Folkorg logo
Folkorg logo

Utlysing momskompensasjon

Momskomp_2026

No kan kan lokallag, områdelag, faglag og arrangørmedlemmar i FolkOrg søkje om momskompensasjon for rekneskapsåret 2025. Fristen er 1. august.

Søk om momskompensasjon for 2025

Alle lokallag, områdelag, faglag og arrangørmedlemmar i FolkOrg kan no søkje om momskompensasjon for rekneskapsåret 2025.

Kva er momskompensasjon?

Formålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet gjennom å kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.

Viktig å merke seg:

  • Søkjaren må vere registrert i Frivillighetsregisteret innan søknadsfristen
  • Det kun er mogleg å søkje momskompensasjon gjennom ein sentralorganisasjon

Nye reglar frå 1. januar 2026

Det har komme ei ny forskrift om momskompensasjon som gjeld frå 2026. Dette inneber nokre endringar i søknaden:

  • Alle søkjarar må leggje ved signert og godkjent årsrekneskap og revisjonsberetning

Rekneskapen må vere gjennomgått av ein revisor. Revisor kan ikkje vere medlem av styret eller ha ført rekneskapen. Det er ikkje krav om autorisert revisor.

Krav om årsrapport/årsmelding for 2025

I tillegg må søkjar vise til dokumentasjon som syner organisasjonen sin aktivitet i 2025:

  • Lokallag: Må sende inn årsrapport gjennom StyreWeb (denne tel som godkjent årsmelding)
  • Områdelag: Må kunne sende godkjent årsmelding dersom Lotteri- og stiftelsestilsynet ber om det
  • Faglag: Må kunne sende godkjent årsmelding dersom Lotteri- og stiftelsestilsynet ber om det
  • Arrangør: Må kunne sende godkjent årsmelding dersom Lotteri- og stiftelsestilsynet ber om det

Meir informasjon og søknad

Fullstendig informasjon om ordninga og søknadsskjema finn du her (lenkje).

Publisert: