Kompensasjon for TONO-utgifter
No kan lokallag, områdelag og faglag søkje om kompensasjon for TONO-utgifter for andre halvdel av 2025. Fristen er 27. februar.

Sidens brødtekst bør være enkel å forstå og kortfattet. Del gjerne op teksten i kortere stykker for å underlette lesingen och tenk på å fortelle det viktigste først.
FolkOrg refunderer TONO-utgiftene
Ettersom TONO-avtala har vore eit gode for våre medlemer ynskjer FolkOrg framleis at lokallag skal sleppe å betale TONO-utgifter. Styret i FolkOrg har derfor bestemt at FolkOrg skal dekkje noko av TONO-utgiftene for sine lokallag og områdelag.
Lag som har søkt om løyve i samband med konsertar, kan no søkje om kompensasjon for noko av TONO-utgiftene. Kravet for å få kompensert TONO-vederlaga, er at dei har fått søkt i forkant og fått løyve frå TONO til dei aktuelle konsertane.
Søknadsfristen for andre halvår 2025, er 27. februar.
Meir informasjon om ordninga og søknadsskjema, finn du her (lenkje). Åpnes i nytt vindu.
Lurar du på noko i samband med søknaden?
Ta kontakt med Live Visdal i FolkOrg - live@folkorg.no / 974 15 515.
Publisert:

