Seminarhelg 7.-8.mars 2026

Har du lyst til å lære meir om dømming av spel, vokal og dans?
Er du ungdom og vil lære meir om organisasjonsarbeid og korleis det er å vere tillitsvald i ein frivljug organisasjon?
Velkommen til vår seminarhelg 7. og 8. mars på Riksscenen!
To-delt seminarhelg med variert program!
Vi legg opp til eit variert program med både felles-tema og parallelle seksjonar for alle som deltek.
Dommarseminar med overordna tema: repertoar
Seminara er for deltakarar frå heile landet som ynskjer fagleg påfyll og som vil lære om dommargjerninga. Ein treng ikkje å ha erfaring frå dømming for å delta, men det er ønskjeleg at ein har kunnskap/erfaring innan spel, vokal eller dans for å få godt utbytte av seminara.
Laurdag formiddag vert det to fellestema for alle. Overordna tema for dommarseminara er repertoar, og vi startar med ei panelsamtale og følgande spørsmål: Er tevlingssituasjonen på kappleik og festival ein for konservativ arena?
Vi fortsetter med temaet LYDSETTING. Korleis sette god lyd på tradisjonelle akustiske folkemusikkinstrument? Korleis sette lyd på lagspel? Tor Magne Hallibakken gjev oss ei innleiing og presentasjon, og svarer på spørsmål.
Sundagen vert det felles seminar for spel og vokal og debatt om dømming av blanda klasser, noko som er interessant både for landskappleik og landsfestival og ikkje minst for lokalkappleikar.
Sjølv om delar av dommarseminaret er felles for spel, vokal og dans vert og delar av seminarhelga delt inn i dei tre ulike felta. Det vil bli tid til prøvedømming, diskusjon og refleksjon etter dømming som er særskilt for spel, vokal og dans. Det vert og gjennomgang av dommarskjema, retningsliner, dommarrolla med meir. Ein må difor velje mellom spel, vokal og dans i påmeldingsskjemaet.
Desse dyktige folka loser oss gjennom dei ulike seminardelane:
Spel: Sivert Holmen og Rikke van Ommeren
Dans: Mette Vårdal og Ellen Persvold
Vokal: Berit Opheim
Les også artikkelen på folkemusikk.no om seminarhelga: Vil utfordre kappleiken – inviterer til seminarhelg med debatt og dommarkurs Lenke til et annet nettsted.
Arrangørfokus for FolkOrg-arrangement er utsett!
Seminar-rekka med fokus for arrangørar for Lokalkappleikar, Landsfestivalen i gammaldansmusikk og Landskappleiken vert utsett til FOLKELARM-helga i november.
På grunn av lite påmelding til seminar-rekka for våre arrangørar vert denne delen av seminarhelga utsett til hausten. Vi ønskjer å invitere til arrangørfokus som ein del av Folkelarm 19.-22. november på Riksscena i Oslo.
Organisasjonsarbeid for ungdom
Er du mellom 15 og 25 år og har eit tillitsverv i eit lokallag eller områdelag – eller kanskje du er nysgjerrig på organisasjonsarbeid og vil lære meir? Då er dette ei gylden moglegheit til å få ny kunnskap, møte andre engasjerte ungdommar og bli inspirert til vidare engasjement.
Rikt program på Riksscena
Både fredag 6. mars og laurdag 7. mars er det flotte arrangement på Riksscenen som ein kan få med seg. Fredag er det ISTEM – tingingsverk til Telemarkfestivalen. Laurdagskvelden startar med plåtelsepp med Håvard Svensrud og fortsett med stor dansefest med 3B, Over Stok og Steen og Buss for Tog. Sjekk ut programmet til Riksscena og kjøp deg gjerne billett i god tid! Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Same helg arrangerer Noregs Ungdomslag seminar/kurs i Oslo, Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. så det ventast mange folkemusikk- og folkedansinteresserte til byen denne helga.
Program for seminarhelga
Fredag
20.00 – Riksscenen: ISTEM, konsert og dans på Riksscenen Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Laurdag
10.00 – Velkommen på seminarhelg - Felles samling for alle
10.15 – Er tevlingssituasjonen på kappleik og festival ein for konservativ arena? - Panelsamtale
10.15 – Organisasjonsarbeid for ungdom - ilag med LNU - Seminar for ungdom
11.00 – Korleis gjere god lyd for folkemusikk i tevling og til dans? - med Tor Magne Hallibakken
12.00 – Tryggheit, samhold og inkludering på tvers av generasjonar - ilag med Balansekunst
12.45 – Lunsj
13.30 – Dommarseminar i dans, spel og vokal
17.00 – Seminarslutt for i dag
18.00 – Riksscenen: Plateslepp med Håvard Svensrud Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
19.15 – Riksscenen: Kræsjkurs i gamaldans med Stian Roland og Ingrid Voldhaug Roland
Sundag
10.00 – 13.00 – Dommarseminar i dans, spel og vokal
13.00 – Lunsj og avslutning
Påmelding innan 27. februar
Du betaler for påmeldinga med det same anten med kort eller vipps.
Påmeldingsavgifta dekkjer servering og lunsj begge dagar.
Arrangørfokus:
Denne delen av seminarhelga er utsett til FOLKELARM 19. - 22. november på Riksscenen i Oslo.
Ungdomskurs:
Gratis - les meir her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Dommarseminar:
Medlem i FolkOrg kr 350,- inkl avgift
Ikkje medlem kr 650,- inkl avgift
Alle som vil kan vere medlem i FolkOrg, du kan melde deg inn her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Manglar du medlemsnummeret ditt kan du sende sms med kode "FolkOrg" til 1950 og få ditt medlemsnr tilsendt (gratis tjeneste).
Overnatting:
Treng du overnatting kan du få tilsendt rabattkode på Anker Hotell etter at du har meldt deg på, det kjem ein eigen epost om dette. NB! Merk at det kan verta fullt på hotellet så meld deg på i god tid, det er ikkje sikkert det er nok rabbaterte hotellrom til alle.
Klikk her for å melde deg på seminarhelga Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Våre samarbeidspartnarar i semianrhelga:

.png)


Publisert:

