Medlemsbrev veke 13/2026

Her er eit lite før-påskebrev frå FolkOrg. I brevet er det litt smått og stort om både ting som har skjedd den siste tida og kva som skjer framover.
Denne vekas bilete er frå FolkOrgs seminarhelg i fyrst i mars. Foto: Liv Annette Nygjerdet
FolkOrg er fyrst og fremst lokallaga og medlemane våre. Vi arbeider for og med medlemane. Når eg blir spurt om kva FolkOrg driv med så er den lokale aktiviteten noko av det fyrste eg nevner. Det viktige grasrotarbeidet er grunnleggjande for alt FolkOrg er og står for. Eitt godt døme og kjelde til inspirasjon for andre er miljøet i Verdal.
Eg var så heldig å få vere med styret på tur til Trøndelag nå fyrst i mars, og fekk oppleve det fantastiske arbeidet som vert gjort her. Ein av primus motorane i miljøet i Verdal, Einar Olav Larsen, var godt vertskap for oss. Vi fekk både høyre og sjå korleis det vert arbeidd i Verdal juniorspellmannslag med å skape engasjement, arbeide med eit variert og engasjerende repertoar, og gjere det sosiale til ein viktig del av opplegget. På kvar øving i juniorlaget - kvar veke - er det ein foresatt eller ein anna friviljug som ordnar litt mat og drikke, og steller til slik at det blir ein sosial møteplass for barna og ungdommen. Dimed blir juniorlaget ikkje berre ein plass for å øve og terpe, men ein sosial arena der barna og ungdomen kan kjenne på tilhøyrarskap i trygge omgjevnader. Dette er ei oppskrift på suksess.
Det lir mot kappleik- og festivalsesong. KappleiksAdmin og påmeldingssystemet vårt har vore gjennom ei oppgradering. Dette skal gjere det greiare både for dei som skal bruke det som som arrangør, men også og for alle som skal melde seg på. I mange år har vi fått attendemelding om at det er ynskjeleg med betaling via Vipps - noko som nå har blitt ny betalingsløysing!
Det er mykje som skjer framover, både lokalt, regionalt og nasjonalt. Følg med på www.folkarr.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., der får du god oversikt.
Vi ynskjer alle medlemar ei solfyllt påske!
Helsing Aslak Brimi, dagleg leiar i FolkOrg
FolkOrgs seminarhelg
FolkOrg har tradisjonelt arrangert ei seminarhelg annakvart år - dei åra det ikkje er landsmøte. I år var dette 7. og 8 mars, og hadde stor deltaking og stort engasjement. Dei to seminardagane vart fyllt med nokre seminar i fellesskap alle, samt paralellagde dommarseminar i dans, spel og song. Fyrst ut var eit panel med Sivert Holmen, Berit Opheim og Mette Vårdal, leia av Kjellbjørn Karsrud. Her var temaet "Er tevling på kappleik og festival ein for smal og snever arena?". Det vart ei utruleg flott samtale som belyste både utfordringane og godene med å arrangere desse mønstringane og tevlingane. Etterpå var det ei innleing og samtale med Tor Magne Hallibakken om lydsetting av tevlingar. Deretter var det eit innhaldsrikt seminar med Balansekunst der det vart sett fokus på utfordringar med å vere eit miljø der vi er ilag på tvers av generasjonar.
Etter lunsj var det dommarseminar i tre paralellar, med fortsettjing på sundagen. Kurshaldarar var Sivert Holmen, Rikke van Ommeren, Berit Opheim, Ellen Persvold og Mette Vårdal.
Laurdag formiddag var det også eit ungdomsseminar, med fokus på ungdom og organisasjonsarbeid. Denne samlinga var fullteikna og vart godt motteke! Dette var eit seminar vi hadde i samarbeid med LNU.
Panelsamtale under seminarhelga. Frå venstre: Kjellbjørn Karsrud, Sivert Holmen, Berit Opheim og Mette Vårdal. Foto: Liv Annette Nygjerdet
Spellemann og andre prisar og utmerkingar
Spellemannsprisen for 2024 i kategorien Tradisjonsmusikk gjekk til Bendik Smedåsgjelten Qvam og Synnøve Brøndbo Plassen. Frå scena takka dei mange hundreår med kjelder. Gratulerer til Synnøve og Bendik!
Dei andre nominerte i klassa tradisjonsmusikk var Hekate, Kenneth Lien & Center of the Universe og Malmin med Åshild Vetrhus. Etter fleire år borte frå TV-skjermen, er Spellemann i år tilbake på NRK, med direktesending frå Operaen i Oslo. Det var Fred Buljo og Klemet Buljo som delte ut prisen for tradisjonsmusikk.
Det har også vore utdeling av kunstnarstipend frå Norsk kulturråd. Av yrkesutøvarar i FolkOrg er Thomas Eriksson, Olav Mjelva, Sindre Tronrud, Per Anders Buen Garnås og Camilla Granlien av dei som har fått arbeidsstipend frå Statens kunstnarstipend i kategorien for folkekunstnarar. Tillykke alle saman!
Under representantskapsmøtet for Norsk senter for folkemusikk og folkedans nå i mars fekk Terje Foshaug årets "Prisen for folkemusikk og folkedans 2026". Terje er ein sentral skikkelse i det norske folkemusikkmiljøet, og særleg sentral i nord. I 2024 fekk han Folkelarmprisen Årets Bransjeaktør. Les meir om "Mr. Folkemusikk Nord" på folkemusikk.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Styret på tur til Trøndelag
Styret i FolkOrg har hatt tradisjon for å legge eitt av styremøta til ein lokasjon der ein kan møte lokallaga og andre aktørar på feltet. I mars 2026 la styret turen til Trøndelag. Styret besøkte Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans, og fekk høyre litt om arbeidet deira.
Så gjekk turen til Verdal og folkemusikk- og folkedansmiljøet der, med mellom anna ein spesialkonsert med fantastiske Verdal juniorspelemannslag. Styret fekk høyre om alt det gode arbeidet som vert gjort med rekrutteringa i området, og spennande tankar om korleis bruke Landsfestivalen 2029 - som er lagt til Verdal - som ein motivasjonsfaktor framover for heile regionen.

T.V. Verdal juniorspellmannslag. T.H.: Styret på besøk på Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans
To nye Folkelarmpris-kategoriar - og nytt namn på hovudprisen...
Folkelarmprisen blir fornya i 2026 med to nye priskategoriar som skal løfta fram endå fleire uttrykk og aktørar innan folkemusikk og folkedans. Prisendringane kjem som ein del av Folkelarms mål om å styrkja synlegheita til folkedansen og produksjonar som utviklar feltet. Det er to nye priskategoriar i 2026:
Folkelarmprisen 2026 Produksjonen for barn i år og unge
Prisen heidrar ei framsyning, konsert, utgiving eller bok som har formidla folkemusikk og/eller folkedans til barn og unge på ein særleg god måte det siste året.
Folkelarmprisen 2026 Årets dans
Prisen skal gå til personar, arrangørar eller lag som har gjort eit spesielt bra arbeid for folkedansen i inneverande år. Den kan også givast for ei framføring eller ein danseaugneblink, ein situasjon eller publikumsoppleving som var spesielt flott. Prisen har som mål å løfta fram og vareta folkedansen i alle sine former.
I denne kategorien blir vi særs avhengige av å få nominasjonar frå heile feltet. Send inn gode skildringar av episodar og/eller opplevingar der dansen har gjeve deg noko særskilt ekstra!
Endring av namn på Årets folkemusikar til Årets artist
Den gjæve prisen Årets folkemusiker får det nye namnet Årets artist. Prisen kan gå til ein dansar, musikar, gruppe, ensemble eller kompani som har utmerkt seg gjennom sitt kunstnariske virke. Namneendringa skjer etter mange innspel og forslag om å endre kategorien Årets Folkemusiker til å ha eit namn som til dømes dansarar kjenner seg meir heime i.
Det er styret i FolkOrg som har vedteke dei nye kategoriane.
‒ Tradisjonen har alltid verdset artisteriet i einskilduttrykk, den smaklege kunstnarlege vidareutviklinga i større eller mindre steig, siger styreleiar i FolkOrg, Kristian Hanto. ‒ Dette gjeld anten det er tale om musikalske eller kroppslege uttrykk. Det er på sin plass å markera dette gjennom det nye namnet på hovudprisen vår.
FolkOrgs Aktivitetstilskot og andre ordningar
Det nærmar seg frist for FolkOrgs Aktivitetstilskot. Fristen i vår er 15. april. Dette er ei ordning som skal vere ei lågterskel-tilskotsordning som kome medlemane våre til gode. Sjå meir her: FolkOrgs aktivitetstilskot Åpnes i nytt vindu..
Føremålet med denne ordninga er å kunne famne breitt og støtte lokal aktivitet i heile landet. FolkOrgs Aktivitetstilskot vert finansiert med 200 000 kr av FolkOrgs eigne midlar, samt 7,5% av inntektene på inngangsbilettar og deltakaravgift på fjorårets Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Aktivitetstilskotet skal vere ei lågterskel-ordning for medlemar i FolkOrg, og skal vere eit insentiv for lokale folkemusikk- og folkedansaktivitetar, og prosjekt og tiltak som har fokus på aktivitet, rekruttering og/eller opplæring.
Vi ser at det enda fleire lag kunne søkt om vaksenopplæringsmidlar gjennom Musikkens studieforbund. I fjor fekk FolkOrg sine medlemslag nesten utbetalt tilsaman 1 million kroner frå Musikkens studieforbund i løpet av eit år! Det er veldig bra! Dette er midler som alle lokallaga - både spelmannslag og danselag - kan få ved å registrere seg Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., og derifrå rapportere på øvingar. Vi anbefaler alle å gjere dette - også fordi det gjev oss eit talmateriale på kor mykje som faktisk skjer rundt om. Og merk: Sjølv om det heiter musikkens studieforbund, så kan alle danseøvingar også inn her. Det har ingenting å si om det er dans eller spel. Alle danselaga bør registrere seg og nytte denne ordninga.
Som medlemslag i FolkOrg kan ein også søkje Frifond kompetanse og aktivitet gjennom Norsk musikkråd. Fristen er 7. april. Her kan ein søke tilskot til kompetansehevende tiltak, ekstraordinære lokale prosjekter, samarbeid på tvers av sjangre og lag, styrking av leiarkompetanse, samt inkluderande prosjekt som rettar seg mot nye musikkmiljø og mangfold. Les meir om ordninga her: Frifond kompetanse og aktivitet Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Medlemskontingent og påmelding LK og LF
Kontingentfakturaen er snart på veg ut i nettbankane og epostboksane. Fylg litt ekstra med vekene etter påske. Denne må vere betalt før eventuell påmelding på Landskappleiken og/eller Landsfestivalen. Påmeldinga til Landskappleiken opnar 7. april med frist 20. mai, og Landsfestivalen opnar 20. april og stenger 3. juni (merk at frist på LF er tidlegare enn vanleg!).
Nytt av året: Er du usikker på medlemsnummeret ditt så send sms med "FolkOrg" til 1950.
Vi nærmar oss 5000 medlemar i organisasjonen vår. Klarer vi å bikke 5000 i løpet av året?
Bladet Folkemusikk
Vi vonar flest mogleg av medlemane våre held bladet! Bladet Folkemusikk er det einaste bladet som har einefokus på folkemusikk og folkedans. Det er det einaste bladet som har fullt fokus på vårt miljø! Vi vonar at enda fleire blir med og støtter opp om det journalistiske arbeidet på folkemusikk- og folkedansfeltet. Som medlem får du eit heilt års abonnement for berre 450 kr - det meiner vi er ein GOD pris for fem eksemplar av eit innhaldsrikt høgkvalitetsblad om folkemusikk- og folkedansfeltet. Gå inn her for å tinge. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Diverse til slutt...
Vi minnar om at alle lokallaga våre må sende inn årsrapport i Styreweb. Det er styreleiar eller nokon andre i styret som har ansvaret for dette. Årsrapporten er viktig for oss når det kjem til rapportering inn til tilskotsgjevande myndigheiter, og det er ein fin måte for lokallaga å oppdatere medlemslistene sine. Frist for innsending av årsrapport for 2025, er 27. april. Les meir her: Innsending av årsrapport for 2025 Åpnes i nytt vindu.
Publisert:
