Momskompensasjon - Fordeling 2025
.png)
16. desember 2025 kom fordelinga av momskompensasjon frå Lotteri- og stiftelsestilsynet for 2024. Kr. 1 933 384,- vert fordelt på områdelag, lokallag, arrangørmedlemmar og aksjeselskap.
Lokallag, områdelag, arrangørmedlemmar og aksjeselskap søkte i august 2025 om momkompensasjon med grunnlag i årsrekneskapen for 2024 gjennom FolkOrg.
Fordelinga av momskompensasjon frå Lotteri- og stiftelsestilsynet, vart som følgjer: 8 områdelag, 54 lokallag, 5 arrangørmedlemmar og 1 aksjeselskap, totalt 68 søkjarar, fekk til saman kr. 1 933 384,-.
FolkOrg, som sentralledd, fekk kr. 771 036,-.
Frist for å søkje momskompensasjon er i august kvart år. Neste søknadsfrist for momskompensasjon er 1. august 2026.
Avkorting i årets tildeling
På grunn av stor søknadssum, og bevilging frå departementet i utgangspunktet ikkje ga full kompensasjon, har Lotteri- og stiftelsestilsynet avkorta det godkjende søknadsbeløpet med 8,22 %. Dette gjeld alle organisasjonar på ordninga. Regjeringen har foreslått å bevilge ekstra midlar for å sikre at alle søkjarar får full momskompensasjon. Forslaget skal opp som sak i Stortinget før jul. Viss det nye forslaget blir vedteke, vil det bli gjennomført ei tilleggsutbetaling i løpet av januar 2026.
Oppdatering januar 2026:
Forslaget om full momskompensasjon vart vedteke i Stortinget, og det er særs gledeleg at alle søkjarar fekk full momskompensasjon. Opddatert liste over søkjarar med justert tildelingsbeløp ligg vedlagt nederst i artikkelen.
VIKTIG!
Vi ser at det framleis er lag som ikkje er registrert i Frivillighetsregisteret. Vi gjer merksame på at det i forskrifta frå 2019 er krav om at alle mottakarar, også underledd og aksjeselskap, skal vere registrert i Frivillighetsregisteret. Lag kan enkelt registrere seg i Frivillighetsregisteret her (lenkje). Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Foto: FolkOrg
Publisert:

