Dansen som møteplass
.jpg)
Dansefest_Kolden og Co_Foto: Thor Hauknes
FolkOrg har fått pengegåve frå Sparebankstiftelsen DNB til å sette fokuset på den sosiale dansen.
Det er stor interesse for å danse folkedans om dagen. Men kvar skal det dansast, og klarer vi å få med heile lande på denne dansebølga?
Den sosiale dansen og det sosiale spelet har alltid vore viktig i folkemusikkmiljøet. Det å møtast på tvers av generasjonar og danse ilag til god musikk, er av det mest fundamentale. Og så ser vi at dei siste 20-30-åra har det blitt færre samankomstar med dansen som møteplass. Det blir færre og færre dansefestar og dansekveldar. Kan vi prøve å gjere noko med dette?
Gjennom 2026 skal vi prøve å arbeide for å vekke til livet dansefestane. Vi skal ta utgangspunkt i gode og eksisterande format for korleis få til ein god dansedag eller -kveld. Og ikkje minst prøve å få til økonomiske insentiv for at lokale lag og arrangørar skal arrangere ein dansefest eller to.
I 2026 skal vi gjennomføre 5-10 ulike arrangement rundt om, der målet er å sjå på kva som fungerar og ikkje. Slik kan vi opparbeide kunnskap og erfaring - som både nye og aktuelle arrangørar kan dra nytte av.
Ein av "best practice" per i dag er å ha eit kræsjkurs i forkant av dansefesten. Under Dans Dans Dans i slutten av januar 2026 skal vi ha eit "Kræsjkurs i kræsjkurs" med Sigurd Heide. Målet er at gjennom dette prosjektet skal vi kunne finansiere at ein danseinstruktør eller to har kræsjkurs i forkant av dansefesten, og blir også med som dansevert/dansehare iløpet av kvelden. Og god og levande dansemusikk er sjølvsagt viktig.
Er du danseinstruktør og kunne tenkje deg å bli med i vår "pool" av instruktørar vi kan sende ut? Ta gjerne kontakt, og ikkje minst meld deg på kurset på Dans Dans Dans.
Er du med i eit lokallag eller ein folkemusikkarrangør, og har lyst til å prøve ut å ha ein dansefest ila våren eller hausten? Ta gjerne kontakt.

Publisert:

