Digitale møte for yrkesutøvarar våren 2026
.png)
Velkomen til vårens digitale møter for yrkesutøvarmedlemmar.
FolkOrg ynskjer å samle yrkesutøvarmedlemmane til faste digitale møter, og datoer for høstens møter og innhald får de her:
- Onsdag 11. mars kl 10.00 - Lønn, kompetanse og tariff i kulturskolen Korleis blir kompetanse vurdert i kulturskulen, kven får kva løn – og korleis slår tariffsystemet ut for ulike utdanningsbakgrunnar? FolkOrg inviterer til digital panelsamtale 11. mars om kompetansevurdering, tariff og tilsetjingsvilkår, med Sturla Eide (felespelar og kulturskulelærar), Line Grenheim (forbundssekretær i Creo), Jertru Stallvik (regionleiar, Kulturskulerådet innlandet) og Kristoffer Kleiveland (leiar i kulturskulen i Osterøy kommune) i panelet, leia av Margrete Nordmoen frå fagutvalet for yrkesutøvarar i FolkOrg, og open dialog for alle som jobbar – eller vil jobbe – i kulturskulen.
- Torsdag 16. april kl 10.00 - Rekneskap og årsavslutning for sjølvstendig næringsdrivande. Med Elise Wessel Hildrum.
FolkOrg ønsker å skapa eit tettare samarbeid og dialog mellom FolkOrg og yrkesutøvarar og inviterer til både digitale møter og fysiske møter for yrkesutøvararane gjennom året
Dei digitale møta for yrkesutøvarane vil foregå på Teams der vi sjølv tek med oss kvar vår kaffikopp og samlast rundt temaer som blir tatt opp på kvart møte.
Om du har forslag eller innspel til kva tema vi skal arbeide med på vegne yrkesutøvarane, eller ta opp på dei digitale møtene kan du ta kontakt med Hilde Fjerdingøy på hilde@folkorg.no, eller 988 74 274
Publisert:

