Høyringsinnspel til NOU 2026:1 Ein berekraftig kommunesektor

Bergrosas venner Landsfestivalen 2022 Foto:FolkOrg/Solfrid Gjeldokk
Her er FolkOrg sitt innspel til NOU 2026:1 Ein berekraftig kommunestruktur, der vi mellom anna problematiserer det presset som kommunane får med trongare økonomi, og at kulturen og friviljugheita truleg lett vert nedprioritert. Stor fridom og mindre øyremerking, og samtidig trongare økonomi, fører til prioriteringspress. Dette kan føre til dårlegare forutsigbarheit for friviljugheita og kulturen.
Høyringsinnspel til NOU 2026:1 Ein berekraftig kommunesektor
Frå FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans
FolkOrg viser til utvalet si første delutgreiing og støttar ambisjonen om ein meir berekraftig kommunesektor med betre ressursutnytting og større lokalt handlingsrom. FolkOrg vurderer særleg utvalet sine forslag om auka rammestyring og redusert bruk av øyremerkte tilskot. Samstundes vil vi peike på at kulturfeltet – og særleg den immaterielle kulturarven og det frivillige kulturlivet – i liten grad er behandla i utgreiinga, trass i at dette er område som blir direkte påverka av dei føreslåtte endringane.
Utvalet sine analysar tek utgangspunkt i auka prioriteringspress som følgje av trongare økonomi og mangel på arbeidskraft. I ein slik situasjon er det avgjerande å erkjenne at kultur og kulturarv ofte er blant dei områda som vert nedprioriterte først. Dette trass i deira betydning for levande lokalsamfunn, tilhøyrsle og deltaking. Sjølv om kulturfeltet utgjer ein avgrensa del av den samla ressursbruken i kommunane, har det stor betydning for måloppnåing på andre område, som folkehelse, inkludering og attraktivitet.
Auka handlingsrom gir auka risiko for nedprioritering
Utvalet legg til grunn at redusert statleg detaljstyring og auka rammestyring vil gi kommunane betre moglegheit til å tilpasse tenestene til lokale behov. FolkOrg vil understreke at auka handlingsrom også inneber auka prioriteringspress.
Erfaring tilseier at kulturfeltet, og særleg den delen som ikkje er lovpålagd, taper i konkurranse med andre oppgåver. Dette gjeld i stor grad det friviljuge kulturlivet og arbeidet med immateriell kulturarv. Utan tydelege nasjonale forventningar eller verkemiddel som sikrar eit minimumsnivå, er det ein reell risiko for ei gradvis nedbygging av desse områda.
Frivilligheita som berebjelke – og sårbar struktur
Det frivillige kulturlivet er ein grunnleggjande del av den kulturelle infrastrukturen i Noreg. Innan folkemusikk og folkedans er det frivillige organisasjonar som i stor grad står for aktivitet, opplæring og rekruttering.
Denne strukturen avhengig av kommunal tilrettelegging – tilgang til øvingslokale, små tilskot og samarbeid med kulturskule og andre lokale aktørar. Sjølv relativt små kutt eller endringar kan få store konsekvensar for aktivitet og kontinuitet. Når kommunane får større fridom til å prioritere, må det difor også vurderast korleis ein kan unngå å svekkje nettopp dei strukturane som bidreg til deltaking, inkludering og lokal mobilisering – ofte med låg ressursbruk.
Behov for ei differensiert tilnærming til styring
FolkOrg støttar behovet for forenkling og reduksjon i statleg detaljstyring. Samstundes vil vi understreke at ikkje alle politikkområde eignar seg like godt for full rammestyring.
For kulturfeltet – og særleg for kulturarv og frivilligheit – er det nødvendig å vurdere kva verkemiddel som faktisk sikrar nasjonale mål om tilgang, deltaking og mangfald. Ei einsidig innlemming av fleire øyremerkte tilskoti rammetilskotet kan kan svekkje føreseielegheita for friviljugheita, og kan potensielt auke geografiske skilnader og svekkje grunnlaget for aktivitet i delar av landet. Sjølv om tilskot til kultur ikkje er direkte nemnde i lista, vil prinsippet om innlemming kunne få konsekvensar dersom det blir vidareført i seinare reformer.
Kultur og immateriell kulturarv som del av berekraftig samfunnsutvikling
Folkemusikk og folkedans er sentrale delar av den immaterielle kulturarven, og blir i stor grad borne av frivillige miljø i tett samspel med kommunale strukturar. Denne kulturarven representerer ikkje berre tradisjon og historie, men levande praksisar som skaper fellesskap, identitet og lokal forankring.
I eit berekraftsperspektiv handlar dette også om langsiktig ressursforvalting. Immateriell kulturarv er særleg sårbar for brot i overføring mellom generasjonar. Når aktivitet og arenaer blir svekte, kan kunnskap og praksis gå tapt på måtar som ikkje let seg gjenopprette. Arbeidet med immateriell kulturarv er samstundes kompetansebasert og avhengig av kontinuitet i miljø og kunnskapsoverføring. Svekte rammer kan føre til tap av slik kompetanse, som det er krevjande og kostbart å byggje opp att.
Avsluttande merknad
Utvalet sine forslag føreset at kommunane gjer gode og heilskaplege prioriteringar i ein situasjon med trongare økonomi. FolkOrg vil understreke at utan ei tydeleg anerkjenning av rolla til kultur, kulturarv og friviljugheita, er det ein risiko for at desse områda systematisk blir nedprioriterte.
FolkOrg meiner at departementet må sikre at kultur, frivilligheit og immateriell kulturarv blir vurdert særskilt i det vidare arbeidet til kommunekommisjonen. Vi meiner at desse områda ikkje bør underleggjast full rammestyring utan at det samtidig blir etablert verkemiddel som sikrar nasjonale mål om deltaking, mangfald og berekraftig forvalting av kulturarven.
Publisert:

