Kompensasjon for TONO-utgifter for utøvarlag
.png)
No kan utøvarlag (lokallag, områdelag og faglag) søkje om kompensasjon for TONO-utgifter. Søknadsfristen er 21. september.
Lag som har arrangert konsertar i fyrste halvdel av 2026, kan no søkje FolkOrg om kompensasjon for TONO-utgiftene. Kravet for å få kompensert TONO-vederlaga, er at dei har fått søkt i forkant og fått løyve frå TONO til dei aktuelle konsertane.
Denne medlemsfordelen gjeld berre for konsertar der laget sjølv er både arrangør og utøvarane er medlemmar i laget.
Søknadsfristen for fyrste halvår 2026, er 21. september.
Les meir om ordninga og send inn søknad her (lenkje).
Lurar du på noko i samband med søknaden?
Ta kontakt med Live Visdal i FolkOrg - live@folkorg.no / 974 15 515.
Publisert:
