Sindre Tronrud får Øivind Berghs minnepris 2025

Sindre Tronrud. Foto: Isa Holmgren
Hardingfelespelar Sindre Trondrud frå Valdres får overrekt prisen i august under ein storstilt konsert med Rondane som kulisser.
Øivind Berghs minnepris
Øivind Berghs minnepris er ein årleg pris somgår til unge lovande fiolinistar eller folkemusikarar. Minneprisen er på kr 25 000,- og er eit samarbeid mellom FolkOrg, KORK, Peer Gynt AS, etterkommerene etter Øivind Bergh og SpareBank 1 Gudbrandsdal.
Årets jury er samansett av Trude Bergh (frå familien Bergh), Rolf Lennart Stensø (KORK), Gjermund Larsen (FolkOrg) og May Brit Støve (Peer Gynt AS). Her er grunngivinga deira på kvifor Sindre Tronrud blir tildelt Øivind Berghs minnepris 2025:
Sindre Tronrud får prisen for 2025
Årets vinner av Øivind Berghs Minnepris, Sindre Tronrud (25), kommer fra Fagernes i Valdres, og er en ung og fremadstormende folkemusiker. Han spiller både hardingfele og vanlig fele, men hardingfela har hatt mest fokus de siste årene.
Under Landskappleiken 2024 vant han 2.plass i den gjeve «Hardingfele klasse A», og viste med det at han, trass sin unge alder, er en av landets aller fremste utøvere på hardingfele. I vår fullførte han bachelorutdanninga i folkemusikk ved Norges Musikkhøgskole i Oslo, og er allerede en aktiv musiker, både som solist og i ulike band.
Han har mottatt en rekke priser og stipend, blant annet Fureprisen og Torleiv Bolstad minnestipend, og er en utøver vi garantert kommer til å se og høre mye fra i årene som kommer!
Sindre Tronrud får prisen overrekt under den spektakulære Høgfjellskonserten "Grieg ved Rondane" laurdag 9. august kl. 13.00. Der vil han kvittera for prisen ved å spela. Prisen blir overrekt av Trude Bergh.
Under den tradisjonsrike høgfjellskonserten ved foten av Rondane står i år eit rekordstort symfoniorkester med 75 unge musikarar. Stjernedirigent Eivind Gullberg Jensen leier Bergen Filharmoniske Ungdomsorkester gjennom Edvard Griegs storslåtte musikk og Beethovens uforgløymelege Skjebnesymfoni.
Svein Tindberg har har konsertregien og er konferansier på konserten. Med seg på laget har han skodespelarane Maria Kristine Hildonen og Heidi Ruud Ellingsen, og saman vil dei rettleia publikum mellom satsane med tilspissa utdrag frå Ibsens Peer Gynt.
.jpg)
Høgfjellskonserten "Grieg ved Rondane"
Vinnarar av Øivind Berghs minnepris
Publisert:
