Årets folkemusikkarrangør 2025

Kva skal til for å skapa ei levande folkemusikkscene der det eigentleg ikkje finst noko frå før? Det
krev mot, uthald – og ei urokkelig tru på at musikken fortener ein plass i byens kulturliv.
Årets arrangør 2025 er Gorrlaus konsertserie i Stavanger
Om vinnaren seier juryen:
Kva skal til for å skapa ei levande folkemusikkscene der det eigentleg ikkje finst noko frå før? Det
krev mot, uthald – og ei urokkelig tru på at musikken fortener ein plass i byens kulturliv.
På berre nokre få år har vinnaren bygd opp ein konsertserie som har blitt eit lysande samlingspunkt for folkemusikken i ein region der sjangeren tidlegare hadde liten plass. Publikum møter opp – og lyttar. Til solokonsertar, til tonale utforskingar, til utøvarar som vågar å gå i djupna. Fullt hus, gong pa gong.
Dette er ikkje berre ein konsertserie, men eit stadig voksande kulturprosjekt. Nye format og
idear spring fram: formiddagskonsertar, barnearrangement, musikkprat og dansespel som held
fram etter konsertane. Prosjektet samarbeider pa kryss og tvers i byen – med kulturhus, kyrkjer,
botanisk hage og arkivmiljø – og inviterer inn lokale aktørar på ein inkluderande og
inspirerande måte.
For alle oss som er glade i folkemusikken, har denne satsinga vore som ei gåvepakke: ho har
skapt nytt publikum, tiltrekt unge lyttarar og inspirert nye utøvarar både innan spel og dans.
Årets pris går til ei drivande kraft og eit heilt miljø, til ein konsertserie som på rekordtid har
etablert seg som ein sentral arena for folkemusikk i Stavanger.
FolkOrg gratulerer!
Sist oppdatert
Publisert:

