Folkorg logo
Folkorg logo

Medlemsbrev veke 50/2025

Medlemsbrev v50 2025 _ Purppuri _ Sanne Løkke

Medlemsbrev v50 2025 _ Purppuri _ Foto: FolkOrg/Sanne Løkke

FolkOrg ynskjer alle ei riktig god jul med årets siste medlemsbrev. Her blir det litt om årets Folkelarm, ny seminarhelg i mars, og litt smått og stort om andre ting...

Framsidebiletet denne gongen er frå årets nye dansemusikkverk på Folkelarm, Purppuri, med den nordiske kvartetten Johan Hedin, Esko Järvelä, Mads Kjøller Henningsen og Jorun Marie Kvernberg. Foto: FolkOrg/Sanne Løkke

 

Endeleg snart jul! Det er noko med desember, ljosa, og den barnlege forventinga. Og musikken. Det er vel aldri ei periode av året ein type musikk har så mykje å si for stemninga i heimen. "I denne søte juletid bør man seg rett fornøye" syng Kirsten Bråten Berg på albumet Juletid, eit tidlaust album som eg veit at eg ikkje aleine om å få gode kjensler av.

Og desember er ei tid der fleire folk enn vanleg tek seg ein tur på konsert. Det er noko med julemusikken som får folk til å roe seg ned og puste litt ut. Det er mange folkemusikarar som også er ute med julemusikk. Eit eksemspel å trekke fram er Mukampen spelemannslag, som på tiande året har julekonsertar i lag med eit par folkesongarar. Eit særs varmt, godt og folkeleg prosjekt som gler mange, som trekker fram tradisjonelle og lokale songar, og som truleg er ein stor motivasjonsfaktor og noko å arbeide fram mot for spelemannslaget.

Hausten er ei hektisk periode. Både med innspel og høyringar, men også med ulike arrangement og Folkelarm. I og etter pandemien var den "digitale lokallagskaffien" ei satsing frå oss. Vi har sett at det har vore mindre og mindre deltaking, og går nå bort frå dette konseptet. Men vi ynskjer jo å nå ut til der aktiviteten er. Så FolkOrg har som mål å kome meir ut til regionane og lokallaga, og i haust var vi på Voss for å møte Hordaland folkemusikklag og lokallaga i området. Ynskjer du at vi kjem til din region og laga i område, og har forslag til passande tidspunkt, så ta gjerne kontakt.

Vi vonar mange kjem på den tradisjonelle seminarhelga vår. Den er 7. og 8.mars på Riksscenen. Denne helga er for å få gode diskusjonar og fagleg fordjupning og påfyll for alle som ynskjer. Denne gongen starter laurdagen med nokre fagseminar som er for alle, før ein går over i dommarseminar fordelt på song, dans og spel. Det blir sjølvsagt stor dansefest om laurdagskvelden.

Ei hyggeleg melding kom for nokre veker sidan: Vi har nå fått tilskot frå Sparebankstiftinga DNB til å lage insentiver for dansefestar i året som kjem. LES MEIR HER. Lenke til et annet nettsted. I FolkOrgs særskilte satsingar står det at vi skal ha ekstra fokus på den sosiale dansen, og denne tildeling gjer at vi kan få til mange prosjekt rundt om. Det gler vi oss på.

Ha ei riktig god førjul, alle samen.

Helsing Aslak Brimi, dagleg leiar i FolkOrg

 

 

FRIVILJUG PÅ LANDSKAPPLEIKEN OG LANDSFESTIVALEN 2026

24.-28. juni vert det Landskappleiken på Hovden. Dei gler seg til å ta i mot alle kappleiksgalde folk. For at arrangementet skal gå rundt blir det lagt ned mange dugnadstimar og til det trongs det mange friviljuge. Som frivillig får du vera med på en sosial og morosam dugnad, der du får høve til å oppleve Landskappleiken frå innsida. Ynskjer du å bli frivillig? Gå inn HER og registrer deg som frivillig! Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. eller ta kontakt med Liv Hilde Holm, ansvarleg for dei frivillige på epost: liv.hilde@landskappleiken.no.Velkomen til Hovden!

Til sommaren er det igjen klart for Landsfestival i gammaldansmusikk i Vågå, 29. juli til 2. august. Alle som er med som frivillig er ei viktig brikke for at arrangementet skal gå rundt. Det er behov for fleire frivillige, om du ynskjer å bidra ta kontakt med ansvarleg for dei frivillige Per Ove Røe, per.ove@landsfestivalen.no. Velkomen til Vågå!

Ingrid Lingaas Fossum _ Foto Sanne Løkke

FOLKELARM 2025

Årets Folkelarm vart både stor og vellukka. Det var mykje folk, mange flotte konsertar og framsyningar, og gode diskusjonar og seminar. Takk til alle som bidrog! Det var veldig stas at statssekretær Trude Storheim tok den offisielle opninga torsdag kveld, og at statsråd Lubna Jaffery var innom fredag ettermiddag. Folkelarmprisen var laurdag kveld, og heile 10 prisar vart delt ut. Ein særskilt stor gratulasjon til Årets Folkemusiker 2025, Ingrid Lingaas Fossum.

 

Silje Liahagen og statsråd Lubna Jaffery _ Foto: FolkOrg/Sanne Løkke

Her ser vi Silje Liahagen (leiar i fagutvalet foryrkesutøvarar) i dialog med statsråd Lubna Jaffery under ein middag i lavvoen på Folkelarm. Temaet for samtala var folkedans. Foto: FolkOrg/Sanne Løkke

NY UTLYSING REKRUTTERINGSMIDLAR DEXTRA MUSICA

FolkOrg lyser ut ny runde med rekrutteringsmidlar frå Dextra Musica. Eit av hovudmåla med denne stønadsordninga er å hjelpe i gang solide rekrutteringsprosjekt som fører til varige tilbod.

Har du eller laget ditt ein gryande idé om opplæring i song, dans eller spel for barn og unge, eller har de alt eit eksisterande prosjekt som de ynskjer å søkje tilskot til? Då kan de søkje rekrutteringsmidlar frå Dextra Musica innan 30. januar!

Utlysinga kan du lese her.

BRUK GNIST-APPEN - OG OPPDATER INFOEN DIN

Vi treng at du som medlem har oppdatert info om deg sjølv i medlemssystemet. Vi hadde ei kampanje i september der alle vaksenmedlemane i FolkOrg skulle få eit eksemplar av bladet Folkemusikk. Vi har fått veldig mange i retur! Så om du er vaksenmedlem og ikkje fått bladet…? Da har du ikkje oppdatert adresse i vårt system.

Vår sterkaste anbefaling er å laste ned Gnist-appen. Dersom du ikkje har gjort det før, men gjer det etter å ha leste dette, så kan du feire med å sette på folketonen frå Vuku, "På jorden fryd og glede", og stemme i i lag med Unni Boksasp og Cantus på albumet Fryd.

I GNIST-appen og på nettsida Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. www.gnist.styreweb.com ser du medlemsbeviset ditt, og du finn sjølvsagt medlemsnummeret ditt her. Det er også her du kan oppdatere epostadresse, postadresse osv.

VI I FOLKORG YNSKJER ALLE MEDLEMAR EI RIKTIG GOD JUL

Årets julekort frå FolkOrg er eit flott hattespark av Wilmer Sandum Svanborg, vinnar av halling klasse C på Landskappleiken i Eidfjord. Hattehaldar er Sigrid Svanborg, og spelemann er Øyvind Sandum. Foto: Runhild Heggem

Julekort 2025_Foto: FolkOrg/Runhild Heggem

Publisert: