Avtale om bruk av Gamle Logen 2026-2029
.jpg)
Alle medlemslag av FolkOrg har moglegheit til å låne Store Sal i Gamle Logen gratis.
Fri bruk av Gamle Logen
Lokallag i Oslo-området kan få gratis leige av Gamle Logen på ledige dager, innen rammen på 40 arrangementer pr. år for frivillig klassisk musikk, kor og folkemusikk og folkedans. Følgande er egentleg dei kriteria for medlemslaga:
- Laget/aktiviteten skal ha en ideell og frivillig basis, og ikke et foretningsmessig, utbyttebasert formål.
- Konserten/aktiviteten skal ha et kvalitativt nivå og publikumsomfang som forsvarer bruk av kapasiteten i Store Sal
------
Informasjon om moglegheit for fri bruk av konsertlokale i Gamle Logen i Oslo
FolkOrg organisasjon har inngått ein avtale som gir moglegheit for fri bruk av eit konsertlokale. Det betyr at laga våre får høve til å booka Gamle Logens Store Sal for gratis bruk til konsert. Dette er eit stort konsertlokale (kap ca 550) sentralt i Kvadraturen i Oslo, og er primært eigna for større konsertarrangement. Ordninga omfattar lag i fem ideelle musikkorganisasjonar i Oslo, og er avhengig av tilgjengeleg kapasitet i dei datoane som eventuelt blir spurde.
Korleis spør de om booking av Store Sal i Gamle Logen:
1. Finn fram til aktuelle datoar for arrangementa deira. Ha gjerne fleire alternativ, for mange datoar kan allereie vera opptekne.
2. Send e-posten til post@logen.no, oppgi namn på orkesteret/koret/arrangør, beskriv gjerne kort kva slags konsert/arrangement det gjeld, og oppgi dei datoane som kan vera aktuelle for dykk. Og oppgi at de er medlem av FolkOrg.
3. Dersom det er ledig dato, vil avtalen omfattar gratis bruk av sjølve lokalet, utan andre kostnader. Laget organiserer sjølv konserten/arrangementet, og står sjølv for eventuelt billettsal, evt. TONO-rapportering m.v. Eventuelle billettinntekter frå arrangementet blir behaldne av laget sjølv. Om ønskjeleg kan det i tillegg gjerast avtale med Gamle Logen om andre type tenester på ordinære vilkår - for lyd/lys, servering av mat/drikke, billettsystem, tilsyn o.l.
Avtalen gir organisasjonen vår, og fire andre musikkorganisasjonar i Oslo, ei eksklusiv moglegheit til å oppnå til saman 40 konsertlokale-bookingar i året i perioden 2026-2029.
Prinsippet for bookingane er "førstemann til mølla" - inntil kvoten med fri bruk pr år er oppfylt. Er kvoten allereie oppfylt, kan ein sjølvsagd likevel spørja om bruk på meir ordinære vilkår. Gamle Logen er eit populært kultur- og eventbygg, så ver merksame på at enkelte datoar/vekedagar/periodar kan allereie vera disponerte til andre arrangement. Mellom anna vil sesongar for julebord og liknande pressperiodar vera avsette til ordinær utleige.
Merk: Det er presisert frå Gamle Logen si side at denne avtala ikkje gjeld arrangement som hovudsakleg er for eller med barn.
Meir informasjon om Gamle Logen:
Stiftelsen Den Gamle Logebygning har eit ideelt formål om å sikra at bygningen blir teken i bruk til publikumsretta formål med hovudvekt på kulturell verksemd. Stiftinga vil saman med Gamle Logen AS gjennomfører ordninga for å styrkja frivillig og ideelt basert musikkverksemd i Oslo, og å bidra til at dei lettare skal kunna å finna areal for konsertane sine.
Gamle Logens Store Sal vart innvigd i sen-empirestil i 1844, med ei grunnflate på nær 400 m2. Salen har ein kapasitet på 564 sitjeplassar (inkludert galleriet). Scena er 9 meter brei og 7 meter djup på det djupaste. I ein elegant og historisk ramme finn me eit moderne og vel utstyrt kulturhus.
Beskriving og tekniske spesifikasjonar finst her:
Lenkje til tekniske spesifikasjonar: https://www.gamlelogen.no/teknisk Lenke til et annet nettsted.
Lenkje til Gamle Logens historie: https://www.gamlelogen.no/historie Lenke til et annet nettsted.
Gå ein virtuell tur i lokala her: https://maps.app.goo.gl/acb6ps2sk13pTTyc8 Lenke til et annet nettsted.
Publisert:

