Folkorg logo
Folkorg logo

Tevlingsreglemet for Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk

Tevlingsreglement LK og LF illustrasjonsbilde

Her finn du gjeldande tevlingsreglemet for Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk. 

Det er styret i FolkOrg som vedtek tevlingsreglementet for arrangementa Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk. 

Styret reviderte tevlingsreglementet på styremøtet 30. oktober 2025.

Her kan du lese heile tevlingsreglemtentet (pdf-fil) pdf, 2 MB.

Her kan du lese om endringar vedteke hausten 2025

Her kan du lese om endringar vedteke i 2024

Her kan du lese om endringar vedteke i 2023

Her kan du sjå gjeldande dommarskjema

 

Utfyllande notat om tevlingsreglementet

I 2024 vart dokumentet Utfyllande notat om forståing og praktisering av tevlingsreglementet i FolkOrg lansert. Dette er eit dokument som skal vere til hjelp for dommarane i å tolke og bruke tevlingsreglementet. I innleiinga av dokumentet står følgande:

Det har vorte vedteke at det skal lagast eit notat som viser grunnarbeidet for tevlingsreglementet. Notatet vil syne kva for vurderingar som har vore gjort og vere ei forklaring på arbeidet som ligg bak tevlingsreglementet. I dette notatet skal ein også vise til praktiske døme der tevlingsreglementet kan brukast.

Notatet kan også gje rom for drøftingar, refleksjonar og grunngjevingar som det naturlegvis ikkje er plass til i tevlingsreglementet. Tanken er at dokumentet skal vere noko meir dynamisk og lettare å endre enn sjølve tevlingsreglementet.

Dette dokumentet er utarbeidd med særskild tanke på tevlingar i regi av FolkOrg; Landskappleiken (LK) og Landsfestivalen i gammaldansmusikk (LF).

Dokumentet skal vere til hjelp for dommarar både før og under tevlingar. Tanken er at dei kan bruke det som ei nyttig kjelde og rettleiing i tolking og bruken av tevlingsreglementet. Dokumentet er også tiltenkt deltakarar og publikum som ynskjer å få meir kunnskap om tevlingsreglementet og arbeidet med dømming.

Dokumentet er bygd opp slik at ein går kronologisk gjennom tevlingsreglementet slik det føreligg per dags dato, og tek for seg dei punkta i tevlingsreglementet ein ser kan trenge utdjuping eller utheving av eitt eller anna slag.

Etter kvar gjennomføring av Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk kan dommarane kome med attendemeldingar. Dette blir grunnlag for årlege revisjonar og oppdateringar av dette dokumentet.

Dokumentet kan du lese her. pdf, 2.4 MB.

Publisert: