Folkorg logo
Folkorg logo

Innspel frå FolkOrg: Ung friviljugheit treng både røter og rom

FolkOrg var inviterte til å ha innspel på Kontaktkonferansen 2026. Det er Barne- og familiedepartementet som arrangerer denne innspelkonferansen, og temaet i år var "Forutsetnader for barn- og ungdomsfriviljugheit".

Tekst: Kristian Hanto (styreleiar) og Aslak Brimi (dagleg leiar)

Gode statsråd og statssekretær.

Takk for invitasjonen.

I FolkOrg representerer vi lag og miljø over heile landet som arbeider med folkemusikk og folkedans. For oss handlar ung frivilligheit om meir enn aktivitet – det handlar om å høyre til, om identitet, og om å vere ein del av eit levande fellesskap.

Ein ungdom som lærer ein slått, ein ballade eller lærar å danse springar, lærer ikkje berre den faktiske utøvinga. Dei går inn i ein tradisjon – ikkje minst ein forteljartradisjon knytt til stoffet – dei får eit forhold til kulturhistoria, dei møter andre på tvers av alder, og dei får ein plass og eit fellesskap der dei kan vekse – både som menneske og som medmenneske.

Me ser nokre tydelege utfordringar i tida me lever i.

Me er sikkert fleire her i dag som er opptatt av at ungdoms fritidsvanar er i endring. Mange unge ønskjer meir fleksibilitet og mindre forplikting. Våre aktivitetar krev ofte det motsette – tid og kontinuitet. Det kan vera krevjande i konkurranse med det store og breide spekteret av fritidssyslar.

Men nettopp her ligg også styrken vår. Me kan ikkje – og bør ikkje – konkurrere med det raske og uforpliktande. Me tilbyr noko anna: meistring, sterke fellesskap, ein stad å høyre til og opplevinga av å vera ein del av noko som er større enn ein sjølv. – For vår del i aktivitetar der barn og ungdom inngår i eit miljø som er på tvers av generasjonar.

Kontinuiteten i arbeidet i våre lag er særs viktig, og i så måte er tilgang til eigna lokale heilt avgjerande. Mange av våre lag slit med å finne rom for aktivitetane sine. Du kan ikkje lære samspel, dans eller songtradisjon i tilfeldige rom – eller på teams for den del.

Her meiner vi at skulen har ei nøkkelrolle. Skulebygg må i større grad fungere som opne og tilgjengelege kulturarenaer etter skuletid – med enkle ordningar – og faktisk og reell tilgang.

Og kva treng vi for å styrke ung frivilligheit?

Me treng rammevilkår som verdset det langsiktige – som legg vekt på ikkje berre kor mange som er innom, men kor mange som blir verande. Me treng tilgang til rom der fellesskap kan byggast. Og me treng investering i kompetanse og lokale leiarar.

For oss handlar ikkje frivilligheita berre om å vere innom. Det handlar om å høyre til, og vere ein del av eit miljø der generasjonar møtest – i gjensidig respekt.

Skal me lukkast med ung frivilligheit i åra framover, må me gje rom for både det som er nytt – og det som tek tid.

Takk.

Publisert: