Folkorg logo
Folkorg logo

Medlemsbrev veke 23/2026

Da er sommaren her. Juni er hektiske dagar med avslutningar, feiringar ... og førebuing til kappleik og festivalar. Vi gler oss stort!

Vi er særs glade for å kunne presentere vår nye barnemaskot, Tusti. Vi har fått utvikla ein eigen grafisk profil som vi skal nytte i arbeid med barn og unge. Og som alle våre lokallag sjølvsagt også kan få bruke! Tusti blir å sjå mykje både på kappleik og festival i sommar! Og for den som vil blir det både ballongar, klistermerke og barnetatoveringar å få, samt fine Tusti-gåver på Superkappleik og Superfestival. Meir om dette litt lenger ned i brevet.

Frå sentralleddet si side er det mange saker på agendaen nå i mai og juni. Vi arbeider særleg nå for å skaffe finansiering til eit nytt fag- og katalogsystem for alle folkemusikkarkiva, og vi presser på for at departementet bør reetablere ordninga med midlar til satsing på senking av terskel for deltaking for barn og unge. FolkOrg kjem med mange innspel og utspel til ulike instansar, og desse kan du lese HER.

Og så nærmar det seg kappleik og festival. Det jobbast godt både hos dei fantastiske lokale arrangørane og her i administrasjonen for at alle, både deltakarar og publikum, får ei bra oppleving! Nå er tevlingslistene for kappleiken ute på nettsidene, og listene for Landsfestivalen kjem ganske snart. Det er rekordpåmelding når det kjem til antal startnummer på Landskappleiken, og slik det ser ut nå blir det både deltakarrekord og startnummerrekord på Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Det er heilt fantastisk, og seier noko om kor relevante og viktige desse mønstringane er.

Eg ynskjer å slå eit ekstra slag for Landsfestivalen som dansearena. Dette er DEN store dansefestivalen. Det kan dansast frå 10 om formiddagen til 2 om natta. Det er stor interesse for folkedans og gammaldans om dagen, så vi vonar at mange danseinteresserte tek turen til Vågå.

FolkOrg er som alltid godt tilstades på Landskappleiken og Landsfestivalen, både med administrasjonen og styret. Du finn oss på FolkOrg-standen på stemnekontoret. Ta gjerne kontakt om du lurer på noko.

Ha ein god sommar!

Helsing Aslak Brimi, dagleg leiar i FolkOrg

Tusti og ny grafisk profil

Tusti er FolkOrgs nye barnemaskot, og kjem til å vere med oss i arbeidet som vert gjort for barn og unge i organisasjonen. Maskoten og den grafiske profilen er utarbeidd av grafikar Trine G. Berg.

Du vil møte Tusti for fyrste gong nå på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldans i sommar. Vi vonar også at laga og arrangørane tek i bruk Tusti som ein del av arbeidet med barn og unge i tida framover.

Tusti er den snille, litt sjenerte vennen vår som helst gøymer seg bak ein grastust når det blir mykje folk. Men pass på… for med ein gong musikken startar, vaknar Tusti til liv!

Med blide auge og lodden pels kan Tusti danse dei artigaste dansane og spele den tøffaste dansemusikken – og armane og beina blir ekstra lange når rytmen tek over. Ingen klarar å sitje i ro når Tusti set i gong!

På FolkOrg-standen på stemnekontoret både på LK og LF kan lokallaga få med seg ein pose med Tusti-profilartiklar til bruk på eigne arrangement. På denne sida kan du lese litt meir om kva ressursar vi har utvikla, og korleis lokallaget eller du som arrangør kan bruke Tusti og den grafiske profilen:

Ei ny forskrift Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. gjer at vi ikkje lenger kan bruke omgrepet Sjokoladekappleik. I dialog vi har hatt med Helsedirektoratet var det heilt tydeleg at vi må skifte namn. I lag med FolkOrgs fagutval for arbeid med barn og unge har FolkOrg kome fram til at vi kjem til å bruke Superkappleik og Superfestival framover. Dette skal fortsette å vere ein super og uformell arena for barn under 12 for å vise fram dans, song og spel!

Ny kategori på Folkelarmprisen med fokus på gode danseaugeblikk

Folkelarmprisen blir fornya i 2026 med to nye priskategoriar som skal løfta fram endå fleire uttrykk og aktørar innan folkemusikk og folkedans. Ein av desse er ein dansepris, og kjem som ein del av FolkOrgs og Folkelarms mål om å styrkja synlegheita til folkedansen.

Folkelarmprisen 2026 Årets dans

Prisen skal gå til personar, arrangørar eller lag som har gjort eit spesielt bra arbeid for folkedansen i inneverande år. Den kan også givast for ei framføring eller ein danseaugneblink, ein situasjon eller publikumsoppleving som var spesielt flott. Prisen har som mål å løfta fram og vareta folkedansen i alle sine former.

Så ser du ein storstilt danseprestasjon i løpet av sommaren? Da vonar vi du skildrar opplevinga med ord, og sender inn over sommaren.

Kulturprogram på Landskappleiken

Kappleik er ikkje berre tevling. Under årets Landskappleiken på Hovden blir det dans i tre paralelle saler, med oppstart allereie kl 18 kvar kveld. Og det er sjølvsagt eit flott kulturprogram. Billettar ligg nå ute for sal på denne sida:

På Hovden satsar ein på eit stort aktivitetstilbod for born og unge. Det er viktig at ein melder seg på på førehand. Superkappleik er det både torsdag, fredag og laurdag, og det er eit stort antal andre flotte aktivitetar og opplegg iløpet av dagane med t.d. kvedarkurs, munnharpeøkt, danseaktivitet, handverksopplegg osb.. Det er opplegg både for dei minste og dei litt eldre ungane. Alle aktivitetane for barn og unge er gratis. Full oversikt over opplegga for barn og unge finn du her:

Momskompensasjon og andre ordningar for lokallaga

Alle lokallag, områdelag, faglag og arrangørmedlemmar i FolkOrg kan no søkje om momskompensasjon for rekneskapsåret 2025. Dette er ei enkel ordning, men som krev at årsmelding, årsrekneskap med revisorberetning er på plass. Laget ditt kan søke allereie nå! Fristen er 1. august.

FolkOrgs Aktivitetstilskot for 2026 er no fordelt. Stor interesse og rekordmange søknadar prega tildelinga av årets aktivitetstilskot. Med ein samla pott på 440 000 kroner har 34 søkjarar fått støtte til å skape lokal aktivitet i folkemusikk- og folkedansmiljøet over store delar av landet. Dette er ei ordning som skal vere ei lågterskel-tilskotsordning som kome medlemane våre til gode. Sjå meir her: FolkOrgs aktivitetstilskot Åpnes i nytt vindu.. 

No kan lag, områdelag og faglag som har arrangert konsertar våren 2026, søkje FolkOrg om kompensasjon for TONO-utgifter. Dette gjeld kun lag som har søkt i forkant og fått løyve frå TONO til dei aktuelle konsertane. Fristen er 21. september.
Les meir og send inn søknad her: Søknad kompensasjon TONO-utgifter. Åpnes i nytt vindu.

Digitalt rekrutteringsseminar 8. juni

FolkOrg inviterer til digitalt rekrutteringsseminar måndag 8. juni kl. 19.00.

Seminaret passar for deg som jobbar med – eller har idear til – rekrutteringsprosjekt. Du får fagleg påfyll, inspirasjon og høve til å stille spørsmål. Det blir presentasjonar frå både Kalottspel og satsinga Danseløftet i Sparebankstiftelsen DNB.

FolkleiarUng

No er det ope for å søke plass på FolkleiarUng 2026/2027! Søknadsfristen er 27. august.

Tilbodet rettar seg mot unge dansarar, musikarar og songarar i alderen 15-25 år som ynskjer inspirasjon, fagleg utvikling og nye bekjentskap med andre folkemusikk- og folkedansinteresserte frå heile landet.

Prosjektet følgjer skuleåret og består av ei samlingshelg på hausten og ei på våren. I tillegg får alle deltakarane oppfølgingsbesøk av ein av instruktørane.

Les meir om prosjektet, og send inn søknad her:

Medlemskontingent og påmelding LK og LF

Kontingentfakturaen er sendt ut, og dei aller fleste har betalt. Vi nærmar oss 5000 medlemar! Hugs at fakturaen må vere betalt før eventuell deltaking på Landskappleiken og/eller Landsfestivalen.

Nytt av året: Er du usikker på medlemsnummeret ditt så send sms med "FolkOrg" til 1950.

MERK: Det er fulle deltakarlister på både LK og LF, så det blir ikkje mogleg å etterpåmelde startnummar i nokon klasser, verken junior eller senior. Unnataket er å melde på fleire deltakarar i allereie påmeldte lag og grupper.

Ny medlemsgode

Som medlem i FolkOrg får du mange medlemsgoder, t.d. den gode forsikringsordninga vår for bunad og instrument. Men ei heilt ny gode er at alle medlemmar i FolkOrg får 10 % rabatt hjå danseutstyrleverandøren la Danse (gjeld ikkje salsvarer). Rabatten kan brukast både i butikk og nettbutikk. Her er det blant anna moglegheit til å bestille gode dansesko. Her finn du nettsida til la Danse. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Ta kontakt med Live i FolkOrg for å få rabattkode - live@folkorg.no.

Diverse til slutt...

På FolkOrg sine nettsider finn du nå ei fyldig oversikt over alle lokallaga i organisasjonen. Kvart lag har nå fått sine eigne sider, med bilete, kontaktinfo, nettsideadresse, osv. Gå gjerne inn og sjå! Ser du tilfeldigvis at noko av kontaktinfoen der ikkje stemmer, så få nokon i styret til å sende oppdatert info til oss.

Vi minnar om at alle lokallaga våre må sende inn årsrapport i Styreweb. Det er styreleiar eller nokon andre i styret som har ansvaret for dette. Årsrapporten er viktig for oss når det kjem til rapportering inn til tilskotsgjevande myndigheiter, og det er ein fin måte for lokallaga å oppdatere medlemslistene sine. Merk at alle lokallag som søkjer momskompensasjon, må sende inn årsrapport via StyreWeb. Les meir her: Innsending av årsrapport for 2025 Åpnes i nytt vindu.


Publisert: