Folkorg logo
Folkorg logo

Stortingsvedtak 5.mai 2026: Regelstyring av momskompensasjonsordninga for friviljuge organisasjonar

Brekken spellmannslag Vågå2022_Foto FolkOrg/Solfrid Gjeldokk

Brekken spellmannslag Vågå2022_Foto FolkOrg/Solfrid Gjeldokk

Den 5.mai vedtok stortinget at momskompensasjonsordninga skal regelstyrast. Kva vil dette si for medlemane? Her er ein kommentar frå dagleg leiar i FolkOrg.

Momskompensasjonsordninga er ei fantastisk støtteordning for dei friviljuge organisasjonane! Dette er ei enkel ordning der frivillige lag og organisasjonar kan søkje om kompensasjon for momsutlegg på varer og tenester. Lokallaga i FolkOrg søker via FolkOrg.

Ordninga som FolkOrg er ein del av har det slik at alle lag får refundert ein viss prosent av driftsutgiftene sine. Grunnlaget er godkjent rekneskap frå årsmøtet.

Dette er som sagt ei veldig bra ordning, og noko som kulturfriviljugheita har vore samla og einige om. Og så har det vore litt opp til regjeringa om det skulle vere noko tak på bevillinga til denne ordninga. Det har altså ikkje vore gitt at ordninga hadde finansiering til full uttelling. Mange i kultur- og organisasjonslivet - mellom anna FolkOrg - har lenge peika på at dagens ordning ikkje har halde tritt med den faktiske aktiviteten i frivilligheita.

Når kompensasjonen år etter år har vore underfinansiert, har det skapt uforutsigbarheit. Det har - dersom vi skal sette det på spissen - i praksis straffa dei som har teke på seg meir aktivitet, fleire arrangement og større ansvar i lokalsamfunna.

Stortingets vedtak 5. mai om å innføre regelstyring av momskompensasjonsordninga markerer eit viktig vendepunkt for frivillig sektor.

Frå FolkOrg sitt ståstad er dette stortingsvedtaket eit tydeleg signal om at frivillig sektor blir tatt på alvor. Ei regelstyrt ordning kan bidra til at organisasjonar som driv kulturarbeid, opplæring og arrangement over heile landet, får ein meir rettvis og føreseieleg kompensasjon for kostnader dei ikkje kan påverke sjølve. For mange av våre medlemslag handlar dette om heilt grunnleggjande føresetnader for å kunne halde fram med å skape møteplassar, tradisjonsbering og aktivitet på tvers av generasjonar.

Kva betyr det i praksis:

  • Når ei ordning er regelstyrt fungerer den som ein lovfesta rettigheit. Så lenge organisasjonen og utgiftene oppfyller kriteriene, så er du innafor ordninga og ein er sikra støtte.
  • Nå slepp frivilligheita å "kjempe" kvart år for å sikre midlar til ordninga. Regelstyring sikrar full momskompensasjon uavhengig av politiske prioriteringar.
  • Betre planlegging! Nå kan alle lag og organisasjonar faktisk budsjettere med denne støtta.

Det er avgjerande at detaljane i modellen for regelstyringa blir utforma i tett dialog med sektoren. Erfaringa viser at små justeringar i regelverk kan få store utslag for dei minste og mest sårbare laga. Det er derfor viktig at implementeringa blir grundig, open og lyttande, slik at ordninga faktisk styrkjer - og ikkje svekkjer - breidda i kulturfriviljugheita.

FolkOrg vil følgje prosessen nøye og bidra med kunnskap og erfaringar frå våre medlemmar. Målet er enkelt: Ei momskompensasjonsordning som speglar den reelle innsatsen frivilligheita legg ned, og som gjer det lettare, ikkje vanskelegare, å skape aktivitet med levande folkemusikk- og folkedans rundt om i heile landet.

Aslak Brimi _ Foto Thor Hauknes

Dagleg leiar i FolkOrg, Aslak Brimi _ Foto Thor Hauknes

Stortingets vedtak i sin heilskap:

Stortinget ber regjeringen legge fram forslag om å regelstyre finansieringen av momskompensasjonsordningen for frivillige organisasjoner innen framleggingen av statsbudsjettet for 2027.

II

Stortinget ber regjeringen sørge for at momskompensasjonsordningen fortsatt gir 100 prosent kompensasjon for frivillige organisasjoners merverdiavgiftskostnader, basert på gjeldende forskrift, og at ordningen ikke kan avkortes.

(Representantforslag 110 S (2025–2026))

Publisert: