Folkorg logo
Folkorg logo

Fordeling av stønadsmidlar - kompensasjon for deltakaravgift for juniordeltaking på LK og LF

Etter å ha motteke midlar frå Kultur- og likestillingsdepartementet - via Norsk musikkråd - som skal brukast til å senke terskel for deltaking i kulturelle aktivitetar, lyste FolkOrg ut to stønadsordningar: Kompensasjon for deltakaravgift for juniordeltaking på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk. No er desse midlane fordelt på 28 søkjarar.

Bakgrunn for ordninga

Kultur- og likestillingsdepartementet har i 2025 komme med eit eingongstilskot til musikkorganisasjoner - via Norsk Musikkråd - som skal gå til å senke terskelen til deltaking i musikkaktiviteter for barn og unge. Målet for midlane er auka deltaking i musikkorganisasjonane. Tilskotet er ein ekstrainnsats for å gje alle barn og unge like moglegheiter til å delta, uavhengig av kven dei er, kvar dei bur, eller kva foreldra tener. Midlane kan ikkje gå til einskildpersonar, men til lokale lag som skal gjere tiltak for å senke terskelen for deltaking. Og i dette tilfellet så er det at lokallaget sjølv som betalar for juniorarar si deltaking og bidreg til å dekke reise- og/eller overnattingskostnadar, knytt til deltaking på LK og/eller LF. Og på denne måten sikre at det ikkje er kostnader ved avgifter eller reise som hindrar juniorane frå å vere med på mønstringane. 

To stønadsordningar
Dette gjorde at FolkOrg kunne vidareføre ordningane frå 2024, og lyste i sommar ut to stønadsordningar:

  • Kompensasjon for deltakaravgift og evt. reiseutgifter/overnattingsutgifter for juniorar på Landskappleiken
  • Kompensasjon for deltakaravgift og evt. reiseutgifter/overnattingsutgifter for juniorar på Landsfestivalen i gammaldansmusikk

I søknadsrunden kom det inn 21 søknadar frå lokallag om kompensasjon for deltakaravgift for 122 juniorar på Landskappleiken, og 7 søknadar frå lokallag om kompensasjon for deltakaravgift for 31 juniorar på Landsfestivalen.

Det er særs gledeleg at alle søkjarane fekk innvilga søknaden!

Etter fordeling av midler til søkjarane, så vert det frå ordninga noko overskytande midler. Dette vert overført til potten for prosjektmidlar i Frifond organisasjon for 2026. Det vil seie at den totale potten for prosjektmidlar som lokallag kan søkje om, er rekordstor!

HER KAN DU SJÅ OVERSIKT OVER LAG SOM FEKK TILDELT KOMPENSASJON (pdf). pdf, 61.4 kB.

Foto: Gjermund Stræte Lie med hatteholder Diis-Eirin Moholt Kolsrud, under halling C på Landskappleiken i Eidfjord 2025. 
Fotograf: Runhild Heggem.

Publisert: