Folkorg logo
Folkorg logo

Søk om å bli med på FolkleiarUng 2026/2027

Folkleiarung_2026

No kan du søke om å vere med på FolkleiarUng 2026/2027. Søknadsfristen er 27. august.

Prosjekt for unge folkemusikarar og folkedansarar

FolkleiarUng starta opp i 2021, og går til hausten inn i sjette runde. Målet med prosjektet er å rekruttere og utvikle nye leiarar og pedagogar, og å gje ungdom eit godt og inspirerande tilbod som aukar motivasjonen til å halde fram med spelet, dansen, songen og aktiviteten i lokallaga.

Målgruppa er unge dansarar, musikarar og songarar i alderen 15 – 25 år som ynskjer ekstra inspirasjon, fagleg utvikling og nye bekjentskap med andre folkemusikk- og folkedansinteresserte jamnaldringar frå resten av landet.

Prosjektet følger skuleåret med ei samlingshelg på hausten og ei på våren. I tillegg får alle deltakarane oppfølgingsbesøk av ein av instruktørane.

Frist: 27. august.

Les meir om prosjektet, og send inn søknad her (lenkje).

Publisert: