Folkorg logo
Folkorg logo

Påmelding til kappleikar gjennom KappleikAdmin

FolkOrg nyttar påmeldingssystemet KappleiksAdmin for påmelding til både nasjonale og lokale kappleikar. 

Kappleikadmin
FolkOrg har utvikla og eig systemet KappleikAdmin. Dette er eit påmeldingssystem der både lokale arrangørar av kappleikar og arrangørar av Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk får inn påmeldingar til tevlingar. 

Deltakarar loggar seg inn for å melde seg på og betale for deltakingar på ulike kappleikar. Dei som melder seg på, betalar for påmelding(ar) med det same. Første gong ein nyttar dette systemet for påmelding, må ein registrere ny brukar. Det krevs gyldig medlemsnummer i FolkOrg for å registrere ny brukar.

Nettstaden heiter www.tevling.folkorg.no og er i sin heilskap eigd og drifta av FolkOrg. 

Meld deg på her: Påmelding til kappleikar Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Prisar
Prisane varierer frå dei ulike arrangementa, og kjem tydeleg fram ved påmelding til kvart enkelt arrangement.

www.tevling.folkorg.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. - du vert sendt til ei ekstern side, sidan dette ikkje er mogleg å implementere direkte på nettstaden www.folkorg.no. Du kjem til ei slik innloggingsside som biletet under syner. 

 

 

Fyrste gong du melder deg på via denne sida, må du opprette ny brukar. Medlemsnummeret ditt får du ved å sende "Folkorg" på sms til 1950.

Salsvilkår
Våre salsvilkår gjeld betaling av deltakaravgift gjennom nettstaden www.tevling.folkorg.no Åpnes i nytt vindu.

Her finn du salsvilkåra som pdf-fil pdf, 157.9 kB.

Partar
Seljar er FolkOrg v/ dagleg leiar Aslak Brimi. 
Møllergata 39, 0179 Oslo, post@folkorg.no, tlf: 22005622, org.nr: 959390940, og refererast vidare til som seljar/seljaren. 

Kjøpar er den forbrukaren som gjennomfører påmeldinga, og refererast vidare til som kjøpar/kjøparen.

Pris
Den oppgitte prisen for vara er den totale prisen kjøparen skal betale. Denne prisen inkluderer alle avgifter og tilleggskostnadar. Ytterligare kostnadar for kjøpet som seljar ikkje har informert om, skal kjøpar ikkje belastast for.

Betaling
Seljar kan krevje betaling for påmeldinga frå det tidspunktet påmeldinga er registrert i påmeldingssystemet.

Ved betaling med faktura, blir fakturaen til kjøparen seinast utskrive i løpet av det gjeldande kalenderåret. Betalingsfristen kjem fram i fakturaen og er på minimum 14 dagar frå mottak. Kjøparar under 18 år kan ikkje betale med etterfølgande faktura.

Levering
Levering er skjedd når kjøparen, eller representanten hans, har fått stadfesting på påmeldinga per e-post. 

Angrerett
Kjøparen kan angre kjøpet i hendhold til angrerettlova. 
Avmeldingar som kjem tre veker før arrangementsstart vil bli refundert i sin heilskap. 

Retur
Ikkje relevant. 

Reklamasjonshandtering
Ikkje relevant.

Personopplysingar
Behandlingsansvarleg for innsamla personopplysingar er seljar. Med mindre kjøparen samtykke til noko anna, kan seljare, i tråd med personopplysningslova, berre innhente og lagre dei personopplysningane som er naudsynte for at seljaren skal kunne gjennomføre forpliktingane etter avtalte. 

Konfliktløysing
Klager rettast til seljar innan rimeleg tid. Partane skal prøve å løyse eventuelle tvistar på minneleg vis. Dersom dette ikkje lykkast, kan kjøparen ta kontakt med Forbrukartilsynet for mekling. Forbrukartilsynet er tilgjengeleg på telefon 23 400 600 eller www.forbrukertilsynet.no Lenke til et annet nettsted..

Publisert: