Innmelding for folkemusikarrangørar

Arrangørar av konsertar med folkemusikk og dansefestar, og folkemusikkfestivalar kan melde seg inn i FolkOrg.
Eit formalisert medlemskap gjer det enklare å halde oversikt over medlem og kontaktpersonar. Både i avtaleforhandlingar og politisk arbeid er det nyttig å vise til eit formelt medlemskap, og dess fleire arrangørar som er medlem hjå oss, dess sterkare stiller vi i desse forhandlingane.
FolkOrg er medlem av Arrangørforum, eit nettverk beståande av ulike musikkorganisasjonar som har arrangørar som medlem, herunder: Norske Konsertarrangører, Norsk jazzforum, Klassisk, Norske festivaler, Norsk blues Union, Norsk viseforum, Norsk Kulturhusnettverk og nyMusikk. Gjennom dette nettverket gjer vi mykje politisk arbeid både for arrangørfeltet som heilskap og for folkemusikkfeltet.
I vedtektene står det nå i §3 at "Alle lag og arrangørar som arbeider i samsvar med føremålsparagrafen, kan takast opp som medlemmer i organisasjonen." I §6 står det at på landsmøtet har følgande stemmerett: "D) Ein utsending frå kvart arrangørmedlem".
Medlemsfordelar
- Arrangørar som er medlem i FolkOrg vert dekt av Norsk Musikkråd si TONO-avtale Lenke til et annet nettsted.
(gjeld for heilårsarrangørar)
*For å vera dekt av denne avtala må du vera innmeldt som medlem innan 30. juni eller 31. desember. - Folkemusikkarrangørar kan søkje om mellom anna Momskompensasjon Lenke til et annet nettsted. og FriFond Lenke til et annet nettsted.-midlar gjennom medlemskapet sitt i FolkOrg.
* For å kunne søkje om momskompensasjon må ein ha vera registrert som medlem innan 31.12 året før ein søkjer og i tillegg vera registrert som medlem i Frivillighetsregisteret. - Forsikring gjennom FolkOrg til arrangement
- Gratis delegatpass til Folkelarm (eitt pass per arrangør)
- Deltaking på FolkOrg sitt Landsmøte
- Avtaleforhandlingar og politisk arbeid gjennom FolkOrg
- Rådgjeving
Medlemskontingent
Arrangørmedlemar betalar 1% av omsetninga som medlemskontingent. Minsteprisen er 800 kr – og maks.prisen 3000 kr.
Meld deg inn no gjennom søknadsskjemaet nedst på sida.
Publisert:

