Webinar med StyreWeb
No kan tillitsvalde i medlemslag i FolkOrg melde seg på webinar med StyreWeb.

Webinar om innlevering av årsrapport og ny portal
FolkOrg inviterer i samarbeid med StyreWeb, til webinar for alle lokallag. Webinaret vert halde to gonger, slik at flest mogleg kan delta.
Tidspunkt
- Onsdag 11. februar kl.18.00 - 19.30
- Onsdag 25. februar kl. 13.00 - 14.30
Stad
- Digitalt møte via Teams
Kva handlar webinaret om?
Jannicke Taftø frå StyreWeb vil vise korleis lokallag kan levere årsrapport for 2025 i StyreWeb. Det blir også ein gjennomgang av den nye menystrukturen i portalen.
Det blir satt av tid til andre spørsmål om StyreWeb til slutt. Dersom du ønskjer at bestemte tema eller modular skal bli tekne opp, kan du melde dette inn i påmeldingsskjemaet.
Innlevering av årsrapport for 2025
StyreWeb er medlemssystemet FolkOrg nyttar, og alle medlemslag har tilgang til systemet. Alle lokallag skal levere årsrapport for 2025 gjennom StyreWeb.
Årsrapporten gje grunnlaget for pengestøtta FolkOrg fordeler vidare til laga og for driftsstøtta til organisasjonen.
Per i dag er det berre lokallag som kan levere årsrapport direkte i StyreWeb. Områdelag og faglag vil få tilsendt eige skjema som skal fyllast ut og sendast inn på e-post.
Frist for innlevering av årsrapport: 13. mars
Påmelding
Du kan melde deg på webinar 11. eller 25. februar her:
Påmeldingsskjema Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Lenke til Teamsmøte vil bli sendt på e-post dagen før.
Lurar du på noko i samband med webinaret?
Ta kontakt med rådgjevar for lokallag i FolkOrg Live Visdal - live@folkorg.no / 974 15 515.
Publisert:

