Folkelarm 2025 - Ingrid Lingaas Fossum er årets folkemusiker

Ingrid Lingaas Fossum - Foto: Sanne Løkke
Folkelarm 2025 er historie. Laurdag 15. november var det galla og utdeling av folkelarmprisane, og Ingrid vart årets folkemusiker.
Ingrid Lingaas Fossum vart heidra som årets folkemusiker laurdag 15. november under Folkelarmprisutdelinga på Riksscena i Oslo. Årets vinnar har det siste året markert seg som ein framifrå utøvar, formidlar og tradisjonsberar. Vinnaren har vore aktiv både høgt og lågt – på scener, i studio og i møte med publikum i ulike format.
I tillegg til sine eigne produksjonar og album har Årets folkmusikar delteke i fleire prosjekt og førestillingar, der ho viser breidde, samarbeidsevne og kunstnarleg nysgjerrigheit. Ho har også vore ein viktig formidlar og undervisar, der ho gir vidare kunnskap, repertoar og speleglede til nye generasjonar.
Med langeleiken i sentrum har ho lyfta fram eit av våre eldste og mest særmerkte instrument, og gjort det med spel av ypparste klasse, ein varm og uttrykksfull song og eit lyttande samspel. I samband med langeleikens 500-årsjubileum i 2024 har ho lagt ned ein enorm innsats. Ho har oppsøkt, spela på og spela inn musikk på historiske langeleikar frå mange delar av landet. Dette arbeidet har resultert i både konsertar, innspelingar og formidling som set instrumentet i eit nytt lys, samtidig som ho tek vare på og vidarefører ein sterk tradisjon.
Gjennom sitt arbeid kombinerer ho høgt kunstnarleg nivå med eit brennande engasjement for tradisjonen, og ho har på ein sjeldan måte klart å gjera langeleiken relevant for både dagens og framtidas folkemusikkfelt.
Folkelarm 2025 vart ein stor suksess
Årets Folkelarm vart ein stor og innhaldsrik festival, med flott opning og framføringa av tingingsverket Purppurri, stort seminarprogram, 25 flotte artistar med spennande showcaser, og ein verdig og flott prisutdeling.
FolkOrg og Folkelarm ynskjer å takke alle våre samarbeidspartnere og støttespelarar.
Meir info på folkelarm.no Lenke til et annet nettsted..

Sist oppdatert
Publisert:

