Medlemsfordel la Danse

Ny medlemsfordel for dansarar
FolkOrg er glade for å kunne tilby ein ny og etterspurd medlemsfordel for dansarar. Gjennom eit samarbeid med la Danse får medlemmene våre no 10 % rabatt på heile sortimentet.
la Danse er ein sentral aktør innan danseutstyr, og samarbeidet gjer det enklare for både aktive dansarar og danseinteresserte å få tilgang til kvalitetsprodukt til ein betre pris. Dette er eitt av fleire tiltak for å styrke tilbodet til dansarar i FolkOrg.
Kva gjeld medlemsfordelen?
- 10 % rabatt på heile sortimentet
- Gjeld for alle med gyldig medlemskap i FolkOrg
- Rabatten gjeld ikkje på salsvarer
- Gyldig både i nettbutikken og fysisk butikk
Om la Danse
la Danse finst både på nett og som fysisk butikk i Oslo, og tilbyr eit breitt og variert sortiment av danseutstyr.
- Nettbutikk: la Danse nettbutikk (lenkje) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Butikkadresse: Tollbugata 19, 0153 Oslo
Dei har mellom anna eit godt utval av swingsko:
Sjå swingsko hjå la Danse her (lenkje) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Korleis får eg rabattkoden?
For å få tilgang til rabattkoden, ta kontakt med:
Live Visdal
live@folkorg.no
974 15 515
Hugs å oppgje rabattkoda når du handlar – både i nettbutikken og i den fysiske butikken.
Foto: Thor Hauknes - Folkelarm 2025.

Publisert:

