Folkorg logo
Folkorg logo

Hels på Tusti - vår nye barnemaskot

Tusti er FolkOrgs nye barnemaskot. Tusti kjem til å vere med oss i arbeidet for barn og unge i organisasjonen.

 

Tusti er den snille, litt sjenerte vennen vår som helst gøymer seg bak ein grastust når det blir mykje folk. Men pass på… for med ein gong musikken startar, vaknar Tusti til liv!

Med blide auge og lodden pels kan Tusti danse dei artigaste dansane og spele den tøffaste dansemusikken – og armane og beina blir ekstra lange når rytmen tek over. Ingen klarar å sitje i ro når Tusti set i gong!

 

 

Tusti er FolkOrgs nye barnemaskot, og kjem til å vere med oss i arbeidet som vert gjort for barn og unge i organisasjonen. Maskoten og den grafiske profilen er utarbeidd av grafikar Trine G. Berg. Sjekk ut meir av det ho har laga inne på heimesidene hennar: negatrine.xyz Lenke til et annet nettsted.

Du vil møte Tusti for fyrste gong nå på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldans i sommar. Vi vonar også at laga og arrangørane tek i bruk Tusti som ein del av arbeidet med barn og unge i tida framover.

Superkappleik og Superfestival

Nye forskrifter frå helsedirektoratet gjer at vi ikkje lenger kan bruke omgrepet Sjokoladekappleik. I lag med FolkOrgs fagutval for arbeid med barn og unge har FolkOrg kome fram til at vi kjem til å bruke Superkappleik og Superfestival framover. Dette skal fortsette å vere ein super arena for barn under 12 for å vise fram dans, song og spel.

Til bruk for laga

Vi håpar at laga våre kan vere med å bruke Tusti knytt til aktivitetar og arrangement for og med barn og unge. I tillegg har vi fått utarbeidd ein FolkOrg-logo knytt til arbeid med barn og unge, og vi har moglegheit til å lage logoar i same stil til andre arrangement. Dette kan FolkOrg bidra med. Det vert også laga ferdige diplomar som kan nyttast.

Andre grafiske element er instrument og logo-roser, i tillegg til ulike variantar av Tusti sjølvsagt. Det har også blitt utarbeidd nokre aktivitetsark som lokale lag og arrangørar kan printe og bruke på teiknebord, aktivitetsbord osv.

Du finn info, tips og verkty knytt til denn grafiske profilen på DENNE sida.

 

Publisert: