Momskompensasjon 2024 - fordeling
.png)
17. desember 2024 kom fordelinga av momskompensasjonen frå Lotteri- og stiftelsestilsynet for 2023. Kr. 1 886 189,- vert fordelt på områdelag, lokallag, arrangørmedlemmar og aksjeselskap. Sentralleddet får kr. 1 001 471,-.
Lokallag, områdelag, arrangørmedlemmar og aksjeselskap søkte i august 2024 om momskompensasjon med grunnlag i årsrekneskapen 2023 gjennom FolkOrg.
17. desember 2024 kom fordelinga av momskompensasjon fra Lotteri- og stiftelsestilsynet. FolkOrg sine områdelag, lokallag, arrangørmedlemmar og eitt aksjeselskap fekk til saman kr. 1 866 189,-, fordelt på 67 lag og selskap. FolkOrg, som sentralledd, fekk kr. 1 001 471,-.
Frist for å søkje momskompensasjon er i august kvart år. Neste søknadsfrist for momskompensasjon er 1. august 2025.
VIKTIG!
Vi ser at det framleis er lag som ikkje er registrert i Frivilligregisteret. Vi gjer merksam på at det i ny forskrift av 2019 er eit krav om at alle mottakarar, også underledd og aksjeselskap, skal vere registrert i Frivillighetsregisteret. Lenke til et annet nettsted.
Foto: FolkOrg/Isa Holmgren
Publisert:
