressursar kan arbeide med koordinering og prosjektleiing knytt til regionale aktørar på musikk- og dansefeltet. Dei bør ha mandat og midlar til å arbeide med produksjon, formidling, talentutvikling og instruktørarbeid, og fungere som bindeledd mellom lokale miljø og friviljuge lag, utdanningsinstitusjonar, kulturskular og profesjonelle kunstnarar.

Dersom målet er å styrkje dansefeltet som heilskap, må også folkedansen få ein tydelegare plass i dei regionale kompetansestrukturane for dans. Per i dag er Fjelldansen i Valdres det einaste regionale kompetansesenteret for folkedans..

Folkemusikken og folkedansen er tett samanvevde kunst- og kulturuttrykk, med felles tradisjonar, møteplassar og produksjonsmiljø. FolkOrg meiner difor at regionale sjangersenter for folkemusikk og folkedans utgjer den viktigaste infrastrukturen for å styrkje rekruttering, kompetanseutvikling, produksjon og formidling både for folkemusikken og folkedansen. Ei vidare utbygging og styrking av slike senter bør difor vere eit sentralt kulturpolitisk verkemiddel.

Per i dag har vi tre regionale sjangersenter for folkemusikk og folkedans: Folkemusikk Nord, Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans, og Sørnorsk Folkemusikksenter (ikkje på statsbudsjettet).

FolkOrg meiner at ei styrking av den regionale infrastrukturen er det viktigaste enkelttiltaket for å sikre rekruttering, kompetanseutvikling og aktivitet på folkedansfeltet i heile landet.

Visning, distribusjon og publikum

Ei av dei mest akutte utfordringane for scenisk folkedans er mangelen på visningsinfrastruktur og distribusjonsmoglegheiter. Innspela vi har fått frå profesjonelle kompani peikar i stor grad på den same utfordringa: Det er ofte lettare å få finansiert utviklinga av eit kunstprosjekt enn å få prosjektet vist for publikum i etterkant.

Dette er ei utfordring som folkedansen deler med store delar av dansefeltet. Samstundes blir konsekvensane særleg store for mindre sjangrar som allereie har avgrensa tilgang til etablerte nettverk og programmeringsarenaer.

Noreg har i dag fleire sterke produksjonsmiljø innan folkedans. Kunstnarleg kvalitet er ikkje hovudutfordringa. Utfordringa er at produksjonane i for liten grad kjem publikum til gode: Det blir skapt mykje god dansekunst, men mykje av kunsten blir vist få gonger og for relativt små publikumsgrupper. Resultatet blir svak publikumsutvikling og eit mindre synleg dansefelt.

FolkOrg meiner framtidig dansepolitikk i større grad må vektleggje distribusjon og publikum. Det bør etablerast sterkare insentiv for gjestespel, turnéar og samarbeid mellom kompani, kulturhus og arrangørar.

FolkOrg registrerer også at fleire aktørar peikar på ei skeivfordeling mellom midlar til nyproduksjon og midlar til gjenopptaking, distribusjon og turné. Resultatet kan bli at produksjonar med høg kunstnarleg kvalitet blir viste få gonger før dei forsvinn frå repertoaret. Dette er lite berekraftig både økonomisk og kunstnarleg.

FolkOrg meiner det bør vurderast tiltak som styrkjer moglegheitene for gjenopptaking, vidareutvikling og turné av eksisterande produksjonar. Dette vil kunne gi betre ressursutnytting, større publikumsgrunnlag og meir stabile arbeidsvilkår for kunstnarane.

Særleg er det viktig å styrkje dansen sin plass i kulturhusa. Mange kulturhus programmerer framleis lite dans samanlikna med musikk og teater. Dette reduserer både publikumstilgangen og moglegheita for langsiktig utvikling av dansefeltet.

FolkOrg meiner også at det bør vurderast korleis eksisterande turné- og visningsordningar kan utviklast for å sikre betre sjangerbreidde og sjangermangfald. Målet må vere at folkedans og andre underrepresenterte dansesjangrar får reelle moglegheiter til å møte publikum i heile landet.

Eit mangfaldig dansefelt krev eit mangfald av visningsarenaer.

FolkOrg ønskjer også å støtte innspelet frå Riksscena om behovet for prøve- og produksjonslokale. Det er eit udekt behov for prøve- og produksjonslokale for det frie dansefeltet på tvers av sjangrar - både det profesjonelle og det frivillige. Ved å utvikla klyngjer og sambruk kan store ressursar gjerast tilgjengelege for fleire og generera stor samfunnsverdi. Vi oppmodar departementet og kommunale styresmakter til å undersøkja moglegheita for eit dansesenter med prøve- og visningsareal i det nedlagde Popsenteret. Her sit ei rekkje aktørar klare for å utvikla arenaen i samarbeid med Riksscena.

Dansefesten som kunstnarisk arena

Ein av dei viktigaste innsiktene folkedansen kan bidra med inn i den vidare utviklinga av dansefeltet, handlar om forholdet mellom kunst og deltaking.

For folkedansen er ikkje sceneframsyninga den einaste eller nødvendigvis den viktigaste arenaen. Dansefesten står sentralt som møteplass for utøving, improvisasjon, samspel, læring og kunstnarleg utvikling.

På ein dansefest møtest profesjonelle og amatørar, unge og eldre, nybyrjarar og tradisjonsberarar. Her skjer kunstnarisk kommunikasjon i direkte samspel mellom musikarar og dansarar. Tradisjonar blir overførte, vidareutvikla og utfordra.

Dansefesten representerer difor noko meir enn eit sosialt arrangement. Han er ein arena for kunstnarisk praksis.

FolkOrg meiner at kulturpolitikken i større grad bør anerkjenne denne typen arenaer. Tilskotsordningar og verkemiddel må ta høgde for at folkedansen har andre hovudarenaer enn dei som tradisjonelt har dominert scenekunstfeltet.

I musikkpolitikken er det naturleg å sjå både konsertar, festivalar og andre framføringsformer som kunstnariske arenaer. Tilsvarande bør dansepolitikken vere open for at dans kan utøvast, utviklast og opplevast på fleire måtar enn gjennom tradisjonelle sceneframsyningar.

Dette handlar ikkje berre om folkedansen. Det handlar om å utvikle eit breiare og meir inkluderande syn på kva dans kan vere.

FolkOrg sine tilrådingar til Kultur- og likestillingsdepartementet

FolkOrg meiner at folkedansen illustrerer ei sentral utfordring i dagens kulturpolitikk: Ansvaret for immateriell kulturarv fell ofte mellom etablerte sektorar og verkemiddel. Folkedansen er kunstfelt, kulturarvfelt, opplæringsfelt og frivillig kulturaktivitet - alt på ein gong. Ein framtidsretta dansepolitikk må evne å sjå desse perspektiva i samanheng.

FolkOrg vil særleg peike på følgjande prioriteringar for den vidare utviklinga av dansefeltet:

  • Sikre reelt sjangermangfald i dansepolitikken og anerkjenne folkedans som ein naturleg del av dansefeltet.
  • Sette av ressursar til etablering og styrking av regionale strukturar innan folkemusikk- og folkedansfeltet.
  • Styrkje visningsarenaer, turnéordningar og gjestespelordningar for dans i heile landet.
  • Utvikle verkemiddel som stimulerer kulturhus og arrangørar til å programmere meir dans.
  • Sikre langsiktig utvikling av folkedansutdanninga ved Universitetet i Søraust-Noreg.
  • Sikre betre balanse mellom prosjektmidlar og støtte til langsiktig aktivitet, kompetansebygging og drift i både frivillig og profesjonelt arbeid.
  • Vurdere om det kan etablerast roller/stillingar som fylkesdansarar.
  • Anerkjenne dansefesten som kunstnarisk arena i relevante støtteordningar.
  • Sikre og styrke rammevilkåra for Riksscenen og andre institusjonar som arbeider med folkedans.
  • Utforme dansepolitikken slik at han ser samanhengen mellom kulturarv, deltaking, frivillig aktivitet og profesjonell kunstutøving.

Avslutningsvis vil FolkOrg peike på eit forhold som går utover dansefeltet åleine. Noreg manglar framleis ein samla politikk for immateriell kulturarv. FolkOrg viser til høyringsinnspelet vårt til NOU-en Musikklandet (2025), der vi tok til orde for ein nasjonal strategi eller ei stortingsmelding om immateriell kulturarv. Folkedansen og folkemusikken vil naturleg vere sentrale delar av eit slikt arbeid.

Avslutning

FolkOrg ønskjer eit dansefelt som er mangfaldig, inkluderande og framtidsretta.

Folkedansen representerer ei unik kopling mellom kunst, kulturarv, identitet og fellesskap. Han viser at dans kan vere både høgkunst og kvardagskultur, både profesjonell kunstutøving og frivillig deltaking. Nettopp denne breidda gjer folkedansen relevant i møte med mange av dei utfordringane kulturpolitikken står overfor i dag.

I ei tid der mange kulturinstitusjonar arbeider for å nå nye publikumsgrupper, styrkje deltakinga og byggje sterkare lokale fellesskap, representerer folkedansen erfaringar og praksisar som kan vere verdifulle for heile dansefeltet.

FolkOrg meiner at folkedansen ikkje berre er ein sjanger som treng støtte. Han er også ein del av løysinga på fleire av utfordringane dansefeltet står overfor.

Skal vi lukkast med å utvikle eit sterkt og mangfaldig dansefelt i framtida, må vi ta vare på både kunstnarskapa, dei frivillige miljøa og dei levande tradisjonane som gir kunsten røter, innhald og retning.

FolkOrg ser fram til vidare dialog med Kultur- og likestillingsdepartementet om korleis dette arbeidet kan styrkast i åra som kjem.

På vegne av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans

Aslak Brimi, dagleg leiar

Publisert: