Folkorg logo
Folkorg logo

Fordeling av Aktivitetstilskot 2024

Fordelinga av Aktivitetstilskot 2024 er no klar. Det var sett av kr. 200 000,- til ordninga og 32 prosjekt har fått innvilga tilskot!

Aktivitetstilskotet frå FolkOrg er ei samanslåing av dei tidligare ordningane Aktivitetstilskot, Rekrutteringssøtte og Danseaktivitet. Aktivitetstilskot frå FolkOrg vart oppretta i 2021 og har som føremål å bidra til lokale arrangement og lokal aktivitet i heile folkemusikk- og folkedansmiljøet.

I søknadsrunden 2024 kom det totalt inn 43 søknadar, med ein samla søknadssum på kr. 621 500,- og 32 av desse fekk innvilga søknaden.

Det har aldri før komme inn så mange søknader til denne tilskotsordninga. Det er særs gledeleg, og vitnar om god folkemusikk- og folkedansaktivitet rundt omkring i landet. Vi ser fram til mange flotte aktivitetar i 2024!

HER KAN DU SJÅ KVEN SOM FEKK TILDELT STØNAD (pdf) pdf, 13.1 kB.


Publisert: