Medlemsbrev veke 36/2026

Da er sommaren snart over. Herlighet for ein festivalsommar det vart! Biletet denne gongen er av Mukampen Toraderlag, eitt av mange lag i den store mønstringa som var i klassa Lagspel durspel/trekkspel under årets landsfestival.
Fyrst ynskjer vi å rette ein stor takk og gratulasjonar til årets arrangørar av Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk, Setesdal spelemannslag og Vågå trekkspelklubb! Her har hovudkomiteane og alle dei friviljuge jobba fantastisk bra, og publikum og deltakarar kom i hopetal. Oppsummert vart det to svært flotte mønstringar med mykje spel, dans og song av beste merke. Og ikkje minst mykje dans – frå morgon til kveld!
No er det berre å gle seg til Voss og Lampeland neste sommar.
Hausten nærmar seg, og aktiviteten startar opp att for fullt rundt om i laga. Medlemsmassen i FolkOrg har no bikka godt over 5000, og det viser at aktiviteten og rekrutteringa rundt om er god. Interessa for feltet vårt er stor – la oss bruke dette momentumet! Under Folkelarm inviterer vi også til rekrutteringsseminar laurdag for alle dykk som arbeider med lokallags- og rekrutteringsarbeid.
Vi håpar mange tek turen til Folkelarm i november. Her blir det noko for alle: Over 20 fantastiske konsertar og danseframsyningar, Introfolkfinale, eit breitt panel- og seminarprogram med m.a. rekrutteringsseminar, og sjølvsagt dans og god stemning alle kveldar. Det blir glitrande gallastemning under Folkelarmprisen laurdag ettermiddag. Årets programleiarar er Torkjell Lunde Børsheim og Synnøve Brøndbo Plassen. Og vi held fram suksessen med barne- og familiedag på sundagen. Hald deg oppdatert på folkelarm.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
God september!
Helsing
Aslak Brimi
dagleg leiar i FolkOrg
HEIDER OG ÆRE
FolkOrg fekk to nye heidersmedlemar i sommar. Olav Sæta og Hallgrim Berg fekk ståande applaus ved utnemninga som gjekk føre seg under meisterkonserten på Landskappleiken på Hovden i juni. Les meir her.
Under Landsfestivalen i gammaldansmusikk vart den fyrste Landsfestivalens heiderspris utdelt. Dette er ein ny årleg pris som styret i FolkOrg oppretta nå i år i høve at festivalen er 40 år. Den fyrste utnemninga gjekk til Ivar Schjølberg for sitt pågangsmot og utrøttelege arbeid for gammaldansen og opprettinga av Landsfestivalen midt på 80-talet. Les meir her.

Heidersmedlemar 2026 Hallgrim Berg og Olav Sæta. Landsfestivalens heiderspris 2026 gjekk til Ivar Schjølberg, delt ut av styreleiar Kristian Hanto. Foto: Thor Hauknes.
MØTTE DU TUSTI I SOMMAR?
Rett før sommaren introduserte vi Tusti, FolkOrgs nye barnemaskot. Vi har eit mål om at alle arrangementa våre skal vere inkluderande og tilpassa folk i alle aldre. Og vi har dei sista åra lagt ekstra vekt på at barn og unge skal ha godt tilrettelagte opplegg. Vi vonar barna fekk fine opplevingar gjennom alle dei aktivitetane som var på både kappleiken og landsfestivalen i år, og at møtet med Tusti som ein raud tråd vart eit positivt tilskot til folkemusikkfamilien.
Tusti kjem til å vere med oss i arbeidet som vert gjort for barn og unge i organisasjonen. Og vi vonar også at laga og arrangørane tek i bruk Tusti som ein del av arbeidet med barn og unge i tida framover. På FolkOrg-standen på stemnekontoret både på LK og LF kunne lokallaga få med seg ein pose med Tusti-profilartiklar til bruk på eigne arrangement. Fekk du ikkje med deg, ta kontakt så kan vi sende over.
På denne sida kan du lese litt meir om kva ressursar vi har utvikla, og korleis lokallaget eller du som arrangør kan bruke Tusti og den grafiske profilen:
FOLKEMUSIKK- OG FOLKEDANSENS DAG 23. SEPTEMBER
Den 23. september er det folkemusikken- og folkedansens dag i heile Europa: EUROPEAN FOLK DAY. Det håpar vi sjølvsagt at alle vil vere med og markere! La oss vise heile Europa at det skjer mykje i miljøet vårt rundt om i heile landet. Jo fleire punkter vi får med på Norge på det store Europa-kartet, jo betre er det. Alle spel-, song- og danseaktivitetane (øvingar, konsertar, dansekveldar mm) i datoane rundt 23. september kan leggast inn i kalenderen: https://www.europeanfolkday.eu/participate/ Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. Bruk gjerne EUROPEAN FOLK DAY til å skape litt blest om eigen aktivitet ut mot lokalpresse og ikkje minst i SOME.
INTROFOLK 2026
Introfolk er eit mentor- og utviklingsprogram i regi av FolkOrg for unge, lovande musikarar og dansarar. Det overordna målet er å styrke norsk og samisk folkemusikk og -dans, samt å vere ein bidragsytar for lovande tradisjonsutøvarar som er i startgropa av karrieren sin. Seks unge artistar får mentorering og vegleiing - for å utvikle seg som utøvarar. Under finala på Folkelarm i november vert ein ståande att som Årets unge utøver 2026. Programmet er støtta av Talent Norge og Sparebankstiftinga DNB.
TONO
Det siste halvåret har store kommersielle aktørar pressa på for endringar i TONO, mellom anna i fordelinga av dei kulturelle midlane. Desse midlane skal bidra til kunstnarleg utvikling, musikalsk mangfald og eit levande musikkliv. I forkant av det ekstraordinære årsmøtet denne veka hadde FolkOrg møte med TONO-styret. Der understreka vi kor viktig det er med stor fagleg breidde i dei nye utvala, og at dei kulturelle midlane framleis må kome eit mangfald av musikalske uttrykk til gode for å sikre at dei smale sjangrane - slik som folkemusikken - også vert prioriterte.
I mange tiår har FolkOrg og folkemusikken jobba for at det skal vere mogleg å få større vederlag for bruk av tradisjonelt materiale. På årsmøtet i juni kom det ei vedtaksendring der myndigheita til å gjere endringar i fordelingstabellane vart overført frå årsmøtet til styret. Dette støtte FolkOrg opp om i forkant av møtet, og vi meiner at dette er veldig positivt at denne endringa vart vedteken. Vi har kome med innspel til TONO-styret med forslag om å auke andelen (vederlaget) for bruk av arrangert tradisjonelt (fritt) materiale. Dette veit vi at TONO arbeider med, og vi skal følge opp som best vi kan!
Dette temaet tek vi sjølvsagt også opp under Folkelarm i november.
NYE MEDLEMSGODER
Som medlem i FolkOrg får du mange medlemsgoder, t.d. den gode forsikringsordninga vår for bunad og instrument. Ei ny gode er at alle medlemmar i FolkOrg får 10 % rabatt hjå danseutstyrleverandøren la Danse (gjeld ikkje salsvarer). Rabatten kan brukast både i butikk og nettbutikk. Her er det blant anna moglegheit til å bestille gode dansesko. Her finn du nettsida til la Danse. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.Ta kontakt med Live i FolkOrg for å få rabattkode - live@folkorg.no.
Ei ny gode kjem via ei avtala FolkOrg har inngått med Crescat - eit planleggingsverkty for arrangørar og festivalar. Les meir her.
LAGSSIDENE
På FolkOrg sine nettsider finn du nå ei fyldig oversikt over alle lokallaga i organisasjonen. Kvart lag har nå fått sine eigne sider, med bilete, kontaktinfo, nettsideadresse, osv. Gå gjerne inn og sjå! Ser du tilfeldigvis at noko av kontaktinfoen der ikkje stemmer, så få nokon i styret til å sende oppdatert info til oss.
Publisert:

.png)
