DANS DANS DANS er ein dansefestival med dansefestar, forestillingar, seminar og kurs i Oslo, og blir arrangert for andre gong i januar/februar 2025.  

Festivalen er eit samarbeid mellom FolkOrg, Sprang, Riksscenen, NU, SFF, og ulike medlemslag i BLS. Dette gjer at det blir eit variert og spennande program der det vil vere noko for ulike dansesmakar! Velkommen til festival frå 27. januar til 2. februar 2025!

- Vi ynskjer at denne festivalen skal bli folkedansens Arendalsuke, seier prosjektleiar Rannveig Øygardslia. 

Sjå fullt program på Riksscenen sine nettsider

Programmet vart lansert under Marked&Musikk under Folkelarm.