Folkorg logo
Folkorg logo

Medlemsbrev veke 7/2026

Dans Dans Dans _ Foto: Riksscenen

Dans Dans Dans _ Foto: Riksscenen

Gode FolkOrg-medlemar. 2026 er godt i gang med mangs arrangement og mykje aktivitetrundt om. Og vi nærmar oss 5000 medlemar i organisasjonen vår. Klarer vi å bikke 5000 i løpet av året?

Biletet denne gongen er frå årets Dans Dans Dans-festival og dansefest på Riksscenen. Foto: Riksscenen

Eg må starte med å skryte av ungdomen vår! Som lærar i vidaregåande skulen var det mykje prat om at "ungdomen i dag" har så sterkt eg-fokus og lite fellesskapsfølelse. Eg var på Dans Dans Dans-festivalen førre helga, på Riksscenens dansefest for barn og unge frå kl 15 laurdagen. Da fekk eg eit anna inntrykk. Eg vart så imponert - og glad. Dette var ein ettermiddag der barn og unge heilt ned i 8-årsalderen både spelte til dans og fyllte dansegulvet. Og ein skulle kanskje tru at ungdomen tykkjer det er ganske ukult både å danse til barna som spelar og det å dele dansegulv med dei yngste barna. Men det virka ikkje slik. Heile ettermiddagen var gulvet fyllt opp av både barn, ungdom og unge vaksne. I lag.

For ein motivasjonsfaktor det er både for dei unge spelarane og dei unge dansarane å sjå og oppleve dei eldre ungdomane ilag med seg. All ære til ungdomen som ter seg slik!

Myndigheitene har bestemt at 2026 skal vere Totalforsvaret sitt år. Gjennom året skal det vere ekstra fokus på den samla beredskapen i landet. Kulturfrivilligheita er ein viktig del av denne beredskapen. Det er kanskje ikkje det ein først tenkjer på når ein sit og spelar i laget, dansar med eit nytt medlem på øving, stiller på kappleik eller dreg i gang dansefesten. Men det er vi.

Vi byggjer fellesskap. Vi skaper – og er ein del av – det som er verdt å forsvare. Å engasjere seg er å vere med og veve sterke trådar mellom folk, slik at fellesskapen står stødig når det blæs litt ekstra.

Og endå meir om du tek eit ekstra tak. Når du sit i styret i lokallaget og får innsikt i korleis frivilligheita fungerer. Når du veit kven som har nøkkelen til grendahuset, kvar stolane står, og veit korleis kaffetrakteren virkar.

Eller når du er ein del av eit miljø der vi kan diskutere – og stå i å vere usamde. Skal rundsnuen vere slik eller slik? Er teksten på songen slik eller slik? Er rytma i slåtten slik eller slik? Det kan bli heite diskusjonar.

Men det skal vi tåle. Slik øver vi oss på å respektere at andre har andre meiningar enn oss sjølve. Slik lærer vi at fellesskapen tåler ein trøkk.

Det er beredskap.

Ha ei riktig god helg!

Helsing Aslak Brimi, dagleg leiar i FolkOrg

 

SEMINARHELG 7.OG 8. MARS

Den 7. og 8.mars blir det innhaldsrik seminarhelg på Riksscenen i Oslo. Vi legg opp til eit variert program med både felles-tema og parallelle seksjonar for alle som deltek. Det blir fag- og dommarseminar, det blir seminarar for dei som arrangerer lokalkappleikar, landskappleik og landsfestival, og det blir ungdomssamling med fokus på organisasjonsarbeid. Og det blir sjølvsagt dansefest på kvelden med fantastisk dansespel!

Påmeldingsfrist er 23. februar.

 

NY RUNDE INTROFOLK

FolkOrg er nå klare med ein ny runde Introfolk, eit mentor- og talentprogram for unge lovande folkemusikarar og folkedansarar. Seks unge artistar skal velgast ut til å bli med på opplegget der målet er at dei skal utvikle seg som utøvarar og formidlarar via mentorering og samlingar. Frå desse blir det kåring av ÅRETS UNGE FOLKARTIST under Folkelarm.

Introfolk er ein arena der unge folkemusikarar kan få utvikle seg som kunstnarar og få erfaring med å formidle folkemusikk på eit høgt nivå. Det er også eit poeng å vise breidda av musikarar og dansarar både innanfor norsk og samisk folkemusikk. Folkemusikarar og dansarar fødde i 2000 eller seinare kan søkje om å bli med i IntroFolk. Frist for å søke er 1.mars. SØK HER. Lenke til et annet nettsted.

UTMERKINGAR OG NOMINASJONAR

FolkOrg er medarrangør av festivalen DANS DANS DANS. Festivalen viser verkeleg at det er mange som brenn for dansen! Under årets festival vart det også delt ut fleire prisar. Vi gratulerer Gunnlaug Lien Myhr og Martin Myhr med dansens Ildsjelpris Lenke til et annet nettsted., Silje Hålien for utmerkinga Årets Folkedanser Lenke til et annet nettsted. og til Vilde Vesteng for Årets unge folkedanser Lenke til et annet nettsted.. Dette er alle fantastiske ambasadørar for folkedansen.

Vi gratulerer også Terje Foshaug for Norsk senter for folkemusikk og folkedans sin utmerking "Prisen for folkemusikk og folkedans 2026". Les portrettintervjuet "Mr. Folkemusikk Nord" med Terje på folkemusikk.no. Lenke til et annet nettsted.

Og gratulerer til alle nominerte til Spellemann 2025. I oversikta over nominerte kan vi sjå at tre av fire av dei nominerte i Åpen klasse har utspring frå follkemusikkfeltet. I tillegg er Olav Mjelva med prosjektet Andvake nominert i Hardrock, og Valkyrien i kategorien Vise. I tillegg ser vi at det er mange frå folkemusikken som er inne som musikarar i andre nominerte prosjekt. Dette seier mykje om at folkemusikken og folkedansen har mange flinke folk, og at statusen til feltet er høg. Les meir om dette på folkemusikk.no Lenke til et annet nettsted..

FORSLAG TIL HEIDERSMEDLEMAR I FOLKORG

Det er styret i FolkOrg som utnemner heidersmedlemmer i organisasjonen. Heidersmedlemskap i FolkOrg er for dei som har arbeidd særleg godt og lenge for føremålet til organisasjonen. På neste styremøte skal det opp sak om heidersmedlemssak, og vi oppmodar folk om å kome med forslag og medfølgjande grunngjeving innan 1.mars. Send til post@folkorg.no.

Oversikt over heidersmedlemar i FolkOrg finn du HER.

YMSE SMÅTT

FolkOrgs aktivitetstilskot er rekordstort etter landsmøtevedtaket i 2025 om at lokal arrangør av LK og LF skal skyte inn 7,5% av inntekter på deltakeravgift og billettsalg. Maksimal søkesum er auka til 20 000 kr. Du finn meir info om tilskotsordninga HER.

Alle medlemslag i FolkOrg kan søkje KOMP midlar frå Norsk musikkråd. Målet med ordninga er å stimulere til kortare opplæringsprosjekt og andre kompetansehevende tiltak. Fristen er 25. februar, du kan lese meir om ordninga HER. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Folkelarm er 19.-22. november. Nå er søknadsskjemaet ope for dei som ynskjer å søke om å få showcase under festivalen.

I mange lag og arrangørorganisasjonar er det nå årsmøte-tid. Vi oppfordrar alle til å engasjere seg og bli med i styre og stell.

Det er mange lokalkappleikar utover våren. Du finn dei fleste - samt konsertar og andre arrangement - ved å sjekke ut folkarr.no Lenke til et annet nettsted..

Publisert: