Folkorg logo
Folkorg logo

Ressursside for laga i FolkOrg

Her er relevante ressurssider for laga i FolkOrg.

Her kan lag finne nyttige ressursar knytt til organisasjonsarbeid. Har de forslag eller innspel til andre relevante kjelder, set vi stor pris på om de gje oss beskjed.

Maler

Her er ulike maler som kan vere nyttig å ha for laga:

Tilskotsordningar

Sjølv om arbeid i lokallaga og områdelaga stort sett er friviljugt arbeid, trengs det ofte pengar til drift, innleiing av instruktørar, osv. Det er veldig mange tilskotsordningar. FolkOrg har nokre sjølv, så er det ordningar som de har moglegheit til å søke på fordi de er medlem hos oss, og så er det mange andre tilskotsordningar ellers. Oversikt over dei mange tilskotsordningane finn du her: Tilskotsordningar

Rettleiar søknad- og rapportskriving

Her finn du lenker til gode rettleiarar i søknad- og rapportskriving på nett, som kan bidra til å både forenkle og styrke det administrative arbeidet i laga.

Musikklokaler

Gode lokaler heilt naudsynt for å kunne drive med folkemusikk- og folkedansaktivitet. På nettsidene til Norsk musikkråd finn du standarder og artikler om lokaler til musikkformål: Gode lokaler til musikkformål Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

TONO

Alle som har offentleg framføring av musikk må forholde seg til TONO. Også vi som driv med folkemusikk. Står lokallaget som arrangør av ein open kulturkveld, konsert, dansekveld, e.liknanda, må de i dei aller fleste tilfelle forholde dykk til TONO. Dette har vi laga eigne ressurssider på. Alt om arbeid med rapportering knytt til TONO finn de her.

Leiar i laget

Hausten 2025 kom FolkOrg med ressursheftet "Leiar i Laget". Alle lokallag fekk tilsendt dette. Men alle medlemar i FolkOrg kan også få dette heilt gratis mot porto, eller hente ut der FolkOrg har stand i løpet av året - feks på Landskappleiken, Landsfestivalen i gammaldansmusikk, seminarhelg, landsmøtehelg, osv. Eller kom innom kontoret vårt i Møllergata 39.

Lokalkappleik

Det er mange av FolkOrg sine lokallag som arrangerer ulike kappleikar. Her er ei ressursside for dette: Lokalkappleik - tips og triks Åpnes i nytt vindu.

Verktøykasse for aktivitetar innan folkemusikk og folkedans

Er du i oppstarten av eit prosjekt og treng hjelp til å komme i gang, eller kanskje du treng innspel til korleis du skal legge opp danseøkta? Norsk senter for folkemusikk og folkedans har utvikla ei eiga verktøykasse for lag og prosjekt som vil skape aktivitetar innan folkemusikk og folkedans. Her er det samla informsasjon om litteratur, metoder, verktøy, og tips og triks for å komme i gang.

Les meir om verktøykassa her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Andre nyttige ressursar

Frivillighet Norge har gode nettressursar om korleis ein gjennomfører årsmøte, og nyttige verkty og maler som ein kan trenge i samband med årsmøte: Frivilliget Norge Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

I følgande økonomihåndbok for friviljuge organisasjonar er det veldig mykje informasjon - og mykje som er veldig bra. Men merk at ho er frå 2006, så noko regelverk kan vere endra sidan da: Økonomihandbok for frivilllige organisasjoner Åpnes i nytt vindu.

Canva er eit gratis designverkty på nett. Her kan ein lage informasjonsmateriell: Canva Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Rekrutteringsarbeid og god drift av lokallagets aktivitetar er særs viktige. I 2025 kom Kulturrettleiaren, som gjev deg mange gode tips og god vegleiing. Her finn du meir info om denne.

Flyer og infoark

Vi har flyers til utdeling dersom du og lokallaget treng det. Berre ta kontakt, så sender vi. Her er også eit infoark de kan distribuere digitalt dersom de treng det.

Infoark pdf, 508.2 kB, åpnes i nytt vindu.

Nedanfor ser du korleis infoarket ser ut.

Sist oppdatert