Fordeling av Aktivitetstilskot 2026

Stor interesse og rekordmange søknadar prega tildeling av Aktivitetstilskot 2026. Med ein samla pott på 440 000 kroner har 34 søkjarar fått støtte til å skape lokal aktivitet i folkemusikk- og folkedansmiljøet over store delar av landet.
Aktivitetstilskotet frå FolkOrg er ei samanslåing av dei tidligare ordningane Aktivitetstilskot, Rekrutteringssøtte og Danseaktivitet. Ordninga vart oppretta i 2021, og har som føremål å å styrke og stimulere til lokal aktivitet i heile folkemusikk- og folkedansmiljøet. Gjennom tilskotsordninga ynskjer FolkOrg å bidra til fleire arrangement, auka deltaking og rekruttering, samt levande aktivitetar over heile landet.
Auka tilskotsmidlar i 2026
På landsmøte i 2025 vart det vedteke at ein del av overskotet frå Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk skal førast attende til miljøet gjennom FolkOrg sitt Aktivitetstilskot. Dette har styrka økonomien i ordninga betydeleg.
I 2026 vart ordninga lyst ut med ein samla tilskotspott på kr. 440 000, der kr. 200 000 er frå FolkOrg sine eigne midlar, og kr. 240 000 er frå ein del av overskotet til Landskappleiken og Landsfestivalen i 2025.
Rekordstor søknadsinteresse
Søknadsrunda i 2026 synte ein særs stor interesse for ordninga: Det kom inn 88 søknadar med ein samla søknadssum på nesten kr. 1 500 000, mot 55 søknadar i 2025. Dette er det høgaste talet på søknadar sidan ordninga vart oppretta, og viser eit stort engasjement og aktivitet i miljøa.

Alvdal Spell- og danselag er av laga som får tildeling frå FolkOrgs Aktivitetstilskot 2026. Her frå Lagspel fele/hardingfele under Landsfestivalen i 2024. Foto: Liv Annette Nygjerdet
Tildeling til 34 prosjekt og tiltak
Av dei innkomne søknadane fekk 34 søkjarar innvilga stønad på totalt kr. 440 000.
Som i fjor var det langt fleire gode søknadar enn det var midlar til å støtte. På grunn av den store søknadsmengda måtte det gjerast harde prioriteringar, og fleire prosjekt som var innanfor retningslinene fekk diverre avslag.
HER KAN DU SJÅ ALLE MOTTAKARAR AV AKTIVITETSTILSKOT 2026 (pdf). pdf, 30.6 kB, åpnes i nytt vindu.
Har du spørsmål om ordninga? Ta kontakt med Live Visdal i FolkOrg:
live@folkorg.no
974 15 515
Publisert:
