Folkorg logo
Folkorg logo

Revidert budsjett 2026 - intet nytt under solen

Dagleg leiar i FolkOrg, Aslak Brimi _ Foto Thor Hauknes

Dagleg leiar i FolkOrg, Aslak Brimi _ Foto Thor Hauknes

FolkOrg og resten av folkemusikk- og folkedansfeltet hadde eit håp om at framlegget av revidert nasjonalbudsjett for 2026 skulle kome med gladnyheiter om løyving til nytt fag- og katalogsystem for folkemusikkarkiva. Det vart ikkje innfridd.

Kommentar av Aslak Brimi, dagleg leiar i FolkOrg

Det er sjeldan det er store og nye sakar som kjem på revidert budsjett. Likevel hadde vi ei von om at framlegg av årets revidert skulle gje oss ei gladnyheit. Vi har over lang tid arbeidd inn mot Kultur- og likestillingsdepartementet for å få forståing for den prekære situasjonen på arkivfeltet, og det store behovet for eit fag- og katalogsystem som er bygd for framtida. Vi har fått positive attendemeldingar, og vi veit det har blitt oppretta dialog mellom Nasjonalbiblioteket og departementet.

Difor vart det ekstra skuffande da det nå viste seg at det ikkje kom friske midlar til saka vår.

KORT OM SAKA

Over tid har det vore arbeidd med å skaffe midlar til å eit nytt fag- og katalogsystem for folkemusikkarkiva våre. Saken handlar om at den folkemusikalske arven vår må vere forsvarleg lagra og forvalta, alt av metadata må vere på plass og sikra, og han må vere så tilgjengeleg som mogleg for dei som ynskjer å nytte seg av han. Eit nasjonalt fagsystem for arkivering må på plass! Dette må initierast av staten gjennom nasjonalbiblioteket. Nasjonalbiblioteket sit klare for oppdraget, så det er berre pengar som manglar.

Krisa for arkiva var eit tema på eit seminar under Kulturytring i Drammen i juni 2025, noko som vart utgangspunktet for denne gode kronikken ført i pennen av Knut Aastad Bråten: Neglisjering av kulturarvenLenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

STATSBUDSJETTET FOR 2027

Eit nytt fag- og katalogsystem for folkemusikkarkiva er noko alle vi organisasjonane på folkemusikkfeltet er samstemte om, og dette blir ei felles sak inn mot departementet og familie- og kulturkomiteen framover. Nå skal vi jobbe på vidare for å få overbevist politisk leiing om at dette må på plass i budsjettet for 2027.

Her er vårt konkrete forslag til tiltak for statsbudsjettet for 2027:

  • Nasjonalbiblioteket får ansvaret for utvikling av eit nytt fagsystem for arkiva, og at det blir sett av inntil 5 millionar kroner til NB for å særskilt tilpasse deler systemet for folkemusikkarkiva, samt 2 millionar i årleg drift av systemet.

Publisert: