Innspel om NRKs bidrag til mediemangfaldet

Kultur- og likestillingsdepartementet sendte rapporten «NRKs bidrag til mediemangfoldet» på høyring. Rapporten er utarbeiddav Medietilsynet på oppdrag fra departementet. Her ser du FolkOrg innspel til denne høyringa.
juni 2026
Høyringsinnspel frå FolkOrg – NRKs bidrag til mediemangfaldet og NRK-plakaten
FolkOrg nyttar høvet til å gi innspel til rapporten NRKs bidrag til mediemangfaldet og til vurderinga av NRKs framtidige samfunnsoppdrag. FolkOrg er ein nasjonal interesseorganisasjonen for folkemusikk og folkedans i Noreg.
Folkemusikken og folkedansen er berebjelkar i vår nasjonale identitet, men dei er sårbare i ein mediekvardag prega av kommersialisering og globalisering. Eit av FolkOrgs særskilte satsingsområde er difor å arbeide for at folkemusikk og folkedans er tilgjengeleg og i bruk, og at desse har ein sjølvsagt plass i NRK og andre mediehus.
Vi støttar høyringsinnspelet frå Norsk musikkråd og deler vurderinga av at NRK har eit særskilt ansvar for å formidle breidda i norsk musikkliv, også dei sjangrane og uttrykka som i liten grad blir løfta fram i kommersielle medium. Folkemusikk og folkedans er ein sentral del av den immaterielle kulturarven i Noreg og representerer både levande tradisjonar og nyskapande kunstuttrykk.
Eit levande mediemangfald krev ikkje berre at ulike musikksjangrar har eigne sendeflater, men at dei også får plass i dei store fellesarenaene. NRKs styrke som allmennkringkastar ligg nettopp i det å introdusere publikum for musikk, kultur og tradisjonar dei ikkje visste at dei var interesserte i. FolkOrg meiner derfor at NRK har eit særskilt ansvar for at folkemusikk og andre smalare sjangrar bør vere synlege ikkje berre i nisjetilbod, men også på dei kanalane og flatene som når breiast ut i befolkninga.
Vi vil særleg peike på at satsingar som serien Trollstemt har vist korleis NRK kan nå breitt ut med folkemusikkstoff og samtidig styrkje interessa for og kunnskapen om feltet. Slike produksjonar er viktige bidrag til både kulturmangfald og mediemangfald.
Overordna meiner FolkOrg at NRK bør vidareutvikle si rolle som formidlar av folkemusikk og folkedans gjennom:
- Redaksjonell dekning av feltet i nyheits-, kultur- og aktualitetsstoff
- Synleggjering av utøvarar, arrangørar og miljø frå heile landet
- Vidare satsing på eigne program og produksjonar som gir innsikt i musikken, dansen og kulturhistoriene rundt dei, og på same tid arbeide for at smale sjangrar som folkemusikken når ut til breiare delar av befolkinga
FolkOrg meiner derfor at dei komande styringssignala bør understreke NRKs ansvar for å spegle breidda i norsk kulturliv, inkludert folkemusikk og folkedans, og sikre at desse uttrykka framleis har ein naturleg og synleg plass i NRKs innhaldstilbod.
På vegne av FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans
Aslak Brimi, dagleg leiar
Publisert:
