Folkorg logo
Folkorg logo

Spenstig sommarjobb

Spenstig sommarjobb

Folkemusikktrioen Felefylgje spelar heile 20 konsertar i Hardanger og på Voss i juli.

Folkemusikktrioen Felefylgje spelar heile 20 konsertar i Hardanger og på Voss i juli.

Marta Lindvik frå Hallanger, Åshild S. Ljones frå Ulvik og Amalie Kinsarvik Tvilde frå Kinsarvik har ein sommarjobb noko utanom det vanlege. Felefylgje Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. spelar heile 20 konsertar i juli. Kvar tysdag spelar dei to konsertar på Hardanger Folkemuseum Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. på Utne, og skal også innom Agatunet Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., Gløyp Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. i Kinsarvik, Hallanger og ulike museumsavdelingar i Kvam og på Voss. Trioen er sett saman av hardingfela.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., eit folkemusikkprosjekt som er eigd av Hardanger og Voss Museum Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. og Ole Bull Akademiet. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Folkemusikken i reiselivet

Direktør ved Hardanger og Voss Museum Randi Bårtvedt og fleire med ho har eit sterkt ynskje om å formidla meir folkemusikk og folkedans på dei ulike museumsavdelingane og ellers i regionen, fortel prosjektkoordinator Rannveig Djønne. – Me starta litt i fjor sommar og fekk med oss tre flotte utøvarar og gode ambassadørar for sjangeren. Heldigvis så ville dei vera med oss i år også, og turnéplana har definitivt vorte lengre. Interessa og publikumsmengda vert større og større, og tilbakemeldingane er særs gode. Men me ser at me kan nå endå breiare ut, og ynskjer å invitera til samarbeid med reiselivet og næringslivet i regionen vidare framover. Særs mange både tilreisande og lokale ynskjer kunnskap om kulturarva vår, og då er jo folkedansen og folkemusikken ein naturleg del av kva me kan tilby.

> Følg Felefylgje på facebook her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

> Les meir om prosjektet hardingfela.no her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Spenstig sommarjobb

Foto: Ingerid Jordal

Spenstig sommarjobb

Amalie Kinsarvik Tvilde vart Noregsmeistar i durspel junior under Landskappleiken 2017 på Røros. Foto: Thor Hauknes

Spenstig sommarjobb

Foto: Ingerid Jordal

Felefylgje med Noregsmeister

At det er gode utøvarar som er med i Felefylgje synte mellom anna Landskappleiken Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. på Røros forrige helg. Toradarspelaren Amalie Kinsarvik Tvilde fekk eit par dagar fri frå turneringa, køyrde til Røros, vart Noregsmeister i durspel junior og køyrde heim att for å spela endå fleire konsertar. – Amalie er eit unikt talent som er ein av fleire unge vestlendingar som verkeleg satsar på toradaren, seier Rannveig Djønne. I ein alder av 16 år så flytta ho frå Kinsarvik til Vinstra for å gå på vidaregåande folkemusikklinje der. Då er du verkeleg dedikert. Det gjer det ekstra kjekt å jobba med Felefylgje når ein ser at ein kan bidra litt i høve musikalsk utvikling. Sommarjobben i Felefylgje er verkeleg mengdetrening i både speling og formidling.

Spanande samarbeid med Haugesenteret

Felefylgje har vorte utfordra av Haugesenteret i Ulvik til å laga ein heilt ny konsert til 18. august i anledning at det er 109 år sidan at Olav H. Hauge vart født. Dei skal få prøva seg som komponistar med utgangspunkt i Haugetekstar og ellers nytta tradisjonelt materiale med eigne vriar. Konserten vert i Heradsstyresalen i Ulvik som tek kun kring 70 personar så er er det lurt å vera tidleg ute med billettbestillinga.

Publisert: