Folkorg logo
Folkorg logo

Utlysing rekrutteringsmidlar Dextra Musica 2026

FolkOrg lyser ut ny runde med rekrutteringsmidlar frå Dextra Musica. Midlane skal gå til større rekrutteringsprosjekt for born og unge innan folkemusikk og folkedans. Søknadsfristen var 30. januar 2026.

FolkOrg har sidan 2017 delt ut midlar til større rekrutteringsprosjekt innan folkemusikk og folkedans i Noreg. Midlane er gjeve av Sparebankstiftelsen DNB og Dextra Musica, og FolkOrg har vorte tildelt rekrutteringsmidlane i fleire rundar. Den siste tidelinga kom sumaren 2023, då FolkOrg fekk tildelt midlar for tre nye år (2024 – 2026).

Søknadsfristen var 30. januar.

Kva kan det søkjast støtte til?
Det kan søkjast støtte til både nye og eksisterande rekrutteringsprosjekt for born og unge innan folkemusikk og folkedans i Noreg. Det er krav om ein viss storleik og lengde på prosjekta. Vi oppmodar søkjarane til å tenkje kreativt og nyskapande. Skap gjerne prosjekt som samarbeider med ulike aktørar på feltet.

Eit av hovudmåla med denne stønadsordninga er å hjelpe i gang solide rekrutteringsprosjekt som fører til varige tilbod. Prosjekta det søkjast midlar til må difor ha ein tydeleg intensjon om langvarig aktivitet og ein plan for vidare drift etter at stønaden frå FolkOrg er avslutta. Det er til dømes positivt om prosjektet viser til fleire økonomiske bidragsytarar og at det blir lagt fram ein plan for korleis de vil jobbe for å sikre vidare finansiering etter at stønaden frå FolkOrg og Dextra Musica er avslutta.

Det er ingen krav til bruk av profesjonelle aktørar, men det er ønskeleg at prosjektet knyter til seg dyktige instruktørar, gode førebilete og eldsjeler.

Vi ønsker at prosjekta har ei god skildring av korleis dansen og musikken kan gå hand i hand i opplæringa. Vidare ønsker vi ei skildring av dei ulike opplæringsarenaene som er tenkt nytta. Vi oppmodar om å tenkje på tvers av generasjonar og nytte møteplassar for dans og dansespel for unge og eldre.

Det kan ikkje søkjast støtte til:
– Ordinær drift/øvingar
– Enkeltarrangement

Prosjektskildringa bør innehalde:
– Ei tydeleg og konkret framstilling av prosjektet
– Målet med prosjektet
– Namn på ønska instruktørar
– Namn på ønska samarbeidspartar
– Skissert plan for prosjektet
– Ein tydeleg plan for vidare drift av prosjektet etter at støtta frå FolkOrg og Dextra Musica er avslutta

Obligatoriske vedlegg:
– Prosjektskildring
– Budsjett
For prosjekt som har motteke rekrutteringsmidlar i 2025, skal årsrapport og rekneskap for 2025 leggjast ved søknaden

Eventuelle vedlegg:
– Avtaler/intensjonsavtaler
– Lydfiler, video etc.

Er du usikker på korleis du skal setje opp budsjett? Klikk her for å sjå døme på budsjett.

Det kan søkjast om stønad for eit år om gongen, og søkjaren vel sjølv om de følgjer kalenderåret eller skuleåret. Dersom eit prosjekt kan vise til godt gjennomført prosjektår, vil prosjektet bli prioritert i neste års tildeling. Dette blir gjort for å skapa ei føreseieleg utvikling for prosjekta. Stønaden vil deretter gradvis bli trappa ned, og FolkOrg forventar at prosjekta frå starten av jobbar målretta for å sikre vidare finansiering etter at stønaden frå FolkOrg og Dextra Musica er avslutta.

SØKNADSSKJEMA ER NO STENGT.

Spørsmål til søknaden kan rettast til Live Visdal
Tlf: 974 15 515, e-post: live@folkorg.no

 

Dette er rekrutteringsprosjekta som til no har fått stønad i eit eller fleire år:

  • Arvtakerne ved Scenekunstverket ved Skankegården AS (Porsanger)
  • Bølingen ved Akershus Musikkråd (Oslo og Akershus)
  • Dans på Gildevangen (Steinkjer)
  • Dansefolk og folkedans (Bergen)
  • Folk-verksted Buskerud (Buskerud)
  • Folkedans for barn med minoritetsbakgrunn (Midt-Telemark)
  • Folkedansespor (Sogn og Fjordane)
  • Folkedansopplevingar (Voss)
  • FolkemusikkUNG (Valdres)
  • FolkRekrutt (Gudbrandsdalen)
  • FolkRekrutt Røros
  • Fuglen ved Ryfylkemuseet (Stavanger)
  • Gorrlaus ved Setesdal Spelemannslag (Agder)
  • HardingFolk (Hardanger)
  • JUBELfolk (Oslo)
  • Kulturverkstad:FOLK ved Kalottspel (Målselv)
  • Lausdans og Hallingkast (Hardanger)
  • Morgondagens spelemenn (Bergen)
  • Nøringen (Voss/Hardanger)
  • OsterFolk (Vestland)
  • OsterFolk - dans (Vestland)
  • Polsdans mot Bodø 2024 (Nordland)
  • Raudan Gull (Møre og Romsdal)
  • Samspel og dansemusikk (Voss)
  • Spelemannslaget Laust og Fast (Midt – Norge)
  • SPREK! ved Hedmark Folkemusikklag
  • Tragder (Aust-Agder)
  • TrønderTakt (Trøndelag)
  • TØFT (Sogn og Fjordane)
  • Ung Halling (Hallingdal)
  • UngFolk Gjøvik
  • Øyrafolk (Sunnmøre)

 

Publisert: