Folkorg logo
Folkorg logo

Utlysing av ei 50%-stilling som prosjektmedarbeider og produsent

Vil du jobbe i ein organisasjon som skapar blest og engasjement for folkemusikk og folkedans? Vil du vere med på laget for å utvikle og drifte ulike prosjekt i organisasjonen?

Vi byr på ei spennande og variert stilling for deg som er oppteken av folkemusikk og folkedans.

 

FolkOrg søkjer ein engasjert og handlekraftig prosjektmedarbeidar til å arbeide med varierte oppgåver i organisasjonen. Vedkommande får ansvaret for å drifte og bidra i ulike av FolkOrgs prosjekt.

Arbeidet vil gå føre seg i tett samarbeid med dei andre tilsette i organisasjonen.

Døme på oppgåver i stillinga:

  • Ansvar og varierte arbeidsoppgåver, planleggings- og koordineringsarbeid knytt til ulike prosjekt i organisasjonen
  • Handsaming av tilskotsordningar i organisasjonen
  • Produsent og koordineringsarbeid på Folkelarm i tett samarbeid med prosjektleiar
  • Generelt SoMe-, marknadsføring- og pressearbeid
  • Medlemskontakt

Ønska kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning innan folkemusikk/Folkedans, kulturleiing eller organisasjonsarbeid.
  • Kjennskap til folkemusikk- og folkedansfeltet.
  • Erfaring frå folkemusikk- og folkedansfeltet, enten på det friviljuge eller profesjonelle planet.
  • Prosjektleiing og prosjektdrifting.
  • Ein god penn og godt språk - både på nynorsk og bokmål. Må også vere trygg i engelsk.
  • Evne til informasjonsstrategisk tenking og sjølvstendig arbeid.
  • Kompetanse og erfaring frå publisering og sosiale medium.
  • God evne til dialog med folk i det friviljuge feltet.
  • Kompetanse på grafisk formgjeving og t.d. bruk av Canva, inDesign osb.

Anna info:

Arbeidsstad er på FolkOrg sitt kontor i Møllergata 39 i Oslo.

Løn etter avtale. Den tilsette vil bli innlemma i organisasjonen sin pensjonsavtale.

Næraste overordna er dagleg leiar. Ein må rekne med noko ugunstig arbeidstid knytt til somme arrangement iløpet av året, t.d. landsmøte, Folkelarm, Landskappleiken og Landsfestivalen.

I tråd med utvikling i organisasjon og administrasjon kan det kome justeringar i ansvarsområdet for stillinga.

 

SØK PÅ STILLINGA PÅ FINN.NO. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Publisert: