I Skjåk vert det 920 deltakingar fordelt på 181 startnummer i løpet av festivaldagane.

Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Oppdal hadde ein liten nedgang i deltakartal og startnummer samanlikna med dei to åra før, men i Skjåk er deltakartalet tilbake på det nivået det var i Gaupne 2016. Det er god deltaking i durspel senior, pardans senior og gruppespel. Ekstra gledeleg er det at det i år vert finalespel i durspel junior og fele/hardingfele jr.

Tevlingsreglement

Tevlingsreglementet for Landskappleiken og Landsfestivalen vart revidert av styret i FolkOrg 12. januar 2018. Desse endringane vart gjort for Landsfestivalen i gammaldansmusikk:

  • Ein kan delta fleire gonger med same instrument i alle samspelklassane
  • Det skal vere fast seks finalistar i lagspel fele/hardingfele og gruppespel
  • I dei andre klassane blir tal finalistar bestemt ut frå tal startnummer, slik som tidlegare
  • Alle finalistane i pardans blir rangert, medan dei resterande deltakarane blir sette opp i alfabetisk rekkefølgje
  • Ein kan delta fleire gonger i lagdans
  • Open klasse blir tatt vekk frå Landsfestivalen
  • Det blir oppretta ei ny klasse for duoar og trioar: Samspel sr. Finalereglane som gjeld for alle klassane, utanom gruppespel og lagspel fele/hardingfele, gjeld også for samspel sr.
  • Gruppespel skal ha minimum fire deltakarar per startnummer. Det er ingen endringar i vedtektene elles med tanke på instrumentsamansetning

> Resten av tevlingsreglementet finn du her

> Tevlingsplanen er oppdatert ut frå deltakingstala, og oppdatert plan ser du her.