Folkorg logo
Folkorg logo

Oppdateringar i FolkOrg sitt tevlingsreglement hausten 2025

Her kan du lese om dei nyaste endringane i tevlingsreglementet. Endringane er vedtatt av styret i FolkOrg oktober 2025.

Å vere dommar på Landskappleiken og Landsfestivalen er ein stor jobb. Det innebere å bruke fagleg skjønn. I den samanheng er det svært viktig å ha eit så godt reglement som mogleg. Reglementet skal vera rettferdig, balansert og tydeleg. Det er viktig for FolkOrg å ha så gode og oppdaterte reglement som mogleg, slik at alle som deltek, og alle som dømer, har dei beste forutsetningar for å gjere sitt beste.

FolkOrg arrangerer dommarseminar annakvart år og det neste seminaret er helga 7.-8. mars 2026. I 2024 vart det utarbeidt ei forskrift – «Utfyllande notat om forståing og praktisering av tevlingsreglementet» - som skal vere litt meir utdjupande og forklarande der vi ser at tevlingsreglementet treng å ha litt rom for tolking. Styret i FolkOrg ynskjer at alle som vil og ynskje å lese det skal ha tilgang på det, difor leggjast forskrifta ut på våre heimesider.

LANDSKAPPLEIKEN

Følgjande endringar i tevlingsreglementet for Landskappleiken:

Endring i §10

Det vert ny klasseinndeling i klassa Eldre folkemusikkinstrument på Landskappleiken 2026.

Ny inndeling:

  • Langeleik og andre eldre strengeinstrument
  • Fløyte og andre eldre blåseinstrument
  • Munnharpe
  • Trommer og andre eldre slagverksinstrument

Kommentar: Etter årets Landskappleik kom det fleire innspel og forslag til endring av klasseinndelinga i denne klassa. Administrasjonen og styret hadde ei innspelsrunde på Riksscenen under festivalen «Klangen før fela» der ein orienterte om forslag til ny inndeling og om miljøet hadde innspel til endringa. Ein har også vore i kontakt med faglaga i FolkOrg om desse endringane.

Endring i §15

Siste kulepunkt i §15 i tevlingsreglementet handlar om tildeling av korleis klassar som skal ha finale og kongepokal. Kulepunktet blir flytt til dokumentet Utfyllande notat om forståing og praktisering av tevlingsreglementet, under punkt 15.

LANDSFESTIVALEN I GAMMALDANSMUSIKK

Følgjande endringar i tevlingsreglementet for Landsfestivalen i gammaldansmusikk:

Endring i §20

I lagdanstevlinga er det endra til at alle laga dansar to ulike dansar. I §20 under «Lagdans junior og senior» blir tredje kulepunkt slik:

  • Laga skal velje to av desse fire dansane: pols/masurka, reinlender, vals og polka.

Kommentar: Det er kome innspel frå miljøet om ynskje om å danse to dansar under lagdans på Landsfestivalen. Og ein ser at runddansane er korte.

Endring i §21

I §21 i tevlingsreglementet, kulepunkt fem har det stått følgande:

  • Grupper, lag og samspel spelar fire slåttar til dans i finalen, i tillegg til ein lydprøveslått på 30. sek.

Kulepunktet blir endra til følgande:

  • Grupper, lag og samspel spelar fire slåttar til dans i finalen.

Kommentar: Etter dialog med lydteknikarar er det ikkje alltid nødvendig med lydprøver, særleg ikkje i finalen, da dei som skal spele finale allereie har vore på scena og lydteknikarane veit korleis dei skal setta lyden. Dette vil føre til at finalane blir enda litt kortare, med omsyn til både deltakarar og dommararar og for å gjere plass til anna dansespel på arrangementet. Og ikkje minst for at tevlinga ikkje skal vere så prega av små stopp undervegs i dansespelet - slik at dansen kan g

Tillegg i Utfyllande notat om forståing og praktisering av tevlingsreglementet

Etter somamren kom det innspel om variasjon på repertoaret i finalespel, og spørsmål om det er "krav" om å spele ein av kvar type av runddans, altså reinlender, vals, masurka/pols og polka. Dette er per nå ikkje eit krav, men følgande tekst er lagt til i dokumentet under punkt 21:

Angåande repertoar i spel-finalane på Landsfestivalen i gammaldansmusikk:

  • I tevlingsreglementet står det ikkje spesifisert at ein utøvar som skal spele i finale på Landsfestivalen i gammaldansmusikk skal spele ein av kvar av dei fire ulike runddanstypane. Men det står at ein skal leggje vekt på å syne rikdom i slåttetilfang og bør spela slåttar i ulik taktart eller med ulik karakter. Ulik karakter kan til dømes vere ulike stille, oppbygging og uttrykk.
  • Gjeldande praksis er at utøvarane spelar ein av kvar av dei fire ulike runddanstypane. Dersom ein utøvar likevel vel å bruke to av same type, så skal desse ha tydeleg ulik karakter. Om det er ganske lik karakter på slåttar av same type så bør dette trekkast for.

Publisert: