Folkorg logo
Folkorg logo

Årsrapport

Ja

No er det tid for innlevering av årsrapport for 2025 for alle lokallag i FolkOrg. Årsrapporten gje grunnlag for pengestøtta FolkOrg fordeler vidare til laga og for driftsstøtta til organisasjonen. Frist for innlevering er 13. mars.

Slik leverer du årsrapport for laget ditt i StyreWeb

1. Logg inn

Logg inn i StyreWeb med brukeren din.

  1. Vel riktig årsrapport

På framsida ligg ein snarveg til levering av Årsrapport 2025. Du kan også finne årsrapporten via den blå menylinja: "Deling → Deling → Årsrapport 2025".

  1. Les generell informasjon

Den fyrste sida inneheld generell informasjon om årsrapporten.
Les gjennom denne, og deretter kan du trykke på faner for å sjå kva informasjon som manglar/skal fyllast ut.

  1. Sjekk organisasjonsinformasjon

Kontroller at opplysningane om lokallaget stemmer.
Viss noko må endrast, trykk på Endre organisasjonsinformasjon og oppdaterer informasjonen.

  1. Fyll ut skjema

Gå til Skjema.
Her fyller du inn opplysninger om medlemsaktiviteten laget hadde i 2025.

  1. Registrer tillitsvalgte

Gå til Tillitsvalgte.
Her skal du:

  • Registrere årsmøtet i 2025 (merk: det er datoen for årsmøtet i 2025 som skal førast opp, sjølv om årsmøte handlar om året før)
  • Legge inn tillitsvalgte i laget per 31.12.2025
  1. Kontroller medlemmer

Gå til Medlemmer.
Medlemmer som manglar fødselsdato eller adresse ligg øverst i lista.
Fyll inn riktig fødselsdato og adresse for desse.

  1. Sjekk og lever årsrapporten

Gå til Innlevering.
Her får du beskjed viss det mangler informasjon i årsrapporten.

Når alt er riktig utfylt, avslutter du ved å trykke på Send årsrapport. NB: Merk at det er kun styreleiar i laget som kan sende inn årsrapporten.

Årsrapport 2025

Slik ser framsida ut inne i portalen i StyreWeb. For å komme inn i årsrapporten, trykk på "Gå til årsrapport".

Leiaren i laget må levere årsrapporten

Det er leiaren i laget som må levere årsrapporten, men andre styremedlemmar kan gå inn og klargjere informasjonen i rapporten.

Vi oppmodar laga å starte på årsrapporten så raskt som mogeleg etter at den er opna, slik at de har tid til å hente inn informasjon om dykk skulle oppdage at noko manglar.

Praktiske tips til utfylling av årsrapport

  • Hugs at det er årsmøtedato i 2025 som skal registrerast i årsrapporten.
  • Alle medlemmer og styremedlemmar må være registrert med adresse og fødselsdato, elles vil det komme opp feilmelding.
  • Dobbeltsjekk at alle styremedlemmar er i listen før dykk leverer.
  • Det er ikkje naudsynt å leggje til vedlegg (som årsmelding eller protokoll) i årsrapporten.
  • Alle styremedlemmer må være registrert med riktig rolle (styreleiar, kasserer osv.). Når dette er registrert riktig i StyreWeb, kjem styret pr 31.12. det aktuelle året riktig fram i årsrapporten.
  • Frist for innlevering av årsrapport er 13. mars.

Områdelag og faglag

Enn så lenge er det kun lokallag som har moglegheit til å levere årsrapport i StyreWeb. Områdelag og faglag får tilsendt årsrapport som dei skal fylle ut, og sende inn per e-post.

Kvifor treng FolkOrg denne informasjonen?

Det er viktig for FolkOrg sentralt å få desse rapportane om medlemslaga. Denne informasjonen skapar grunnlag for pengestøtta som FolkOrg fordeler vidare til medlemslaga og for driftsstøtta til organisasjonen.

Momskompensasjon

Frå 2026 må alle lag som søkjer momskompensasjon ha levert årsrapport for foregående år.

Webinar med StyreWeb

FolkOrg skal arrangere digitalt webinar med StyreWeb for alle lokallag 11. februar kl. 18.00 og 25. februar kl.13.00. Her blir det gjennomgang av korleis lokallag kan sende inn årsrapport for 2025. I tillegg vil det bli gjennomgang av den nye menyen inn i portalen. Det blir også moglegheit for å stille andre spørsmål om StyreWeb. Ynskjer du å høyre meir om andre tema eller moduler i StyreWeb, skriv opp dette i påmeldingsskjema.

Her kan du melde deg på webinar om StyreWeb.

Har du spørsmål kring årsrapporten - ta kontakt med Live i FolkOrg: live@folkorg.no / 974 15 515.

Her kan du logge inn på StyreWeb Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Publisert: